Derimot: Det vestlige evnetyret om Ukraina faller sammen: Reaksjonene i vesten er stadig villere fortellinger.

Derimot.no

derimot.no:

VESTENS HYSTERI VEKS

16. desember 2022 av Larry Johnson

Larry Johnson, tidligere CIA-analytiker

Impotens kan få menn til å gjere dumme ting og vekke hjelpelaust raseri. Erektil dysfunksjon kan løysast, i det minste midlertidig, ved hjelp av ei lita, blå pille, men mot politisk impotens finst det ikkje andre remediar enn realiteten. Eit døme på Vestleg politisk slappheit er Europas avgjerd om å innføre endå ein serie sanksjonar mot Russland,  inkluderer å prøve å legge munnkorg på RT. Sterke nasjonar som vinn fram i ein konflikt treng ikkje ty til slike kraftlause, unyttige tiltak. Dette er handlemåten til sveklingar.

La meg vise deg eit par artiklar som gjenspeglar Vestens veksande frustrasjon og raseri. Først det britiske Forsvarsdepartementet. Det ser ut som dei faktisk trur på sin eigen propaganda:

Det britiske Forsvarsdepartementet føreser at Ukraina sannsynlegvis vil få ein stille vinter. På sin Twitter-kontoen sin avslørte dei den 12. desember at Russland sannsynlegvis ikkje ville gjere fleire forflytningar på fleire månadar framover. Og sjølv om målet om å overta Donetsk oblast står ved lag, vil det sikkert ikkje kome nokre forsøk på å gjere det med det første.

Det britiske Forsvarsdepartementet skreiv den 13. desember i ein  tweetat Putin hadde kansellert pressekonferansen han brukar halde på slutten av året. Departementet meinte det kunne vere fordi det kanskje er ei betydeleg «antikrigskjensle» i moderlandet. 

Uttrykket «British Intelligence» (britisk intelligens = etterretningstenesta) bør gå inn i ordboka Oxford English Dictionary som døme på eit sjølvmotseiande uttrykk. Heller enn å gjere reell innsamling og analyse, grip britane (og deira amerikanske søskenbarn) etter halmstrå og projiserer skuld. Veksande politisk opposisjon mot den spesielle militæroperasjonen skjer ikkje i Russland, men bygger seg opp rundt om i Europa. Gjentatte påstandar frå dei lærde i det britiske militæret om at Russland går tom for missil og ammunisjon blir metaforisk øydelagde kvar veke, når Russland skyt opp ein ny (bokstaveleg talt) sperreeld av missil mot ukrainsk nøkkelinfrastruktur. Russarane sit [ikkje] skjelvande i mørket i bustadar utan straum. Det er den europeiske lagnaden.  Russarane rappar ikkje kattefôr for å fø seg. Det skjer i Storbritannia.

Fattigdommen vokser som en kreftsvulst i Storbritannia

Det verkar som om hopium (håp-ium, red.) er den nye favoritt-drogen til Vestens herskarklasse.  Russland har tatt Muhammed Ali sin Rope-a-Dope-strategi og brukar den på drapsmarkene i Ukraina. Planen til Putin er å la Vesten slå seg sjølv til utmatting. Den spesielle militæroperasjonen har synt fram kor skjør og ubrukeleg logistikk-kapasiteten til USA og NATO er. Sjølv om US-amerikanske forsvarskontraktørar som Lockheed Martin og Raytheon rakar inn store pengar på nye kontraktar, så er evna deira til å produsere våpen som t.d. HIMARS raskt nok og i store nok kvanta KAPUTT!

Korleis Vesten desperat higar etter siger blir avslørt med dei frenetiske, men kraftlause, forsøka på å pushe memet om at Putin er alvorleg sjuk og kanskje syng på siste vers:

Vladimir Putin har skapt fornya uro kring helsetilstanden sin, som skal vere på veg til det verre, etter at den russiske leiaren brått trakk seg frå ein årleg ishockey-kamp denne veka, har  RadarOnline.com fått vite.

Putins fråvære i amatør-ligaen Night Hockey League, som den russiske presidenten sjølv oppretta i 2011, markerer berre den siste høgprofilerte hendinga som den 70 år gamle leiaren har droppa ut av i siste augneblink under dei siste vekene…

Medan einskilde kjelder trur Putin har kansellert desse heningane på grunn av aukande helse- og tryggleiksproblem, trur andre kritikarar det vart gjort for å unngå konfrontasjon om leiarens mislykka krigsinnsats i Ukraina . . .

Russiske innsidarar har ymta om at Putin vart innlagt på sjukehus og fekk tarmoperasjon i helga etter at han skal ha ramla i heimen sin i Moskva tidlegare denne månaden, og meiner fræværet hans både ved årsslutt-pressekonferansen og den årlege hockey-turneringa var eit resultat av naudprosedyren.

«Putin skal ta ein enkel kirurgisk operasjon,» sa ei kjelde om den påståtte naudprosedyren førre veke.

«Fallet ned trappa førre veke, som resulterte i ein skade på halebeinet, gjekk ikkje upåakta hen, og forårsaka nye problem som ikkje er direkte relaterte til denne skaden,» la kjelda til om fallet der Putin «ufrivillig gjorde på seg» som resultat av «kreften som påverkar magen og tarmane hans».

https://radaronline.com/p/vladimir-putin-pulls-out-annual-ice-hockey-game-health-concerns/

La meg føreslå ei alternativ forklaring. Nyhenda om Putin blir sette ut av etterretninga som ein del av ein breiare bedragerioperasjon. Putin gav ein tale på torsdag (15. desember), og verka ikkje verken bleik eller skjør:

I talen sin vurderte Putin dagens situasjon i og rundt landet, og skissa opp dei seks hovudmåla for statspolitikken i 2023, så vel som retningslinjer for åra som kjem. Heilt på starten av talen sin sa statssjefen at dei nye løysingane han føreslo var designa for å respondere på utfordringane til den russiske økonomien og innbyggarane i dag, og skulle hjelpe landet til å vidareutvikle seg trygt. Særleg nemnde han byggeverksemd og bustadspolitikk, helse og demografi, teknologisk suverenitet, finans, utviklinga av nye regionar av Den russiske føderasjonen og andre saker. Etter presidentens tale heldt møtet fram.

https://tass.com/politics/1551131

Dette var ikkje ein sjuk, desperat, redd manns tale. Før eller seinare under dei komande vekene eller månadane vil Vesten bli tvinga til å erkjenne at dei ikkje kan halde fram med å pøse milliardar inn i Ukraina utan å påføre sin eigen økonomi og sitt eige folk enorm skade. Då vil mema om russisk veikskap og nederlag smuldre opp. NATO står overfor ein reell risiko for å bli demilitarisert. Men det vil ikkje bli resultatet av eit frontalangrep frå Russland. Russland vil halde fram med å gjere det dei gjer – d.v.s. pulverisere Vestens vidunder-våpen og årelate dei ukrainske og utlandske leigesoldatane med artilleri og missil.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Joel Robinson

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 16

Les artikkelen direkte på derimot.no