EUs sanksjoner mot Russland: En effektiv måte å likvidere sin egen økonomi.

Derimot.no

Len deg tilbake og sjå på at Europa tar sjølvmord

Viss USA sitt mål er å knuse Russland sin økonomi, korfor er det då Europa sin økonomi som er i fritt fall?

AV PEPE ESCOBAR

Det makelause synet av eit EU som gjer harakiri (Et spesielt japansk selvmord, red.) i sakte film fortener ein plass i historiebøkene. Likt ei billig Kurosawa-gjeninnspeling, handlar filmen om korleis Løgnimperiet detonerte rivinga av EU, fullendt med ei følgande omdirigering av visse viktige russiske eksportvarer til USA til skade for europearane.

Det hjelper godt å ha ei femte kolonne-skodespelarinne strategisk plassert, i dette tilfellet den slåande inkompetente Ursula von der Leyen, med ei flunkande ny, høgrøysta kunngjering om ein ekstra sanksjonspakke: russiske skip blir nekta tilgang til EU sine hamner; transportselskap frå Russland og Kviterussland blir nekta å køyre på EU sine vegar; stopp i kolimporten (over 4,4 milliardar euro per år).

I praksis betyr det at Løgnimperiet ristar i stykker sin rikaste – vestlege – klient/marionett. Russland er sjølvsagt for sterke militært. Imperiet treng sårt nokre av nøkkeleksportvarene landet kan tilby – særleg mineral. ’Oppdrag utført’ går i denne saka ut på å dytte EU mot å innføre stadig fleire sanksjonar og med vilje kollapse sine nasjonale økonomiar, og la USA skyfle det heile opp.

Stikkord for dei komande katastrofale økonomiske konsekvensane som europearane vil få kjenne (men ikkje dei rikaste 5%): inflasjon som et opp løn og sparepengar; neste vinters straumrekningar vil slå hardt og brutalt; varer forsvinn frå butikkane; nesten stillstand i ferie-bookinga; Le Petit Roi Macron i Frankrike – som kanskje vil få seg ei stygg overrasking ved valet – kunngjer at «matkupongar, som under Andre verdskrig, er mogleg».

Vi har Tyskland som igjen står overfor hyperinflasjonsspøkelset frå Weimar-tida; BlackRock-president Rob Kapito, i Texas, som seier: «for første gong vil denne generasjonen gå inn i ein butikk og ikkje kunne kjøpe det dei vil»; bønder i Afrika som ikkje har råd til å gjødsle i år, noko som vil redusere landbruksproduksjonen med ei mengd som tilsvarer mat for 100 millionar menneske.

Donate to the East Africa Hunger Crisis | World Vision

Zoltan Poszar, tidlegare guru frå sentralbanken i New York og USAs Skattedepartement, no storvesir for Credit Suisse, har farta rundt og snakka om korleis varereservane – og her stiller Russland i særklasse – vil spele ei heilt sentral rolle i det han kallar Bretton Woods III (men det som no blir forma av Russland, Kina, Iran og Den eurasiatiske økonomiske unionen, er faktisk ein post-Bretton Woods).

Poszar seier at krigar, historisk sett, blir vunne av dei som har meir av mat- og energiforsyning, før til å drifte hestar og soldatar, no til å mate soldatar og tanke opp stridsvogner og jagarfly.

Kina har for øvrig samla opp svære lager av nesten alt.

Poszar seier at Bretton Woods II-systemet vi no har, verkar deflaterande (globalisering, open handel, just-in-time-prinsippet for forsyningskjedane), medan Bretton Woods III vil verke inflaterande (de-globalisering, autarki, hamstring av råvarer) på forsyningskjedane og føre til ekstra militærutgifter for å kunne forsvare det som blir att av sjøtransportert handel. Implikasjonane er sjølvsagt overveldande. Implisitt, illevarslande nok, er at denne tilstanden også kan føre til Tredje verdskrig.

Rubelgass eller amerikansk LNG?

