Derimot: Våre politikere: Totalt uten evne til realitetsorientering. – Derimot
derimot.no:
Av Lars Longva
For litt tid sidan gjekk representantar for både norske og danske forskarmiljø ut med ein hypotese der ein såg føre seg ein krig mot Russland om fem år, på same tid som det blei hevda at landa våre ikkje er direkte truga frå den kanten akkurat no. Ingen trur på ein krig mot Russland før om nokre år! Alt tyder på at denne vurderinga byggjer på eit syltynt kunnskapsgrunnlag, og ikkje er noko anna enn tilsvarande utspel frå etterretningstenesta og PST utan rot i røynda, ein type krigspropaganda, og ein framstøyt for å skape frykt og størst mogleg semje om skyhøge militærbudsjett og meir grunnlaust russarhat.
Det fungerer også som eit nytt lag glasur på ei forteljing som i utgangspuntet er falsk, forteljinga om krigen i Ukraina. Når det for litt kortare tid sidan dukka opp utspel frå vår aller næraste allierte som trugar dette korthuset, kjem panikken.
Leiarane i landet vårt, trufast støtta av stortingspolitikarar, den «redaktørstyrde pressa» og så godt som alt som heiter norsk akademia, har ført landet vårt ut i eit verre uføre enn kanskje nokon gong. Dei har surra oss til mastra på eit skip som seglar sine eigne vegar, også om dette skulle gå heilt på tvers av våre eigne interesser.
Frå og med Gerhardsen og Lie har leiarane våre gjort alt det som kunne vere i USA sine interesser, ofte utanom alle demokratiske prosessar. Den førre Stoltenberg sa det om lag slik då han var utanriksminister: Når jeg er i tvil, spør jeg bare Mondale (visepresident under Carter). Det verste brotet med vår eigen suverenitet kom då USA fekk overta norsk jord på tolv lokalitetar, grunnlovsstridig og utanom vanlege politiske prosessar. Desse militærbasane, som i praksis er USAsk jord, med alt det kan innebere, har gjort landet vårt til eit soleklart bombemål. Me har også teke på oss å provosere Russland i nordområda. Me lever med andre ord farleg, av eigen fri vilje!
Har det vore nokon grunn til at leiarane våre skulle føre denne politikken, ligg det nasjonale interesser bak? Svaret er, etter mi meining, eit klart nei. Me har stelt oss dumt, og bokstaveleg talt tankelaust. Såleis er me kanskje også verst stillt, men slett ikkje åleine. Så godt som heile Europa har vore 100% lydige, gjenteke alle USA-ske løgner og delteke i alle dei meiningslause regimeskifte-krigane. Det verste er kanskje at me har adoptert sjølve strategien i den hegemoniske politikken: Einsidig propaganda, sensur, utestenging, frykt og hat – grunnlaust hat mot alle som har stått i vegen for prosjektet: Å gjere alle land like lydige og underdanige som Noreg. Landet vårt er på denne måten absolutt ikkje noko føredøme for nokon.
At dette også er rein imperialisme, ser alle som vil sjå. At det også gir dei beste grunnar til å arbeide for ein ny verdsorden, t. d. gjennom BRICS, er opplagt for alle som ikkje har nagla seg fast i vestleg nykolonialistisk tankegods.
Allereie i 1948, då dei fleste landa låg nede etter krigsåra, la førsterådgjevar George Kennan opp strategien som skulle gjere at USA kunne halde på verdshegemoniet. Denne gjekk ut på å bruke alle midlar, og sjå bort frå alle «sentimentale» omsyn som menneskerettar, velstandsauke og demokrati, her under presse- og ytringsfridom. Sidan kom Brzezinski, rådgjevar under Carter, som etter kvart la ein tidsplan for erobringa av verda. Samanbrotet av Sovjetunionen i 1991 gav grunnlaget for ein hybris som tilseier at USA kan gjere akkurat det dei ønskjer, utan omsyn til andre land eller internasjonale spelereglar – som dei lagar og endrar sjølve, alt etter som det høver. Bombinga av Beograd i 1999 nulla endeleg ut alt diplomati og opna for krig, endelaus bombing og total øydelegging utan nokon freistnad på fredsforhandlingar. Parallelt med dette gjekk USA til ei einsidig oppseiing av alle nedrustingsavtalar, også dei som omfatta atomvåpen. Sidan kjem 11. september 2001, og ei omorganisering av CIA som allereie for lengst var i gang. No blei CIA det ein berre kan kalle ein terroristorganisasjon (Jamfør det t. d. ex-CIA John Kiriakou seier i samtale med Chris Hedges på The real news). Omorganiseringa gjorde slutt på all etterretning. Ein ville ikkje vite noko om fienden, berre spreie frykt og hat. Krig er fred og omvendt, til evig tid! På denne måten har USA også lenge stått fram som sjølve monsteret på den internasjonale scena.
Dette er eit program som også Nato har følgd. Dermed er alle Nato-land også skuldige i det same som USA. For å kunne halde fram på denne omsynslause måten, vere skuld i enorme øydeleggingar og tap av fleire millionar menneskeliv, krev det eit stort og omfattande propaganda-apparat framfor, og i gjennomføringa av, alle krigane. Her er det ikkje berre CIA og FBI («ei aln av det same stykket») som har vore involverte, men i særleg grad også USAID (den «sivile» greina av CIA) og NED (National Endowment for Democracy), ein av dei svært mange sokalla tenketankane i same ærend. Når fleire tidlegare norske statsministerar har vore aktive i dette spelet, også gjennom slike organisasjonar, skjønar alle at dette berre er toppen av det store isfjellet, med mange involverte/medskuldige i desinformasjon, undertrykking av meiningar, krigspropaganda og spreiing av hatytringar.
Om lag som den nye visepresidenten i USA, James D. Vance, sa det i Munchen: Dei snakkar om å fremje demokrati og ytringsfridom, men gjer det motsette. Det er overraskande å høyre dette frå den kanten, om det er aldri så sant. Når utanriksminister Marco Rubio også seier at det er slutt på den unipolare verdsordenen, og at kvart land først og fremst bør fremje eigne interesser, blir det panikk i Europa, ikkje minst i landet vårt. Forsvarsminister Pete Hegseth følgjer opp med å opplyse om at det ikkje er aktuelt med noko Nato-medlemskap for Ukraina, og at det ikkje lenger kjem på tale å plassere USAske soldatar i landet.
At Vance legg så stor vekt på ytringsfridom og demokratiske rettar har kanskje bakgrunn i sterke føringar på dette området i «den amerikanske konstitusjonen», den USAske grunnlova. Likevel er dette nok også eit kraftig spark til Biden-administrasjonen for den politikken denne har ført på dette feltet. Konsekvensen er ei opprydding i dette systemet, der USAID, CIA mellom mange andre har vore sterkt involverte, mellom anna i dei mange regimeskifte-operasjonane/krigane. Her har sjølvsagt den ikkje-valde, alltid krigshungrige djupstaten i lang tid også hatt ei viktig rolle. Ved sidan av dette ønskjer også Trump-administrasjonen å spare hundrevis av milliardar dollar på unyttige og destruktive tiltak, som t. d. støtte til terroristorganisasjonar som Al Qaida, IS og Boko Haram. Om me kan tru at dette skjer, bør me for vår del, saman med resten av verda, først og fremst vere nøgde.
Elles må vel det som hender først og fremst kallast ei realitetsorientering. Ukraina-krigen er tapt (for lenge sidan) og verda er annaleis enn då han blei starta. Faktum er at dette framfor alt er USA sin krig (og slett ikkje vår), og at den førre Trump-administrasjonen også har vore med på å føre denne krigen, som vart sett i gang for å svekke Russland, presse fram eit regimeskifte og stykke opp det store landet i passelege bitar for utnytting, utbytting og vestleg dominans. Når ein så har tapt krigen, vil utgangspunktet gjerne vere at det er sigerherren som leggjer føringar for resultatet av fredsforhandlingane.
Som i dei fleste krigane der USA/Nato har vore involverte, har dette gått gale. Ein viktig grunn er mangel på kunnskapar om fienden, mangel på grundige analysar og ei reell forståing av verda slik ho er. Ein har heile tida halde på at Russland er svakt, at russarane er duglause og manglar utstyr, når det motsette har vore tilfelle. Sjølv SV-arar som vil bryte med partiet og gå for ei fredslinje, trur at krigen ligg og vippar. Det er lenge sidan general Mark Milley, sjefen for USA-styrkane, og i praksis sjølve hærføraren i Ukraina-krigen, sa at det var tid for forhandlingar, at krigen ikkje kunne vinnast. Han rakk å framføre dette før han blei pensjonist i september 2023, om lag på same tid som den norske forsvarssjefen sa det same. Sidan er det i altfor stor grad ein kunnskapslaus og omsynslaus elite som har drive krigen framover med enorme tap på slagmarka, katastrofale øydeleggingar og mange millionar flyktningar som truleg aldri kjem tilbake til eit øydelagt land.
I dag er det mange ukrainske soldatar som deserterer, dei flyktar frå fronten eller blir borte når dei blir sende på krigsopplæringskurs i utlandet. Zelensky ligg lavt i popularitet på ukrainske målingar, og eit klart fleirtal ønskjer forhandlingar og ein slutt på krigen. Trass like løgnaktige som hardnakka påstandar frå vestleg propagandapresse, har russarane vore villige til dette lenge. Dette er ikkje nokon eksistensiell krig for resten av Europa. Det har det vore for Russland, og er det for Ukraina i dag.
I denne samanhengen er det alle grunnar til å kritisere USA, men ikkje like mykje for det som hender i desse dagar. For første gong på svært lenge innbyr USA til diplomati, til forhandlingar om avtalar som også kanskje kan setje ein stoppar for ein meiningslaus krig. At eit Europa som ligg nede militært, økonomisk og politisk ikkje får ta del i desse forhandlingane, er berre rimeleg. Her ønskjer ein berre krig, har nekta all kontakt med Russland og har ingen ting å tilføre i ein slik samanheng. I tillegg lever ein framleis høgt på løgnhistorier om bakgrunnen for krigen og krigens gang fram til dags dato. Zelensky er i den same situasjonen, endå han nok må kjenne at det brenn under føtene. Han har dessutan fått vedteke ei lov som forbyr alle forhandlingar med Putin. Dermed har han også sett seg sjølv utanfor spelet. I tillegg er det grunn til å minne om at samtalane mellom USA og Russland omfattar langt meir enn Ukraina-problematikk og Ukraina-krig. På denne måten er dette nok også ein god USA-strategi med tanke på å sveipe nederlaget på slagmarka inn i fleire lag med «distraherande innpakningspapir».
Det er fleire vestlege militære, med grunnleggjande innsikt på dette fagområdet, som hevdar at eit samla Nato med USA i spissen, slik situasjonen er i dag, ikkje har noko å stille opp mot Russland på slagmarka. Dermed har eit samla Vesten også oppnådd det motsette av det som var målet med heile denne krigen: Dei har vore med på å gjere Russland langt sterkare, både militært, økonomisk og når det gjeld internasjonale relasjonar. Skulle Russland verkeleg ønskje å leggje under seg Europa, er det tid for dette no. Ikkje om fem år.
Midt oppe i dette står leiinga i landet vårt, med utanriksministeren i spissen, fram som temmeleg desorienterte. Dei er ikkje vane med å ta avgjerder på eiga hand, avgjerder som kan gagne landet vårt. USA og EU har i lang tid styrt skuta. Når USA ser ut til å leggje seg på ei ny linje, der dei prioriterer eigne interesser og ikkje lenger vil gå til krig mot krefter som ikkje direkte trugar deira tryggleik, går Barth Eide til britane og andre høgrøysta europeiske krigarar. Med USA borte frå slagmarka, blir likevel dei som er att mest å rekne for «småpoteter». Ei ny orientering må til, og ein annan politikk. Å bruke alt som framleis finst av pengar til ei meiningslaus opprusting, tener ingen på, andre enn dei vanlege mistenkte – og slett ikkje land og folk. Kanskje det er på tide for «fredsnasjonen» å forlate den blinde krigspolitikken, og prøve med godt, gammaldags diplomati?
Den verkeleg store taparen i dette meiningslause krigsspelet er sjølvsagt Ukraina, eit øydelagt land som berre ventar på å bli oppkjøpt av dei same kreftene som driv alle Nato-krigane, dei store pengane og den evige våpenindustrien. Den store tyngda av desse har adresse i USA. For kvar dag som går, vil denne krigen gjere forholda for ukrainarane vanskelegare, og endå fleire vil døy til inga nytte.
Den uavhengige journalisten Caitlin Johnstone går meir personleg til verks ein av dei siste dagane, og seier det slik: Dersom du vil at ukrainarar skal halde fram og døy i denne krigen, imot deira eigen vilje, medan du sit i heimen din, et snacks og postar på internet, så er du sjølv eit monster.
Forsidebilde: Jonas Gahr Støre i Stortinget og Zelensky som talte til nasjonalforsamlingen via link.