Derimot: En russisk vurdering av Trump-seieren: Endringene blir mindre enn det mange tror. – Derimot

derimot.no:

Korfor vil ikkje USAs utanrikspolitikk endre seg under Trump? Det er djupstaten, dummen.

Taktiske endringar kan forventast frå administrasjonen til den 47. presidenten, men den strategiske kursen vil mest sannsynleg ikkje endre seg.

Av Alan Lolaev, gjesteforskar ved Laboratorium for politisk geografi og samtidspolitikk, Høgskulen for økonomi (Moskva)

Donald Trumps siger i USAs presidentval har vekt uro blant dei som støttar landets noverande utanrikspolitikk under Biden, og gitt håp til dei som gjerne ser at den endrar seg.

Det presserande spørsmålet som resonnerer både i amerikanske politiske sirklar og blant Washingtons allierte og motstandarar over heile verda, er kor store endringar ein kan vente frå den nye Republikanske administrasjonen.

Mange ekspertar, som har høyrd dei dristige ytringane til Trump og kampanjeteamet hans, spår at hans retur til presidentsetet vil medføre betydelege politiske endringar. Men sjølv med Republikansk majoritet i begge Kongress-kammera (spesielt Senatet, som har stor innverknad på utanrikspolitikken), er det usannsynleg at Trump vil greie å oppfylle alle sine løfte på dette området.

I teorien vil Trumps retur til presidentstillinga skje under dei gunstigaste kåra for implementering av hans utanrikspolitiske agenda. Republikanarane har ikkje berre styrka majoriteten i Representanthuset, men også tatt tilbake kontrollen over Senatet, som signifikant påverkar utanrikspolitikken ved at dei godkjenner sentrale utnemningar og ratifiserer internasjonale traktatar.

Bekymringane no over substansielle utanrikspolitiske endringar, er som ekko av dei under Trumps første periode, då dei kraftige ytringane hans ofte vart oppfatta som politiske kursendringar, men til sjuande og sist viste seg å ikkje vere det. Når han kjem på plass i Det kvite hus att, er Trump forventa å gjenintrodusere «Amerika først»-prinsippet i utanrikspolitikken, og dermed ei meir pragmatisk tilnærming til internasjonale spørsmål, men ikkje nødvendigvis ei total endring i utanrikspolitiske mål og prioritetar.

Trumps første periode: Taktiske endringar, strategisk kontinuitet

Forventningane om uunngåelege, radikale endringar i USAs utanrikspolitikk etter Trumps siger i 2016, viste seg å vere falske. Til dømes lova Republikanaren å løyse opp NATO, bygge opp nærare band til Russland og ta eit tøffare standpunkt mot Kina. Trump kritiserte europeiske land for utilstrekkelege forsvarsbudsjett og trua gjentatte gongar med å redusere USA si rolle i NATO.

Han vil kanskje igjen insistere på at NATO-land aukar utgiftene sine til forsvar, med trykk på at USA ikkje burde bere den tyngste børa. Denne tilnærminga skapte spenningar innan alliansen og førte til ei omdistribuering av ansvar og plikter. Og det auka europeiske engasjementet i eiga sikkerheit styrka NATO.

Trump uttrykte også ønske om å etablere nærare band med Moskva; han snakka positivt om Putin og søkte ein ny avtale om atomvåpenkontroll som også skulle inkludere Kina. Men desse ambisjonane førte til fleire sanksjonar mot Russland og auka støtte til Ukraina og utelukka reelle forbetringar av relasjonane mellom USA og Russland.

Under Trump starta USA ein aktiv handelskrig mot Kina, innskrenka samarbeidet innan høgteknologiske sektorar og implementerte tiltak for å kontre kinesisk påverknad i Asia og andre regionar. Men desse konfronterande stega var eit logisk framhald av strategiane for avgrensing (containment) og pivot to Asia som Obama-administrasjonen starta, og dei fell difor ikkje inn under definisjonen for eit stort politisk skifte.

Ukraina-spørsmålet: jamnt minkande støtte

Ei av dei sentrale utanrikspolitiske prioriteringane til Trumps andre periode blir konflikten i Ukraina. Under valkampen hevda Trump at han raskt skulle få sett stopp for landets krig mot Russland så snart han vart president. Men han sa og at han ikkje ville forplikte seg til å auke hjelpa til Ukraina, og insisterte på at europeiske land burde ta ein større del av dette ansvaret.

Trump sitt forhold til Russland har vore prega av motsetningar. På den eine sida har han søkt varmare relasjonar med Putin og ofte omtalt han i positive vendingar med karakteristikkar som «brilliant» og «smart». Men han fordømde Russlands operasjon i Ukraina, og sa Putin hadde gjort «ein kolossal feil». Denne inkonsekvensen, saman med anti-ukrainske utsegner frå medlemmar av Trumps indre sirkel, har skapt uvisse om kva for eit standpunkt Washington vil ta under ein ny Republikansk administrasjon.

Trump er forventa å søke ei fredeleg løysing på Ukraina-konflikten, truleg ved å utnytte Kiev si avhengigheit av US-amerikanske militær og økonomisk hjelp, samt den potensielle avslutninga av denne hjelpa, som eit argument for fred.

Ein fredavtale vil truleg kome med vilkår som er mindre gunstige for Ukraina enn dei ville ha vore for eit år sidan. Med ein bakkesituasjon som endrar seg i Russlands favør, tyder Ukrainas territorielle tap på at vilkåra for ein eventuell fred kan bli meir utfordrande for Kiev enn dei hadde vore viss forhandlingane hadde funne stad tidlegare.

Viss dette scenariet skulle materialisere seg, ville det, som på andre nøkkelområde, ikkje bety eit stort skifte i USAs utanrikspolitikk.

Den noverande Biden-administrasjonen har allereie vist teikn på «Ukraina-utmatting» – trøytte av den dyre støtta til Kiev. Folkeopinionen i USA reflekterer også ein jamn nedgang i støtta til å halde fram med å gi like mykje støtte som dei no gir til Ukraina. Sjølv om Demokratane hadde vunne valet, med Kamala Harris i Det kvite huset og Demokratisk kontroll med Kongressen, så ville støtta til Ukraina sannsynlegvis ha halde fram sin gradvise nedgang.

Trump-administrasjonen kan gå for ein strategi som er fokusert på ei meir pragmatisk løysing for Ukraina-konflikten. Denne tilnærminga vil truleg kombinere ein reduksjon av militærstøtta med aktive diplomatiske forhandlingar som dersom dei lykkast kan la Trump vise fram ei «effektiv løysing» på konflikten. Men for Ukraina og deira allierte vil ein slik strategi bety auka press på Kiev om å kompromisse, og potensielt svekke posisjonen deira i forhandlingar og skifte maktbalansen i regionen.

Den viktigaste avgrensande faktoren: institusjonell treigheit eller djupstaten

Grunnen til at radikale endringar i USAs utanrikspolitikk er usannsynlege, ligg i den institusjonelle treigheita til det avgjerdstakande systemet. Landets utanrikspolitikk er tungt byråkratisert og kan ikkje operere på eiga hand, uavhengig av balansen mellom interessene til ulike maktgrupper. Presidenten har betydeleg makt, men lyt ta omsyn til Kongressen når viktige utanrikspolitiske avgjrder skal takast. Som på andre område av avgjerdstakinga, er djupstaten sin påverknad på utanrikspolitikken framleis betydeleg

I Kongressen er det tverrpolitisk semje på nøkkelområde av den amerikanske utanrikspolitikken: avgrensing av makta til Russland og Kina, å oppretthalde NATO og støtte Israel. Denne konsensusen tillet ikkje anna enn taktiske justeringar, medan den overordna strategien forblir intakt.

Så ein ny Trump-periode vil truleg føre til ein meir pragmatisk utanrikspolitikk. Administrasjonen hans vil truleg fokusere på ei tøffare haldning overfor Kina, redusert støtte til Ukraina, omdistribuering av ansvar innanfor NATO, og redusert US-ameriknask engasjement i globale alliansar og avtalar.

Om desse endringane kan sjå betydelege ut, vil dei ikkje utgjere noka full overhaling av Washingtons langsiktige utanrikspolitiske retning.

Omsett av Monica Sortland

https://www.rt.com/news/607508-changes-us-foreign-policy-trump

Forsidebilde: Beata Biskupicova

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...