Derimot: Konflikten mellom Israel og USA:Ingen er så blind som de som ikke vil se. – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Benjamin Netanjahu i duell med USA

av Thierry Meyssan

Benjamin Netanjahu greidde ikkje å få president Joe Biden til å bøye seg, sjølv om han sa i januar at han skulle greie det. Han vann likevel duellen, då han hindra Det kvite hus i å motsette seg politikken hans. Framfor auga våre nekta han å lyde FNs Sikkerheitsråd og Den internasjonale domstolen. Han praktiserer etnisk utreinsking både på Gazastripa og Vestbreidda. Ingen kan gjere noko for å stoppe brotsverka hans.

VOLTAIRE NETWORK | PARIS (FRANKRIKE) | 4. JUNI 2024

Aktor ved Den internasjonale straffedomstolen, Karim Khan, har åtvara mot forsøk på å legge press på domstolens personal. Han talte ikkje for døve øyre; saka er omtalt i både «+972 Magazine», «Local Call» og «The Guardian». Mossad pressa frå 2016 til 2021 Karim Khans forgjengar Fatou Bensouda. Den gongen handla det ikkje om å skjule slike brotsverk som landet no utfører.

Seint i januar i år deltok 12 israelske ministrar, inkludert statsminister Benjamin Netanyahu, i eit stort show, organisert i Jerusalem, under tittelen «Konferanse for Israels siger – settlement gir sikkerheit: retur til Gazastripa og nord-Samaria» [1]. Ved dette høvet trua organisatorane anglosaksarane med gjenoppretting av Stern-gruppa, som under og etter Andre verdskrig kjempa mot dei allierte, dersom dei skulle sette seg imot koloniseringa av Gazastripa og Vestbreidda.

Med andre ord: fascisten Vladimir Ze’ev Jabotinsky hadde altid ønska å tileigne seg «Eretz Israel» (dvs. alle territoria frå Nilen til Eufrat, inkludert Israel, dei palestinske territoria, Libanon, Jordan, Syria og delar av Irak), «Det lova landet», «Stor-Israel». Når eg kallar Jabotinsky for «fascist», er det ikkje ei verdiladd meining eg har. Eg berre peikar på det faktum at han var alliert med Benito Mussolini, både før og under Andre verdskrig [2].

For fire månadar sidan kravde følgarar av Jabotinsky at dei skulle få lov til å gjennomføre dette prosjektet, å kaste arabarane ut av Palestina og erobre heile regionen.

Washington reagerte med unilaterale tvangstiltak mot «dei jødiske suprematistane» på Vestbreidda (1. februar, 2024) [3], deretter med å førestille seg å få Benjamin Netanyahu styrta og erstatta med Benny Gantz [4], med å suspendere våpenleveransar og til slutt med å prøve å tvinge fram ein fredsavtale. Med «jødiske suprematistar» meiner eg følgarar av rabbi Meir Kahane, som fekk forbod mot å sitte i Knesset, men no regjerer der.

Samtidig vedtok FNs Sikkerheitsråd, etter press frå FNs Generalforsamling etter mange veto frå USA, endeleg ein resolusjon den 25. mars, der dei bad om ei humanitær våpenkvile i Gaza [5]. Men ambassadør Linda Thomas-Greenfield, USAs spesialrepresentant i FN, gav ikkje akt på FN-pakta og hevda straks at resolusjonen var ikkje-bindande, altså at Israel kunne bestemme seg for å ikkje implementere den.
Den internasjonale domstolen (ICJ) slutta seg til retorikken til Det kvite hus og bad først Israel ta forholdsreglar for å unngå folkemord [6], deretter gav dei ordre om å straks trekke seg ut av Rafah [7].

På initiativ frå Representanthusets Speaker (Mike Johnson), har no presidentane for Republikanarane i Senatet (Mitch McConnell), Demokratane i Senatet (Charles Schumer) og i Huset (Hakeem Jeffries) nett forlenga ein invitasjon til Benjamin Netanyahu om å kome og tale til medlemmane av Kongressen. Med det opponerer den lovgivande greina mot den utøvande greina og støttar tydeleg den etniske reinsinga som føregår.

«Dei revisjonistiske sionistane» (som Jabotinsky kalla medlemmane av si tankeretning) feila såleis i å presse viljen sin på president Joe Biden, men lykkast i å presse den på Kongressen. Korleis gjorde dei det?

