Høgre og Ap er medansvarlege for det vi nå opplever av skyhøg prisgalopp
Dekristne.no:
Strømrekninga tar no i snitt 5 % av familiens disponible inntekt, mot normalt 1 %. Matprisane har stege 10 til 15 %, auken kjem hovedsakleg fra importert mat og auka drivstoff og straumpris. Skriver Ole G Steen PDK
HØGE ENERGIPRISAR?
Høgre var ein av hovedarkitektene bak både ACER vedtaket og dei 2 monsterkablane som har øydelagt strømsikkerheita vår. Eit stort fleirtal på stortinget bidro til at energipakke 3 fra EU vart vedtatt. No ser vi Nikolai Astrup, energipolitisk talsmann i Høgre hevde, at vi må forte oss å få vedtatt EUs 4. energipakke. Altså mer av den medisinen som har ført oss dit vi er i dag. Dei fleste oppegåande vil skjønne at det blir galt.
Strømrekninga tar no i snitt 5 % av familiens disponible inntekt, mot normalt 1 %. Matprisane har stege 10 til 15 %, auken kjem hovedsakleg fra importert mat og auka drivstoff og straumpris.
Auke i gass-, drivstoff- og straumpris. Er det framleis nokon som trur at dette vil forsvinne sjølv om Norges Bank set opp renta Sjølv om renta blei sett til 50 % så ville det ikkje rikke på straumprisen. Vi har lang erfaring med å gjere som EU seier.
Kan vi stole på at Høgre seier sanninga og vil vårt beste? Neppe. Dei ville ha oss inn i EU og det vil dei framleis. Det same målet har nok Støre og store deler av eliten i Ap. Når storsamfunnet forer oss med eit bilde som du og veit er langt frå sanninga og som gir oss eit samfunn med priseksplosjon, BØR vi kanskje vurdere å vakne.
Kva gjer vi så?
Vi kan i alle fall ikkje stemme på dei som fører denne gale politikken og gjer livet verre for Ola og Kari. Det er sjølvsagt ingen politikarar som innrømmer feil i denne straumkrisa som er i ferd med å rive landet i filler. Dei fleste politikarar på tinget skuldar på Putin. Det er nesten komisk – fordi Putin har ikkje stengt eit einaste atomkraftverk eller kolkraftverk i Tyskland og Europa slik at dei no manglar straum. Vidare så dikterte ikkje Putin at Norge skulle inn i ACER -avtalen. Putin var heller aldri med å bestemme at Norge skulle legge desse store straumkablane til Tyskland og England. For eigen del er eg sterkt imot alt det Putin gjer mot Ukraina og Europa. Likevel må norske- og EU politikarar sjølve ta ansvar for dei feil dei har gjort og som har ført til straumkrisa.
Stortingsfleirtalet og særleg «styringspartia» Høgre og Ap er medansvarlege for det vi nå opplever av skyhøg prisgalopp. Derfor vil eg på vegne av PDK advare mot Høgre / Ap og mot fleire av stortingspartia som no styrer. Kva som er bra med at vi no får bedrifter som går over ende, at folk risikerer å måtte gå fra sine heimar, at vi no får høgare arbeidsløyse. Ja, det er det nok ingen tvil om.
Det største tankekorset er nok heller at dei partia som har brakt oss inn i dette uføret er dei partia som meiner dei skal komme opp med løysinga.
Spørsmålet blir jo om du trur på det og om du vil ta konsekvensen om eitt år ved valet i 23 og deretter i 2025? Du får dei politikarane du vel inn!
The post Høgre og Ap er medansvarlege for det vi nå opplever av skyhøg prisgalopp appeared first on Partiet De Kristne.