Derimot: USAs mange veto i Sikkerhetsrådet om våpenhvile. Gir Israel tid til folkemord. – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Linda Thomas-Greenfield, fru Veto, har blod på hendene

av Thierry Meyssan

Gjennom dei siste seks månadane har USA sin ambassadør i Sikkerheitsrådet, Linda Thomas-Greenfield , prøvd å kjøpe seg så mykje tid som mogleg for at IDF skal vinne i Palestina. Med det eine vetoet etter det andre, håpar ho at Vesten ikkje vil li eit tredje nederlag i Gaza, etter dei i Syria og Ukraina. Men den 22. desember erkjende ho til sist behovet for humanitær bistand til dei sivile som er overlatne i denne lukka enklaven. Den 25. mars innrømde ho endeleg at det måtte innførast ei våpenkvile på begge sider … berre for å straks hevde at Rådets avgjerder ikkje er bindande.

VOLTAIRE NETWORK | PARIS (FRANCE) | 2 APRIL 2024

Linda Thomas-Greenfield, USAs permanente representant i Sikkerheitsrådet.

Dei siste seks månadane har FNs Sikkerheitsråd vore arena for ein konfrontasjon mellom støttespelarar av USAs overherredøme på den eine sida, og på den andre sida dei som håpar på ei meir rettvis verd. Massakren på over 779 israelske sivile, gisseltakinga av rundt 200 andre, skadinga av over 2000 andre, den administrative fengslinga (ekvivalent med gisseltaking) av 2870 palestinarar, massakren på minst 30 000 palestinske sivile og skadinga av minst 70 000 andre dannar bakteppet til denne kampen.

«Det amerikanske imperiet» sin første reaksjon på al-Aqsa-operasjonen til den palestinske Resistansen og Israels respons, Operasjon Jernsverd, var både ærefrykt og blind støtte. Frå Washingtons synspunkt var det avgjerande viktig å ikkje få eit nytt nederlag etter dei i Syria og Ukraina. Av denne grunnen røysta USA sin permanente representant i Sikkerheitsrådet, Linda Thomas-Greenfield, mot alle framlegg om våpenkvile. Ho hadde instruks om å gi Israel tid til å vinne. Derfor la ho ned veto mot utkastet til resolusjon S/2023/772 den 16. oktober, 2023. Ho erklærte: «Hamas må haldast ansvarlege for sine gjerningar. Dei representerer ikkje det palestinske folket, og dei har ikkje gjort noko for å fremje fred og stabilitet; dei vil heller ha kaos.» Det var hennar første løgn. Enten ein likar det eller ei, vart Hamas vald på vanleg vis av palestinarane i 2006. Dei vann ein relativ majoritet (44,45% av røystene).

Den 18. oktober opponerte ho igjen mot Brasil sitt utkast til resolusjon, S/2023/773. Ho erklærte: «Dette utkastet ignorerte Israel sin rett til sjølvforsvar».

Dette argumentet var hennar løgn nummer to og hennar veto nummer to. Og det skulle gjenta seg fleire gongar. Men i dette tilfellet, slik Den internasjonale domstolen (ICJ) stadfesta i sin rådgivande dom i 2004, «gjeld det ikkje når det handlar om ei okkupasjonsmakt».

Den 25. oktober la ho fram sitt eige resolusjonsforslag, S/2023/792, som «framleis ikkje ber om våpenkvile, fordømmer ikkje vilkårlege angrep på sivile personar og objekt i Gaza, fodømmer ikkje handlingar som har til hensikt å tvangsflytte sivile,» oppsummerte Russlands permanente representant, Vassili Nebenzia, då han la ned veto mot resolusjonen.

Mykje tydelegare var Kinas permanente representant, Zhang Jun, som óg la ned veto mot teksten. Han avviste den som «ubalansert» og «tvetydig» med «kosmetiske» tillegg som «blandar alt ihop» og, om den hadde blitt vedtatt, ville ha gitt «grønt lys» for at Israel kunne utføre militæraksjonar i stor skala og eskalert konflikten. Men endå verre, erklærte han, refererer den ikkje til dei grunnleggande årsakene til den humanitære krisa på Gazastripa, og den krev heller ikkje at Israel skal stoppe blokkaden eller gå tilbake på evakueringsordren som berre gir territoriet ei raskare «nedstigning til helvete». Teksten omgår bevisst spørsmålet om Israels okkupasjon og danninga av ein palestinsk stat.

Som respons på denne sperreelden, la ambassadør Linda Thomas-Greenfield ned veto på det russiske resolusjonsutkastet, S/2023/795. I ferd med å gå tom for argument, la ho berre fram eit forslag som var skissa opp utan konsultasjon.

Forarga over desse tre vetoa frå USA, vedtok Generalforsamlinga – med 121 røyster mot 14, med 44 som avstod frå å røyste – ein jordansk resolusjon, ES-10/21 [1]. Den har tittelen «Protection of .civilians and compliance with legal and humanitarian obligations» (verne den sivile folkesetnaden og oppfylle juridiske og humanitære plikter). Generalforsamlinga har ikkje makta til å «kreve», berre «be om». Resolusjonen berre «ber om ei umiddelbar, varig og gjennomført humanitær våpenkvile som skal føre til at kampane stoppar». Den tilrår og at alle partar straks og fullstendig etterkjem sine folkerettslege plikter, inkludert den humanitære folkeretten.

Ambassadør Linda Thomas-Greenfield jobbar framleis for å unngå eit israelsk tap, same kva ein siger vil koste. Ho nektar framleis å handheve ein stans i kampane, men er no bekymra for at 2,2 millionar palestinarar kan døy i direktesendingar på fjernsyn og mobiltelefonar i dei 121 statane som røysta i Generalforsamlinga.

Det var ikkje før den 15. november at ambassadør Linda Thomas-Greenfield sleppte gjennom eit forslag frå Malta til Sikkerheitsrådsresolusjon, nummer 2712 [2]. Men ho protesterte mot ein del av teksten som siterte generalforsamlingsresolusjonen som bad om «ei umiddelbar, varig og gjennomført humanitær våpenkvile som skal føre til at kampane stoppar». Rådet «ber om presserande og lengre humanitære pausar og korridorar gjennom Gaza-stripa i eit tilstrekkeleg tal dagar». Israel kan difor halde fram med krigen sin heilt til dei vinn, sjølv om det skulle koste titusentals livet.

Gila Gamliel

I Israel lekka fredsaktivistar eit memo frå etterretningsministeren, Gila Gamliel, med tittelen Alternativ til eit politisk direktiv for sivilfolket i Gaza [3]. Det argumenterte for utvising av dei 2,2 millionane innbyggarar på Gaza til egyptiske Sinai. Statsministerens kontor skjemdest og forsikra journalistane om at denne unge ministeren ikkje var spesielt viktig, og at ho berre hadde prøvd å skape seg eit namn. Men memoet var ikkje tiltenkt eit offentleg publikum.

Amichai Eliyahu, Israels kulturarvminister, fortalde Radio Kol Berama at Israel vurderer å bruke atomvåpen i Gaza: «Det er ei løysing… det er eit alternativ». Deretter samanlikna han innbyggarane i Gaza med «Nazistar», og forsikra om at «det finst ingen ikkje-kjempande i Gaza» og at territoriet ikkje fortener humanitær bistand. «Det finst ingen folk i Gaza som ikkje er involverte,» konkluderte han med.

Den 8. desember rysta FNs generalsekretær, António Guterres, USA. Med henvisning til FN-paktas artikkel 99, kalla han inn Sikkerheitsrådet. Han åtvara om ei høg risiko for «total kollaps» for det humanitære forsyningssystemet i Gaza, med «katastrofale» konsekvensar for den offentlege ordenen og den regionale tryggleiken, for ikkje å snakke om presset som kunne tvinge sivile Gaza-innbyggarar til massefordriving til Egypt [allusjon til Gila Gamliels memo]. Men ambassadør Linda Thomas-Greenfield heldt stand. For fjerde gong la ho ned veto mot eit resolusjonsforsøk, denne gongen S/2023/970 fremja av ei lang rekke statar som «kravde ei umiddelbar humanitær våpenkvile». Ho grunngav avgjerda si med at utkastteksten var «ubalansert og urealistisk» og at dei som hadde skrive utkastet hadde nekta å sette inn ei fordømming av dei skrekkelege gjerningane til Hamas mot Israel den 7. oktober. Ho kritiserte og eit resolusjonsutkast som ikkje anerkjende Israel sin rett til å forsvare seg mot terrorisme, i samsvar med folkeretten, og argumenterte for at ei «vilkårsfri» våpenkvile er urealistisk og til og med farleg.

Den 22. desember gav ambassadør Linda Thomas-Greenfield etter og gjekk med på å avstå frå å røyste i avrøystinga om resolusjon 2720 [4], ein tekst som ikkje tar opp spørsmålet om kampane og avgrensar seg til humanitær bistand. Den ber berre om auka bistand, inkludert drivstoff, mat og medisinske forsyningar. Den krev og at alle grenseovergangar skal opnast, inkludert Kerem Shalom, og føreslår at det straks blir utnemnd ein senior-koordinator for humanitær bistand og rekonstruksjon i Gaza.

Basert på denne støtta, viser dei revisjonistiske sionistane ope viljen sin til å gjere slutt på busetnadane i Gaza. Bezalel Smotrich, finansminister, Danny Danon, tidlegare FN-ambassadør, og statsministeren sjølv, Benjamin Netanyahu, kjem med ei rekke ytringar i den retninga. Israel opprettar kontaktar i utlandet til å ta imot desse uønska folka. Presidenten for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, erklærte i Kairo at EU kunne ta imot ein million, men Rwanda, DRC og Tsjad nektar for å ha gitt samtykke.

Den 12. januar ba Algerie Rådet motsette seg «overflytting» av Gaza-folket. Denne gongen slutta ambassadør Linda Thomas-Greenfield seg til konsensusen. I tretti år har USA forsvart «to-statsløysinga» utforma av britane. Tanken er å skape ein jødisk stat og ein palestinsk stat, hovudsakleg for å unngå å måtte avslutte apartheid. Ein ende på apartheid krev ein proklamasjon om likskap for alle menneske, enten dei er jødar eller arabarar [5]. Anglo-saksarane har heile tida avvist den binasjonale staten som FN såg føre sesg i 1947. Dei vil dele opp Palestina for å sikre at jødane aldri vil få ein levedyktig stat, slik lord Herbert Samuel uttrykte det. For å oppnå det kan dei stole på israelarane sin galskap, men må halde kontroll med deira fascistiske fraksjon, dei «revisjonistiske sionistane» til Jabotinsky og Netanyahu.

Tilhører han en fascistisk gruppering i Israel?

Den 23. januar deltok generalsekretær António Guterres på det kvartalsvise møtet om Palestina. Denne gongen vart det halde på ministernivå. Som eit ekko av den anglosaksinske strategien, vurderte han den israelske regjeringas «klare og gjentatte» avvisning av to-statsløysinga som «uakseptabel». To-statsløysinga, som stadig blir erklært «daud», er framleis den einaste måten å oppnå varig og rettvis fred på, erklærte han. Nesten alle av dei rundt femti talarane, sjølvsagt inkludert USAs utanriksminister Antony Blinken, delte hans synspunkt.