Valdai Club har ført ein viktig ekspert-debatt om det vi ved The Cradle har definert som Rubel-gass – den geoøkonomiske faktoren som verkeleg endrar spelet i sentrum for post-petrodollar-æraen. Alexander Losev, medlem av det russiske Rådet for utanriks- og forsvarspolitikk, har gitt oss konturane av Det store bildet. Men det var opp til Alexey Gromov, energidirektør for Institutt for energi og finans, å legge fram dei praktiske detaljane.

Alexey Gromov - Wikipedia
Alexey Gromov

Russland har så langt seld gass til Europa i storleiksordenen 155 milliardar kubikkmeter per år. EU har sagt dei skal kvitte seg med den innan 2027, og redusere forsyningane innan slutten av 2022 med 100 milliardar kubikkmeter. Gromov spurde «korleis», og bemerka at «ekspertane har ikkje svar. Det meste av Russlands gass blir frakta i røyrleidningar. Dette kan ikkje berre erstattast med LNG (flytande gass).»

Det lattervekkande europeiske svaret har vore «start sparinga», som i «førebu dykk på forverringar. Senk temperaturen heime». Gromov fortel at i Russland «22 til 25 grader om vinteren er norma. Europa promoterer 16 grader som ’sunt’, og å ha på seg genser om natta.» EU vil ikkje greie å skaffe seg gassen dei treng frå Noreg eller Algerie (som prioriterer det nasjonale konsumet). Aserbajdsjan ville i beste fall kunne tilby 10 milliardar kubikkmeter i året, men «det vil ta 2 eller 3 år».

Gromov poengterer at «det er ikkje noko overskott i marknaden i dag for US-amerikansk og qatarsk LNG.» Og at prisane for asiatiske kundar alltid er høgare. Resultatet blir at «ved slutten av 2022 vil ikkje Europa ha greidd å betydeleg redusere» det dei kjøper frå Russland: «dei kan kanskje kutte ned med 50 milliardar kubikkmeter, maksimalt.» Og prisane på spot-marknaden vil bli høgare – minst 1300 dollar kubikkmeteren.

Ei viktig utvikling er det at «Russland har allereie endra dei logistiske forsyningslinjene til Asia.» Det gjeld også for olje og gass:

«Ein kan innføre sanksjonar dersom det er overskott i marknaden. No manglar det minst 1,5 million fat olje om dagen. Vi vil sende forsyningane våre til Asia – til redusert pris.» Slik stoda er, betaler Asia allereie ein premie på mellom 3 og 5 dollar meir per fat olje.

Med omsyn til oljefrakt, kommenterer Gromov også nøkkelspørsmålet om forsikring: Forsikringspremiane er høgare. Før Ukraina var alt basert på FOB-systemet. No seier kjøparane at ’vi vil ikkje ta risikoen med å ta inn cargoen dykkar i våre hamner’. Så dei brukar CIF-systemet, der seljaren må forsikre og transportere skipslasta. Det verkar sjølvsagt inn på fortenesta.»

Pipeline

Eit absolutt hovudspørsmål for Russland er korleis dei skal utføre overgangen til Kina som hovudkunde for gassen. Alt handlar om Sibirkraft 2 (Power of Siberia 2)– som vil nå full kapasitet først i 2024. Og først må koplinga gjennom Mongolia byggast – «vi treng 3 år til å bygge denne røyrleidninga» – så alt vil vere på plass først rundt 2025.

Gjennom Yamal-røyrleidninga «går det meste av gassen til Asia. Dersom europearane sluttar å kjøpe, kan vi omdirigere.» Og så har vi Arktisk LNG 2 (Arctic LNG 2 for flytande gass) – som er større enn Yamal: «Første fase bør vere ferdig snart, den er 80% klar.» Eit ekstra problem kan oppstå med «dei Russlandsfiendtlege» i Asia: Japan og Sør-Korea. LNG-infrastruktur produsert i Russland er framleis avhengig av utlandsk teknologi.

Det er det som får Gromov til å tilføye at «modellen ’mobiliseringsbasert økonomi’ er ikkje så god.» Men det er det Russland må forhalde seg til, i det minste på kort eller middels sikt. Det positive er at det nye paradigmet vil tillate «meir samarbeid innan BRICS» [Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika, mrk.]; ekspansjon av Den internasjonale nord-sør transportkorridoren (INSTC); og meir interaksjon og integrasjon med «Pakistan, India, Afghanistan og Iran».

