Derimot: De gjentar i det uendelige at krigen var uprovosert.Gjentagelsene bekrefter at det er en løgn. – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Russarane i Ukraina

av Patrick Lawrence, Consortium News, 7. mars, 2024

Nye avsløringar gir ein ufullstendig oversikt over Vestens løynde aktivitetar i Ukraina.

Der er definitivt meir enn det vi har fått oss fortald.

Du har kanskje høyrd eller lese om den paniske stemninga etter at Emmanuel Macron kalla saman til toppmøte for europeiske leiarar i Paris førre veke. På ein pressekonferanse etter møtet sa den franske presidenten at NATO ein gong kunne kome til å sende troppar til Ukraina for å slutte seg til kampen mot russiske militærstyrkar.

La meg, før eg går vidare,føreslå eit par tankar som lesarane kan stue bort ein stad i bakhovudet for seinare gjennomtenkning.

Ein: Russland sin intervensjon i Ukraina for to år sidan førre månad var uprovosert. To: Alt snakket til Kreml om trusselen frå eit NATO tett på sørvestgrensa, er ikkje anna enn forvrengning og paranoia frå “Putins Russland”.

Det gjekk på denne måten i Paris førre veke. Etter toppmøtet spurde pressa Macron om Ukrainas Vestlege støttespelarar vurderte å plassere ut troppar i Ukraina. Den franske presidenten svara at sjølv om dei europeiske leiarane ikkje hadde kome fram til noka semje, så låg idéen definitivt på bordet då dei samla seg i Elysée-palasset.

Og så dette:

«Ingenting bør utelukkast. Vi vil gjere alt vi kan for å hindre Russland i å vinne denne krigen.»

Straks kom det kraftige protestar. Britane, spanjolane, italienarane, polakkane, slovakane, ungararane; alle sa dei rett ut: “Ikkje tale om”. Sjølv Jens Stoltenberg, NATOs krigshissande generalsekretær, protesterte mot Macrons påstand.

Ingen var heftigare enn Olaf Scholz på dette punktet. “Det vi var einige om blant oss sjølve og med kvarandre heilt frå starten av, gjeld og for framtida,” sa den tyske kanslaren, “nemleg at det ikkje vil finnast bakketroppar, ingen soldatar på ukrainsk jord utsende av europeiske land eller NATO-statar.”

Flust med angrepsutstyr

OK, men på same møtet var dei som var til stades einige om å støtte sending av langdistanse-missil til ukrainarane, våpen som fullt ut er kapable til å nå byar, el-nett, fabrikkar og andre mål djupt inn i Russland. Så: ingen troppar, men flust med angrepsutstyr.

Paris-samlinga framkalte ein overilt sanningsaugeblink. Scholz – som politisk balanserer på ein knivsegg, delvis på grunn av regjeringa hans si støtte til Ukraina – hevda at Tyskland ikkje ville sende sine langtrekkande Taurus-missil til Ukraina, fordi tyske troppar då hadde måtta vere med på lasset, ettersom ukrainarane ikkje greier å bruke dei på eiga hand.

Sjå på britane, la Scholz taktlaust til. Når dei sender sine Storm Shadow-missil (og eg må seie eg elskar namna som Vestens arsenal-vaktarar kjem opp med for desse tinga), må britisk personell dra saman med dei.

Britiske militære eksperter må til for at slike missiler skal kunne brukes, sier Schulz. Altså at Storbritannia er i krig mot Russland.

Shit! Så udiskret!

Som Stephen Bryen rapporterte i sitt nyheitsbrev Weapons and Strategy: “Britane skreik opp og anklaga Scholz for ‘flagrant misbruk av etterretning.’” Misbruk av etterretning er ein ny vri for meg, men skitt la gå. Bryen, som følger desse sakene nært, som tidlegare tenestemann ved forsvarsdepartementet, heldt fram:

«Scholz stadfesta det alle allereie veit, at NATO-offiserar og trent personell er i Ukraina og betener våpen som Patriot og NASAM luftforsvarssystem, HIMARS MLRS, det britisk–franske kryssarmissilet Storm Shadow (SCALP–EG i Frankrike), og mange andre komplekse våpen leverte til Ukraina.»

Der har vi det – eller der har vi hatt det lenge, om enn i det skjulte.

Førre veker publiserte The New York Times ein lengre artikkel om Central Intelligence Agency (CIA) sitt nærvær i Ukraina og programma deira der som går tilbake minst eit tiår, og nesten garantert mykje lenger.

Dette inkluderer eit arkipel av underjordiske sporings-, målrettings- og kommunikasjonssenter som byrået sette opp og no hjelper dei ukrainske etterretningstenestene med å drifte. Eit dusin av desse sentra har dei plassert langs Ukrainas grense med Russland.

Nato har i all hemmelighet vært på den russiske grensen i Ukraina i mange år.

Endå ei sak der skjult blir openberra, i Times-tilfellet med vilje. Times-reporterane kunne aldri ha gravd opp kva CIA gjer i Ukraina om ikkje byrået hadde bestemt seg for å gi dei ein guida omvisning.

Så er det dei vestlege leigesoldatane og andre med ubestemt status. Det finst naturlegvis ikkje noko nøyaktig tal på desse, men det dreier seg definitivt om tusentals – amerikanarar, britar, franskmenn, tyskarar, polakkar, rumenarar og kven dei no måtte vere.

In midten av januar kunngjorde russarane at dei hadde bomba eit hotell[*] i Kharkov som tente som base for franske “frivillige”, som det så fint heiter, og drap 60 av dei. Paris noterte det ned som “feilinformasjon”, den nyttige samlenemninga for alle ubehagelege avsløringar.

Men Moskva kalla straks inn den franske ambassadøren på teppet for å klage på “Paris si aukande innblanding i konflikten om Ukraina”. Har det skjedd i nokon desinformasjonskampanje du nokon gong har høyrt om?

Det er utenkeleg, i det minste etter mitt syn, at desse nylege avsløringane gir den fullstendige oversikten over Vestens skjulte aktivitetar i Ukraina. Der finst definitivt meir enn vi har blitt fortalde. Men la oss sjå på det som til dags dato har blitt henta fram i lyset.

Stephen Bryen formulerer best det poenget som må takast opp. “Viss NATO har så mykje imot å sende troppar til Ukraina,” spør han, “korfor krev ikkje NATO då at dei soldatane som allereie er der skal sendast heim?”

For mykje er investert i konflikten

Utmerkt spørsmål. Svaret mitt: Vest-maktene, som har investert altfor mykje i Ukrainas konfrontasjon med Russland, har fått panikk når dei væpna styrkane (AFU) no trekk seg tilbake i møte med russisk framrykking, og støtta til denne galskapen avtar på begge sider av Atlanteren.

Om noko, kan det kome endå meir skjult, Vestleg personell i Ukraina.

At det er leiesoldater betalt av vestlige regjeringer i Ukraina er ingen hemmelighet.

Det er openlyst at Ukraina tapar krigen sin mot Russland, og raskare enn dei fleste analytikarane verka føresjå så seint som sist haust. Eg les no rapportar om at AFUs endelege kollaps kan skje så snart som om tre månadar eller deromkring.

Ein må lure på kva som då vil skje. Pulitzer-verda vil anerkjenne Times si skrekkelege Ukraina-dekning med ein eller to av dei latterlege prisane som dei store dagsavisene deler seg imellom. Alle nynazistane som Times eufemistisk kallar AFU sine “elite-kommandosoldatar” vil måtte finne ein annan måte å jobbe bort sin patologiske russofobi på.

Vestens uhyggelege, ueinsarta nærvær i Ukraina: Dette vil ikkje sjå ut slik det no gjer. Men det vil ikkje forsvinne. Og dermed er vi komne til sanninga som ligg i kjernen av denne nye grunnmuren av avsløringar.

Det er dette: Russarane – “Putin”, om du vil – hadde rett heile tida. Ukraina-krisa er berre den siste fasen i Vestens lange kampanje for å omringe Den russiske føderasjonen heilt opp til grensene deira, destabilisere dei og til sist bryte dei ned dei. Regimeskifte i Moskva var og er det overordna målet.

Dette er ikkje ein krig for forsvaret av “det ukrainske demokratiet” – ein frase som får ein til å enten le eller det andre. Det er Vestens proksykrig, frå byrjing til slutt, der ukrainarar kynisk speler rolla som kanonfôr, lokkeduer eller syndebukkar som godt kan ofrast.

Minsk-avtalene godkjent av sikkerhetsrådet ble brutt og bevisst omgått av vesten. Og så sier de at krigen var uprovosert?

Russland hadde ikkje anna val då dei intervenerte for to år sidan, etter åtte år med tolmod medan europearane – det vil seie Tyskland og Frankrike – braut kvart løfte dei hadde gitt om å støtte eit forlik. USA braut ingen løfte, fordi dei aldri gav nokre – og uansett hadde ingen tatt dei alvorleg om dei hadde gjort det.

Eg kjem til same dommen eg gav då krigen, som starta i 2014, braut ut i open konflikt for to år sidan. Den russiske intervensjonen var beklageleg, men nødvendig. Eg fekk ein del pisk for dette i 2022. Eg fekk nyleg vite at det er registrert i nokre europeiske etterretningsfiler som eit stort overtramp.

Det er like sant no som då. Alt vi, i små drypp, får vite om Vest-maktene sine ulike skjulte gjeremål i den miserable, mislykka staten som dei har gjort så mykje for å øydelegge, stadfester dette.

[*] Telegram: https://t.me/geopolitics_live/13981https://t.me/UkraineHumanRightsAbuses/44827

Omsett, og noko avkorta, av Monica Sortland

https://popularresistance.org/the-russians-in-ukraine/

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Forsidebilde: Torsten Dederichs

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar