BØNDENE SIN PROTEST I NEDERLAND

Dekristne.no:

Bondeprotestane i Nederland er noko langt meir enn det kan sjå ut til ved første augekast. Dette er protestar retta mot konsekvensen av Agenda 2030 og mot det grønne skiftet. Skriver Ole G. Steen – Sentralstyre medlem PDK

BØNDENE SIN PROTEST I NEDERLAND

Bøndene i Nederland har no protestert kraftig mot regjeringa sin plan om å halvere nitrogen- og ammoniakkforureininga innan 2030. Dette vil truleg bety utslippsreduksjonar opp mot 95 % og som vil medføre reduksjon av talet husdyr med rundt 30 % og som vil bety at mange bønder vil måtte legge ned sin verksemd. 

Protestane har sjølvsagt vore kraftige og bøndene har tatt til gatene og gjennomført ulike aksjonar. Ved eitt høve skaut nederlandsk politi med skarpt mot ein demonstrant. Det vi no ser foregå i eit elles roleg Nederland, er sjokkerande.

Vi er no vitne til starten på ein kamp som må finne stad mellom dei som vil innføre Agenda 2030 og du og eg som frie og sjølvstendige enkeltindivid. Denne kampen gjeld nok ikkje berre bøndene i Nederland men blir kjempa og for deg og meg. I neste runde er det levebrødet ditt som står i fare for å måtte fjernast i det godes teneste for å oppnå målsettinga til Agenda 2030 og Erna Solberg med støtte frå dei fleste stortingspartia.

Dei gule vestane i Frankrike for ei tid tilbake, var folklege reaksjonar på styresmaktene sin intensjon om å auke avgiftene på CO2 og er dermed ein del av det same bildet. Folk forstår kanskje ikkje at dette er ein del av eitt større bilde, men forstår at det rammer lommeboka urimeleg hardt. Det er eit angrep på livet og levebrødet til den vanlege borgar enten du er Sp veljar eller Ap veljar. Til slutt vil dei og forstå kva veg dette ber.

Denne kampen gjeld over alt og Canada har forplikta seg til programmet.

Du minnest heilt sikkert lastebilsjåførane som protesterte mot nye, høge avgifter. Regjeringa iverksatte då sterke tiltak, m.a. vart mange sperra inne i husa sine.

No vurderer Danmark, Belgia og Tyskland tilsvarande nitrogenreduserande tiltak og Storbritannia og USA har allereie innført program som betalar bøndene for ikkje å drive jordbruk. Dette i ein situasjon der vi manglar gjødsel på grunn av sanksjonar mot Russland og Kviterussland. Viss matvareprisane er høge no så vil dei utan tvil måtte bli høgare med den politikken vi fører for øyeblikket. Dette vil jo nødvendigvis medføre at vi skaper fattigdom der det tidlegare ikkje var fattigdom.

Viss du var i tvil så bør du no ikkje lenger lure på kva våre politiske leiarar held på med. Verdsøkonomien blir med noverande politikk kræsja og du og eg må betale prisen og den blir svært høg. Er det ille no så er dette bare starten.

Uansett må vi no vere klare på at dette er alvor og at du har eit ansvar. Du blir fortalt mykje rart. Stadig fleire er i ferd med å vakne og forstå.

The post BØNDENE SIN PROTEST I NEDERLAND appeared first on Partiet De Kristne.

Les artikkelen direkte på Dekristne.no

You may also like...