PDK

Kjell Inge Røkke reddar norske arbeidsplassar

Dekristne.no:

Kjell Inge Røkke sitt grep om å flytte til utlandet, er med på å sikre norske arbeidsplassar. Han tek det ansvar som ligg til ein kvar bedriftseigar, å søke selskapets beste.

Kjell Inge Røkke reddar norske arbeidsplassar ved å flytte.

Ingen politikar i Norge bør være overraska over at Kjell Inge Røkke melder flytting til utlandet. Dette handlar fyrst og fremst om norsk skattlegging av bedriftseigarar, og bedrifta si evne til å overleve i eit marknad.

I praksis handlar dette om kor lite konkurransedyktig Norge no er blitt, samanlikna med andre land. Dette er eit politisk ansvar. I følgje Finansavisen må Røkke ta ut omtrent 600 millionar i utbytte frå Aker, for å dekke formuesskatten på aksjeposten han har. Dette er pengar som går ut av selskapet, inn på Røkkes konto, for nesten automatisk å bli sendt vidare til Staten.

For Aker sin del må dei likebehandle alle sine aksjonærar, så i praksis må Aker betale ut 1 milliard norske kroner i utbytte til alle. Dette må dei gjere om dei har overskot eller ikkje i selskapet. Det svært spesielle med dette, er at dette skattekravet berre gjelder bedriftseigarar som er busett i landet. Bur du i utlandet, så slepp du krav om slik skatt.

Dette er bestemt politisk.

Det er ingen andre land i verden så har så høg skatt på bedriftseigarskap som Noreg. Finland tok denne heilt vekk i 2006, og Sverige følgde etter i 2007. Tidlegare hadde både Tyskland og Danmark tatt denne vekk i 1997. Ingen av våre naboland har slik skatt på bedriftseigarskap. Dei siste åra har både formuesskatt og utbytteskatt auka, samt grunnlaget for å berekne desse. Samstundes har politiske vedtak gjort at prisane på drivstoff og straum auka kraftig.

Kor stor kostnadsauke trur våre politikarar at næringslivet kan handtere?

Kjell Inge Røkke sitt grep om å flytte til utlandet, er med på å sikre norske arbeidsplassar. Han tek det ansvar som ligg til ein kvar bedriftseigar, å søke selskapets beste. Som dei fleste veit, er det ulovleg å drive ulønnsamt i vårt land. Då kjem Staten og slår selskapet konkurs. Etter Partiet de Kristne sitt syn, utviser Røkke solidaritet på sitt aller beste. Han har slik personleg «Friheit», og gir «Tryggheit» til sine tilsette.

 

Erlend Krumsvik Næringspolitisk talsmann

Partiet de Kristne «Friheit og Tryggheit til alle»

The post Kjell Inge Røkke reddar norske arbeidsplassar appeared first on Partiet De Kristne.

Les artikkelen direkte på Dekristne.no