Berre mellom Iran og Russland er bytehandel i Det kaspiske hav allereie i gang, sidan Iran produserer meir enn dei treng, og skal auke samarbeidet med Russland innanfor rammene til det styrka strategiske partnarskapet.

Hypersonisk geoøkonomi

Fu Chengyu | World Economic Forum
Fu Chengyu

Det var opp til den kinesiske energieksperten Fu Chengyu å tilby ei presis forklaring på korfor EU sitt motiv for å erstatte russisk gass med amerikansk LNG er, vel, ein røyrleidningsdraum. Tilbodet frå USA er i grunnen «altfor avgrensa og altfor dyrt».

Fu Chengyu viser korleis ein langvarig, komplisert prosess er avhengig av fire kontraktar: mellom gassprodusenten og LNG-selskapet; mellom LNG-selskapet og kjøpar-selskapet; mellom LNG-kjøparen og cargo-selskapet (som bygger tankskip); og mellom kjøparen og endebrukaren.

«Kvar kontrakt,» påpeikar han, «tar lang tid å fullføre. Utan desse signerte kontraktane vil ingen part investere – enten det gjeld investeringar i infrastruktur eller i gassfeltutvikling.» Så ei levering av amerikansk LNG til Europa avheng av at alle desse samanknytte ressursane er tilgjengelege – og fungerer perfekt.

Dommen til Fu Chengyu er krass: det at EU er så besette på å skrote russisk gass, vil framprovosere «ein innverknad på global økonomisk vekst og resesjon. Dei legg press på sitt eige folk – og verda. I energisektoren vil vi alle ta skade av det.»

Det var ganske opplysande å samanstille den komande geoøkonomiske turbulensen – EU sin mani for å omgå russisk gass og starten på Rubelgass – med dei verkelege årsakene bak Operasjon Z i Ukraina, fullstendig mørklagt av vestlege medie-psyops.

Så eg leverte nokre spørsmål til ein gamal, no pensjonert, proff innan USAs djupstat, svært kunnig i dei interne arbeidsmåtane til alt frå det gamle OSS, CIA sin forgjengar, til det neokonservative sløvsinnet.

SOS for hypersonic help as US lags China, Russia - Asia Times
USA prøver å skaffe seg hypersoniske missiler. Russland har dem allerede.

Svara hans var ganske så edrueleggjerande. Han starta med å påpeike at «heile Ukraina-saka handlar om hypersoniske missil som kan nå Moskva på under fire minutt. USA vil ha dei der, i Polen, Romania, dei baltiske statane, Sverige, Finland. Dette er eit direkte brot på overeinskomstane i 1991 om at NATO ikkje skulle ekspandere i aust-Europa. USA har ikkje hypersoniske missil no, men kan få det innan eit år eller to. Det er ein eksistensiell trussel mot Russland. Så dei måtte gå inn i Ukraina for å stoppe det. Neste blir Polen og Romania, der missiloppskytingsutstyr har blitt bygd i Romania, og er under bygging i Polen.»

Frå eit heilt anna geopolitisk perspektiv, er det interessant at analysen hans passar saman med Zoltan Poszar sin geoøkonomi: «USA og NATO er totalt krigerske. Dette presenterer ein reell trussel for Russland. Idéen om at atomkrig er heilt utenkeleg, er ein myte. Om ein ser på eldbombinga av Tokyo i forhold til Hiroshima og Nagasaki, så døydde det fleire i Tokyo enn i Hiroshima og Nagasaki. Desse byane vart bygde opp att. Strålinga forsvinn, og livet kan starte på nytt. Skilnaden på eldbombing og atombombing er berre effektivitet. NATO-provokasjonane er så ekstreme at Russland måtte sette sine kjernefysiske missil i alarmberedskap. Dette er ei svært alvorleg sak. Men USA ignorerte det.»

Publisert på The Cradle.co den 7. april, 2022

Omsett av Monica Sortland

2 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 2 ganger.

Post Views: 17

Les artikkelen direkte på derimot.no