Tilbake i 2015 inviterte Kongressen i USA Benjamin Netanyahu til Det kvite hus, sjølv om president Barack Obama nekta å ta imot han. Under talen hans skal agentar frå ambassaden, ifølge «New York Times», ha overvaka parliamentarikarar som ikkje applauderte for å straffe dei.

KONGRESSEN STØTTAR SJØLV OM DET KVITE HUS IKKJE GJER DET

Speaker for representanthuset, Republikanaren Mike Johnson (Louisiana), er ein evangelsk-kristen advokat [8]. Men framfor alt er han ein «Kristen sionist» som ser det som ei religiøs plikt å forsvare Israel, same korleis dei ter seg. Han vart vald til Speaker for Huset i ein problematisk situasjon, med uventa hjelp frå dei ultra-konservative Freedom Caucus, som sette seg imot å auke statens gjeldstak.

Mitch McConnell, leiar for Senatets Republikanar-fraksjon og som i namnet til «American exceptionalism» [10] ringeaktar Folkeretten [9] , har lenge vore kjend for sine pro-Eretz Israel-standpunkt. I 2017 oppfordra denne baptisten USAs presidentar til å «respektere praksisen med å legge ned veto mot alle resolusjonane til FNs sikkerheitsråd som tar sikte på å involvere FN i fredsprosessen, og ikkje godkjenne unilaterale palestinske handlingar, inkludert erklæringa av ein palestinsk stat, eller diktere vilkår og tidsplan for ei løysing på den israelsk-palestinske konflikten» [11].

Hakeem Jeffries, leiar for Husets Demokratiske fraksjon, er også kjend for å konsekvent vere på linje med standpunkta til Staten Israel. Sjølv om han ikkje har forsvart prinsippet om etnisk reinsing av arabarar i Palestina, har han talt ope og breitt for å utrydde Hamas-medlemmar, utan å skille mellom dei som er knytte til Det muslimske brorskapet og dei frå Den palestinske resistansen.

Mest overraskande er tilfellet Chuck Schumer, leiar for Senatets Demokratiske fraksjon. Gjennom 43 år har denne ultra-ortodokse jøden i prinsippet støtta alle israelske standpunkt, heilt til han gjorde ei spektakulær heilomvending i mars, då han erklærte at det var mogleg å både vere for Israel og imot Benjamin Netanyahus politikk [12]. Han var på denne tida kraftig imot at Netanyahu skulle besøke USA. Likevel gav han seinare talarstolen til Netanyahu i sin fraksjon, og mottok han nyleg i Kongressen.

Av desse fire er det berre Chuck Schumer som er jødisk. Men dei andre tre har i stor grad den finansielle støtta frå dei amerikansk-jødiske oligarkar å takke for gjenvala sine. is Jewish. Dei samsvarer med dei emblematiske politikarane som John Mearsheimer kritiserte i studien sin The Israel Lobby and U.S. Foreign Policy. Amerikansk demokrati var til sals, og pro-israelarane kjøpte det.

UMOGLEG Å TA AVGJERDER SOM STRIR MOT DEI «REVISJONISTISKE SIONISTANE» SINE

Tilstanden til democratiet i USA skiller seg frå den i Frankrike. Sjølv om det er slik for begge at dei økonomiske bidragsytarane til valkamp har større innverknad på den nasjonale politikken enn velgarane har, fokuserer ein ikkje på dei same kjenneteikna. I Washington blir ingen overraska over at valde statstenestemenn tilhøyrer religiøse sekter. Ein kan vere medlem av parlamentet, av regjeringa og til og med president, og likevel tru på Gog og Magog. I Paris, derimot, ignorerer ein den religiøse og etniske tilhøyrsla til dei valde statstenestemennene. Det inneber at ein, slik det er i dag, kan oppleve at halvparten av leiarskapet ved dei konstitusjonelle institusjonane består av borgarar som kan skaffe seg israelsk statsborgarskap.

Uansett er det i begge fall umogleg for statsleiarane å ta avgjerder som strir mot staten Israel sin politikk, eller til og med – slik det er i USA – mot politikken til «dei revisjonistiske sionistane», dvs. ny-fascistane som ope praktiserer etnisk utreinsking i Palestina.

Om dei skal kome seg ut av denne situasjonen, vil dei folkevalde representantane måtte klippe banda til finansiørane sine og ikkje nøle med å avsløre støtta som den Vestlege leiren gav krigsforbrytarar under Den kalde krigen. Viss Benjamin Netanyahu og hans «Jjødiske suprematistar» sit med makta i dag, er det fordi det kollektive Vesten i fleire tiår meinte dei hadde interesse av å støtte denne ideologiske retninga, sjølv om dei nedkjempa den under Andre verdskrig.

Sist oktober gjekk, Galit Distel-Etebaryan, Israels Informasjonsminister, av i protest mot den altomfemnande militære sensuren. Deretter gjekk departmentets topptenestemenn av i protest mot bruken av ‘den nasjonale sikkerheita’ som unnskyldning for å sensurere granskingar gjort av israelsk presse.

ALTOMFATTANDE MILITÆR SENSUR

Brotsverka til dei revisjonistiske sionistane er statshemmelegheiter. I fleire tiår har dei massakrert kommunistar, eller enkle motstandarar, over heile verda. Frå Guatemala til Kongo, via Iran, frå Sør-Afrika til Taiwan, via Bolivia, deltok dei i nokre av dei verste tinga som skjedde under Den kalde krigen. Alle desse brotsverka er verna av ein nådelaus sensur [13].

I dag har den hebraiske staten den mest effektive militære sensuren i verda. Hundretals granskingar som israelske aviser har gjort om banda mellom Benjamin Netanyahu, Det muslimske brorskapet og Hamas, om førebuingane til 7. oktober-angrepet, om korleis sikkerheitstenestene ikkje responderte i fleire timar, eller om dei verkelege målsettingane til IDF i Gaza hahar blitt sensurerte. Under det siste kvartalet av 2023 vart det sensurert avsnitt i 2703 artiklar, og 613 andre artiklar var heilt sensurerte, har tenesta for militær sensur innrømd [14].

Vi kjenner berre den offisielle versjonen av hendingane den 7. oktober, altså løgner. Sjølv om vi veit at Hamas ikkje kappa hovudet av barn, som nokre i redningsmannskapet vitna om, veit vi verken kor mange israelarar som vart drepne av angriparane eller kven som gav ukrainske våpen til den palestinske Resistansen. Israels støttespelarar held fram med å resonnere som om Hamas var ein homogen organisasjon og Benjamin Netanyahu ikkje visste om at dei skulle angripe Israel [15].

For å få klarheit, har general Benny Gantz fremma krav om at det blir oppretta ein granskingskommisjon om førebuingane til angrepet den 7. oktober, korleis det vart gjennomført og kva for konsekvensar det fekk, eit krav retta direkte mot «dei revisjonistiske sionistane» som akkurat no ikkje har nokon sjanse til å bli følgd opp.

Truleg vil, når den om lang tid blir oppretta og avslører løyndommane, dei noverande støttespelarane til Benjamin Netanyahu prøve å unnskylde seg med å seie at heller ikkje dei visste. Ingen er så blind som den som ikkje vil sjå.

Omsett av Monica Sortland

[1] “In Jerusalem, the «Conference for the Victory of Israel» threatens London and Washington”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 13 February 2024. [2] “The veil is being torn: the hidden truths of Jabotinsky and Netanyahu”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 25 January 2024. [3Executive Order on Imposing Certain Sanctions on Persons Undermining Peace, Security, and Stability in the West BankWhite House, February 1, 2024. [4] “Washington, London and Tel Aviv entangled in Palestine”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 19 March 2024. [5] “Security Council Resolution 2728 demanding a humanitarian ceasefire in Gaza”, Voltaire Network, 25 March 2024. [6] “The provisional measures of the International Court of Justice”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 30 January 2024. [7] Dispatch 1378 “The International Court of Justice orders Israel to withdraw from Rafah”, Voltaire, International Newsletter, N°89, May 31, 2024. [8] « Le CUFI : 50 millions d’évangéliques pour soutenir Israël », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 14 août 2006. [9] “What international order?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 7 November 2023. [10] Actes du colloque organisé par le Carr Center for Human Rights Policy : American Exceptionalism and Human Rights, Michael Ignatieff, Princeton University Press (2005). [11] «McConnell, Schumer sign onto resolution condemning UN Israel vote», Max Greenwood, The Hill, January 4, 2017. [12] Dispatch 0741 “For Chuck Schumer, it is possible to be against Netanyahu and for Israel”, Voltaire, International Newsletter, N°79, March 22, 2024. [13] «Banning Arab and Anti-occupation Films, This Censorship Agency Shaped Israel for Decades», Adam Shinar, Haaretz, April 20, 2024. [14] «Israeli military censor bans highest number of articles in over a decade», Haggai Matar, +972 Magazine, May 20, 2024. [15] “What lies behind Benjamin Netanyahu’s lies and Hamas’s evasions”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 28 November 2023,.

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar