Derimot: Løgner på løgner.Om å lukke øynene for det som skjer.

Derimot.no

derimot.no:

Løgner på løgner.

Løgner, fordømte løgner og elefantar

Av dr. Emanuel Garcia.

Henta frå Global Research. Omsett av og henta frå saksyndig.

De kjem til å tilgje meg dersom eg frå tid til anna finn meg sjølv stum og fanga i ei hengjemyr av vonbrot. Dei siste tre åra, i vår Korona-epoke, veg tungt på oss alle, men der er meir: desse siste tre åra har avslørt for dei som har auge å sjå med og øyre å høyre med dei stinkande djupnene av korrupsjon som er å finne i omtrent kvar einaste statlege institusjon og innan so godt som kvart einaste tidlegare ærlege yrke.

Det å ha vore vitne til at Medisinen har underminert seg sjølv til det ugjenkjennelege – i, til dømes, sin plutselege entusiasme for munnbind, si plutselege gløymsle om tidleg behandling og naturleg immunitet, sin plutselege aksept for ein ny terapeutisk agent som hadde blitt utilstrekkjeleg testa, sin mani om å eksponere barn for denne agenten, si plutselege forakt for informert samtykke og si like plutselege avvising av det grunnleggjande prinsippet i den hippokratiske eiden, fyrst og fremst ikkje gjer skade – er å gjenkjenne regelrett sjølvdestruksjon.

At so mange sokalla medisinsk-praktiserande forlét sine fundamentale plikter overfor pasientane og seg sjølve er ei skam der eg ikkje kan finne eit anna adekvat ord enn prostitusjon – og ha i sinne at ved å bruke dette ordet gjer eg sexarbeidarar ei bjørneteneste fordi deira form for prostitusjon representerer ei ærleg utveksling.

Prostitusjon er noko ein veit kva er.

Der ligg meir på vekta til desse tre åra med bedrageri, fordi desse tre åra har bore den oppsamla vekta av ein mannsalder med hykleri, undertrykking og usanningar frå Makta som har herska over den vanlege mannen og kvinna.

Ein venn sa nyleg til meg at han har byrja å stille spørsmål ved sannferdigheita av statlege ytringar eller, som det no er på moten å seie, deira «forteljingar/narrativ», og eg svarte ved å seie at eg trudde ein burde ta til seg haldninga at alt vi blir fortalt av statlege autoritetar er ei løgn framtil det motsette er bevist.

Dei laug om morda på JFKRFKMLK og Malcolm X.

Dei laug om krigen i Vietnamn.

Dei laug om 11.september.

Dei laug om invasjonane i Midtausten, oppløysinga av Jugoslavia, dei ymse kuppa provosert fram av «etterretnings»-byrå rundt om i verda og, naturlegvis, laug dei om covid på ein måte som ville ha gjort Satan sjølv stolt fordi det var slik ein omfattande og utspekulert manøver. Dei driv no og lyg om Ukraina og Russland òg.

Hvorfor stoler vi på folk som lyger hele tiden?

Effekten til desse endelause og openberre usanningane er å etse vekk sjølve veven av lovlegheit og rettferd som held samfunna saman under vernet av justis, og deretter å byggje ei verd der den einaste lova er Makt.

Eg har skrive om Makt og hennar rolle og dei sobre forventingane vi må ha når det gjeld dei som innehar ho, likevel bleiknar skalaen av sadistiske og mordariske kampanjar gjennom historia i forhold til krigen som vi er i no: global, bestialsk, genialt listig og, per dags dato, temmeleg vellykka.

Måtane og metodane for å drepe har teke på seg ein sofistikert valør som får nazistane sine konsentrasjonsleirar til å verke tungvinte og ineffektive i forhold. Er det ikkje «reinare» og langt meir effektivt å gjere befolkningar sterile, å akselerere kreftformer, å påføre slag, hjartesjukdommar og autoimmune tilstandar på aldersgrupper som hittil ikkje er vande til å lide av slike fenomen, og å skape, sjølv i desse tidlege åra etter sprøyta, det som eufemistisk blir kalla «overtalsdødsfall» – ein terminologi som reinleggjer og skjuler den kalkulerte svekkinga og drepinga som er unik og hittil usett?

Og er det ikkje ei makaber form for genialitet å ha overtala so mange menneske til å akseptere det heile, å bestride beviset frå sansane deira, og å gå til åtak på dei av oss som utfordrar deira oppfatningar med fryktfull bastantheit, bastantheit som er sterkare enn vennskapsband?

I ei nyleg utveksling med ein venn gjennom nesten femti år, vart eg fortalt at han forakta mine «alternative» kjelder og at han hadde fått nok av meg. I det siste året hadde vi halde ved like vennskapen vår – ein vennskap som inkluderte vedunderlege stunder saman og rett og slett vakre delte opplevingar – på det vilkåret at eg ikkje skulle våge å snakke om noko som sa i mot hans hovudstraumsmedia-begripelse av alle ting relatert til covid eller Ukraina.

Det var som å sitje andsynes nokon medan den metaforiske elefanten i rommet hadde plassert mesteparten av seg mellom oss. Vi kunne utveksle platitydar og mimre om alt mogleg bortsett frå det store vesenet med sin digre snabel, støyttenner, hovud og lemmar som stod i vegen for oss, den digre tjukkhudingen som var den oppblåsne kroppsleggjeringa av historisk akkumulert usanning.

Kan vennskap overleve slike føringar?

Kan vennskap overleve avgrunnen mellom dei som har svelgt propagandaen til hovudstraumsmedia med krok, line og søkke, og dei som søkjer etter sanninga frå ordinære borgarar som ikkje er bundne av reklameinntekter eller statleg tvang?

Burde vennskap overleve ein avgrunn som skil dei som godtek mandat, dødelege universelle inokuleringar, regelrett kinetisk krig når det passar deira føremål, klimaendringsfanatisme, undertrykkinga av debatt, og ein sentralisert, global, styrande «orden» – frå dei som verdset frie ytringar, individuelt ansvar og menneskeleg valfridom?

Vel, same kor vanskeleg og smertefullt det måtte vere å akseptere det, er det på tide å omfamne, og på tide å late vere å omfamne.

Dr. Garcia er ein Philadelphia-fødd psykoanalytikar og psykiater som emigrerte til New Zealand i 2006. Han har forfatta artiklar som spenner frå utforskingar av psykoanalytisk teknikk, psykologien bak kreativitet i musikk (Mahler, Rachmaninoff, Scriabin, Delius), til politikk. Han er òg poet, romanforfattar og teater-regissør. Han pensjonerte seg frå psykiatrisk praksis i 2021 etter å ha jobba i den offentlege sektoren i New Zealand. Besøk hans substack på https://newzealanddoc.substack.com/. Han er jamleg bidragsytar for Global Research.

Forsidebilde: iStock

50 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 50 ganger.

Post Views: 80

Les artikkelen direkte på derimot.no