Derimot: Eigarskap av media: Ei av Nordens siste frie aviser fell.

Derimot.no

derimot.no:

Hufvudstadsbladet er selt til Bonnier

Dagsavisene var tradisjonelt organ for forskjellige politiske eller ideelle rørsler. Det fremste syftet var ikkje å tene pengar, men å gje lesarane opplysing om aktuell politikk, kultur osb.

Men sia avisene uansett gjekk med overskott, dei fleste av dei, så vart dei fristande investeringsobjekt. I tider med pengevanskar, større investeringar og liknande, kunne dei gjerast om til aksjeselskap og hente inn kapital frå kommersielle interesser.

Da Fanden hadde fått litlefingeren, så tok han etter kvart heile handa. Dermed er ikkje lenger folkeopplysing lenger det viktigaste, men å gje overskott til aksjeeigarane. Dette kan vi tydeleg sjå på kvaliteten til avisene etter kvart. Med tida misser dei mykje av brodden og motet, og legg vekt på sensasjon og lettvint sal. Journalistane blir meir varsame med å skrive stoff som kan terge dei mektige kapitaleigarane, som vi no veit sit med kontrollen over dei aller fleste avisene i Norden. Dei er jo engstelege for jobben sin, som dei fleste andre!

Derfor vart vi skikkeleg lei oss da vi fekk lesa at Konstsamfundet (eit finlandssvensk selskap som skal stø kunst og finlandssvensk litteratur) hadde selt frå seg kontrollen over Hufvudstadsbladet i Helsingfors, i juli 2023, til Bonnier News, som også eig blant anna Dagens Nyheter i Stockholm. Eg hadde, overfor vener i Skandinavia, heldt fram Hufvudstadsbladet som den friaste storavisa i Norden, og sitert artiklar derifrå på norske nettstader.

Nedgangen i kvalitet kunne merkast nesten umiddelbart. Sportsjournalistar rykte opp til utanriksekspertar, og spreidde dilletanteriet sitt i kjent Dagblad-stil. Atter var det Russland som sprengde sine eigne gassrøyr, og krigståka og Nato-euforien la seg like tungt over «Husis» som over dei finskspråklege avisene.

No nyleg kom eit nytt slag; den framifrå norsk-kvenske avisteiknaren Wilfred Hildonen blei sagt opp i desember. Dei hadde ikkje bruk for tenestene hans lenger. Årsaka kan vi lett få ei aning om ved å sjå eit døme på satiren hans, som nyss sto i finske Ny Tid:

Teikninga viser den nye mørkeblå regjeringskoalisjonen i Finland. Til venstre står finansministeren Riikka Purra frå det svensk- og innvandringsfiendtlege Sannfinnane. Ho skrik Ut! (Ulos). Øvst har vi Anna-Maja Henriksson, leiar i Svenska Folkpartiet, i midten statsminister Petteri Orpo frå Samlingspartiet (finske Høgre), som lirer av seg velkjente frasar. Nedst til høgre står leiaren i Kristdemokratane; den siste regjeringspartnaren. Denne regjeringa har mellom anna utmerka seg ved å gi skattelette til dei rikaste, som blir finansiert med nye lån(!) og nedskjeringar av sosiale bidrag av ymse slag. Frå før har dei gitt Nato fritt fram utan atterhald, med 15 amerikanske basar, underlagt amerikansk lovgiving. (Sjå: Finland legger det store egget: 15 USA-baser i landet tett på Russland. – Derimot) Vanlege finnar i distrikta, som har røysta på Sannfinnane, får no smake den omvendte Robin Hood-politikken til partileiaren.

Edvard Mogstad,

historikar

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar