Derimot: Voltaires nyhetsbrev: Vestlig jordskjelvhjelp går bare til Al-Qaida-områder i Syria.

Derimot.no

derimot.no:

Voltaires nyhetsbrev:

Vi har hentet ut disse to sakene fra Voltairenet.org sitt ukentlige nyhetsbrev fordi de er spesielt aktuelle. Den første må leses i sammenheng med den omfattende artikkelen som vi nylig har publisert om de kjemiske angrepene mot Syria som jihadister stod bak, men som ble forsøkt tilskrevet syriske myndigheter. Angrepene var et forsøk å trekke USA direkte inn i krigen i Syria.

Den andre artikkelen må sees i sammenheng med en annen sak vi publiserer i dag om jordskjelv-hjelpen som bare gis til Al-Qaida-kontrollerte områder i Syria. Det mest interessante er hvordan våre medier klarer å omskrive virkeligheten slik at folk ikke skal forstå at sanksjonene fra vesten er årsaken til at hjelpen fra vesten bare kommer til Al-Qaida og ikke til den lovlige syriske regjeringen.

Knut Lindtner
Redaktør

Syria og Russland stadfestar på nytt sin opposisjon mot kjemiske våpen

Russlands og Syrias utanriksministrar Sergei Lavrov og Faisal Mekdad gjekk i førre veke ut med ei felleserklæring der dei sa: «Russland og Syria stadfestar på nytt det kategorisk utillatelege i bruk av kjemiske våpen. Det må gjelde alle, kor som helst og uansett grunngiving.»

Dei to landa responderer igjen på skuldingar om bruk av klorinbomber i 2018, etter at Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (OPCW) publiserte ein rapport som vart følgd opp av ei felleserklæring frå Storbritannia, USA, Frankrike og Tyskland. Ein bør ikkje gløyme at sidan organisasjonens statuttar, på Frankrikes initiativ, vart endra, er OPCW ikkje lenger å rekne som ein nøytral organisasjon.

USA sine «sanksjonar» forbyr hjelp til syriske jordskjelvoffer

President Bashar al-Assad tok ein telefon til motparten Vladimir Putin for å takke han for Russlands hjelp til det syriske folket etter jordskjelvet som råka landet så hardt. Russland frakta inn mykje utstyr og sende 300 soldatar og 60 militære ingeniør-einingar til å trekke overlevande ut av ruinane. Berre 15 andre land har sendt hjelp til syrarane (Algeria, Kina, Egypt, Tyskland, India, Iran, Irak, Libanon, Libya, New Zealand, Oman, Saudi-Arabia, United Arab Emirates). Nokre fleire sende sine kondolansar (Armenia, Venezuela…)utan å ha moglegheit til å sende krisehjelp. 

Medan land overbyr kvarandre om å sende hjelp til jordskjelvsoffera i Tyrkia, er det få som vil hjelpe dei syriske offera, med risikoen det inneber å trasse USA. Dei unilaterale tvangstiltaka («unilateral coercive measures», UCM) til USA («Caesar»-lova), falskt presenterte som legale «sanksjonar», forbyr de facto sending av livsviktige medisinar og sivil ingeniør-assistanse som det hastar med å få på plass for å ta kampen mot konsekvensane av jordskjelvet. Desse tiltaka gjeld ikkje guvernatet Idlib, okkupert av jihadistar. Ned Price, talsmann for USAs utanriksdepartement, sa at å bruke eit jordskjelv som ein sjanse til å rekke ei hand ut mot «det syriske regimet», ville vere «ironisk».

9 – Voltaire, International Newsletter – N°27 – 10. februar 2023

Forsidebilde: Lexica

94 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 94 ganger.

Post Views: 93

Les artikkelen direkte på derimot.no