Tordenbrak i Haag. Den 26. januar utferda Den internasjonale domstolen, FNs domstol, ein ordre om vern på Sør-Afrikas førespørsel [6]. Den kravde at Israel skulle sette inn tiltak for å verne Gazas innbyggarar mot folkemord. Rådet møttest den 31. januar for å vurdere avgjerda.

Medan ho såg på ambassadør Linda Thomas-Greenfield, forklarte Sør-Afrikas permanente representant, Mathu Theda Joyini, at dommen etter hennar syn representerte eit tydeleg signal til dei landa som finansierer og tilrettelegg for israelske operasjonar og som dermed sjølve kanskje bryt Konvensjonen om førebygging av og straff for brotsverket folkemord. Men Linda Thomas-Greenfield påpeika at domstolen i sine førebelse konklusjonar verken har kravd ei umiddelbar våpenkvile eller påstått at Israel har brote Folkemordskonvensjonen.

Og då Israel straks starta ein internasjonal kampanje mot FNs Relief and Works Agency for Palestine Refugees in the Near East (UNRWA), rapporterte Linda Thomas-Greenfield at USA hadde stoppa pengestøtta si til organet. Utan dette organet kan det ikkje distribuerast humanitær bistand til Gaza, og Israel vil kunne hevde at dei har gjort alt i si makt. Tel Aviv ville gjerne ha hjelpt Gaza-innbyggarane, men det var dessverre ikkje mogleg.

Den 20. februar la ambassadør Linda Thomas-Greenfield ned veto mot det algeriske forslaget til resolusjon S/2024/173 for femte gong, grunngitt med at den ville hindre diplomatiet. Faktisk krev den «ei umiddelbar humanitær våpenkvile som må respekterast av alle partar», og Washington vil likevel ikkje at Israels krig skal stoppe, trass i at dødstala stig.

USA ønsker at krigen skal fortsette selv om de sier noe annet.

Ambassadør Zhang Jun meiner at USA sin passivitet liknar eit «grønt lys for framhald av kampane», med risiko for ein regional brann. Han meiner vetoet deira trampar på folkeretten og viser til generalsekretærens brev til Sikkerheitsrådet om FN-paktas artikkel 99, og ordren til Den internasjonale domstolen (ICJ).

Ambassadør Vassili Nebenzia avviser eit alternativt utkast til resolusjon frå USA som «forsvar av deira Midtausten-allierte» for å gi dei tid til å kaste ut Gaza-folkesetnaden. «Det er eit forsøk på å spele på tida i Israels interesse,» erklærte han.

Den 22. februar høyrde Rådet det rystande vitnemålet til generalsekretæren til Legar utan grenser (Médecins Sans Frontières, MSF).

Som okkupasjonsmakt, sa Sveits’ permanente representant, Pascale Baeriswyl, «må Israel ta sitt folkerettslege ansvar, dvs. sikre forsyning av mat og helsehjelp til folket, slik Den internasjonale domstolen tydeleg har påminna om.»

Den 22. mars prøvde ambassadør Linda Thomas-Greenfield å gjenopprette landets image. Ho føreslo ein ny resolusjon, S/2024/239, som ho håpa å få igjennom. Teksten «meiner det er heilt nødvendig å etablere ei umiddelbar og varig våpenkvile». I tillegg skildrar punkt 19 av resolusjonen skuldingane mot UNRWA. Til sist står det «Hamas og andre terroristar og væpna ekstremistgrupper i Gaza forsvarer ikkje æra eller sjølvråderetten til det palestinske folket, og Hamas har blitt utpeikt som terroristorganisasjon».

Russland og Kina legg ned veto. Linda Thomas-Greenfield kommenterer: «Dei vil heller sjå oss feile enn å sjå Rådet lykkast».

Til sist, den 25. mars gav ho seg. Heime i USA hadde presidentvalkampen starta. Meiningsmålingane viste Joe Biden som den tapande kandidaten: eit stort fleirtal av velgarane hans kunne ikkje tilgi han for dei mange vetoa i FN. Så då 10 ikkje-permanente medlemmar av Rådet presenterte eit nytt resolusjonsutkast, S/RES/2728(2024) [7], vende ambassadøren det blinde auget til og let vere å legge ned veto, sjølv om ho ikkje var einig.

Teksten «krev at det straks vert innført ei våpenkvile under månaden for Ramadan,
som er respektert av alle partar og fører til ei varig våpenkvile, krev og at alle gislar straks og utan vilkår blir sleppte fri og garanterte humanitær tilgang som dekker deira medisinske og andre humanitære behov, og krev vidare at partane respekterer dei folkerettslege pliktene sine.»

Sikkerhetsrådet.

Dette er den tiande teksten som er lagt fram til avrøysting i Rådet sidan hendingane den 7. oktober. Den fekk 14 røyster for, ingen mot og éin avhaldande (USA).

Som rettferdiggjering av avhaldet sitt vedrørande denne resolusjonen, som ho skildra som «ikkje-bindande» (sic), beklaga ambassadør Linda Thomas-Greenfield det at nokre av endringsforslaga hennar ikkje hadde blitt tatt med, spesielt det som bad om at det skulle leggast til ei fordømming av Hamas. Ho anklaga Russland og Kina for å ikkje ønske at ein skulle oppnå varig fred via diplomatiske middel, og for å bruke konflikten til å splitte Rådet.

Ambassadør Zhang Jun var ueinig og påpeika skilnadane mellom utkastet som vart avvist tre dagar tidlegare og den nye teksten. Etter hans syn var den nye teksten «eintydig» i kravet sitt om ei umiddelbar våpenkvile, medan den førre teksten var «vag og tvetydig» og stilte vilkår. I tillegg spegla den nye teksten vonene til verdssamfunnet og har støtte i den arabiske verda. Han gjekk meir offensivt ut og erklærte at det var på tide USA slutta med sin «obstruksjon» av Rådet.

Den 26. mars diskuterte Rådet implementeringa av resolusjonen dei vedtok to dagar før. Ambassadør Vassili Nebenzia vart overraska av orda til kollegaen Linda Thomas-Greenfield, som hadde kalla resolusjonen «ikkje-bindande». Betyr det at USA fritar seg sjølve frå FN-paktas artikkel 25, som seier at medlemsstatane har plikt til å implementere Sikkerheitsrådet sine avgjerder? Amar Bendjama, Algeries permanente representant, la til: «Elles kan ein stille spørsmål ved sjølve eksistensen til dette organet».

Fru Linda Thomas-Greenfield var overtydd om at Israel ikkje kunne tape utan at det ville utløyse slutten for Vestens overherredøme. Gjenstridigheita hennar viste berre at Washington er klar for å vende eit blindt auge til kva brotsverk det måtte vere, så lenge det blir gjort i samsvar med deira kortsiktige interesser. Framfor alt har den bevist at USA ser bort frå folkeretten når den går imot deira politikk. Dette er definisjonen på ein skurkestat.

Oversettelse Monica Sortland

[1] “Protection of civilians and upholding legal and humanitarian obligations”, Voltaire Network, 26 October 2023 [2] “Security Council resolution calling for humanitarian pauses in Gaza”, Voltaire Network, 15 November 2023. [3] «Israeli Intelligence Ministry recommends expulsion of Gazans to Egypt”, Voltaire Network, 31 October 2023. [4] « Résolution 2720 sur l’aide humanitaire à Gaza », Réseau Voltaire, 22 décembre 2023. [5] “Failure to assist a people in danger of genocide”, by Hassan Hamadé , Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 26 March 2024. [6] “The provisional measures of the International Court of Justice”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 30 January 2024. [7] “Security Council Resolution 2728 demanding a humanitarian ceasefire in Gaza”, Voltaire Network, 25 March 2024,.

Redaksjonen har lag til bilder m/tekst

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar