Derimot: Den nye finlandiseringa:Sverige og Finland på full fart til ny underkasting
derimot.no:
Av Edvard Mogstad, historikar,
Hangö, Finland
Den nye finlandiseringa kom raskare enn venta. Sverige og Finland spring som lydige hundar når Nato, dvs. USA, blæs i fløyta: Dei reserverer seg ikkje mot atomvåpen på eiga jord, dei inviterer amerikanske troppar til eige territorium, og dei utleverer kurdiske opposisjonelle til Tyrkia. Humanistiske prinsipp må vike for å bli medlem av «den store, kvite flokk».
Skilnaden frå den førre finlandiseringa, fram til 1990, da Finland lydde Sovjetunionen i utanrikspolitikken, var at sambandet med Sovjet gav finnane store økonomiske fordelar. Denne nye finlandiseringa gjer det motsette: Den gunstige eksporten til Russland blir stogga, og saman med resten av Europa blir Finland straffa økonomisk av dei nye sanksjonane – fremst av den vestlege boikotten av russisk energi. Som blir framstilt i vestlege media som om det er russarane som har skrudd igjen gasskranene, t.d. journalisten Eirik Grasaas-Stavenes i Klassekampen 25. november. Dei må tru at lesarane har svært dårleg minne; vi kjem jo i hau korleis amerikanarane pressa Tyskland på å stogge gassimporten sist vinter. For sikkerheits skuld fekk dei sprengt Nord Stream II, noko Biden hadde varsla på førehand.
Her i Hangö har over tusen bilar, meint for den russiske marknaden,
stått i månadsvis og snødd ned på hamna. Det må igjen strekast under at det ikkje er russarane som nektar å importere bilane. Det er seljarane sjølve som vil vera (tvungne) «solidariske» med Ukraina, det vil seia USA. Som om russarane elles ikkje vil få tak i bilar! No blir russisk, kinesisk og indisk etc. bilindustri stimulert. Men det er nok eit døme på vestleg sjølvskott, eller rettare; amerikansk skott på Europa.
Den nye finske underkastinga har gitt absurde utslag. 28. november hadde Helsingin Sanomat ein stort oppslått og berykta leiarartikkel, der dei oppmoda finnane til ikkje å kritisere Tyrkia eller Erdogan. Sitat: «Det gjeld å bita saman tennene så det gjer vondt»! (Hammasta on purtava niin että sattuu.)
Det svenskspråklege Hufvudstadsbladet, som er meir uavhengig, siterte Veronika Honkasalo frå Vänsterförbundet (9. desember), som i Riksdagen kravde svar frå Regjeringa på kvifor Helsingfors-politiet forbaud kurdiske flagg(!) under demonstrasjonane på sjølvstendedagen 6. desember. Dei var tillatne i andre finske byar, og i Helsingfors året før..
Hufvudstadsbladet hadde tidlegare eit langt intervju med leiaren for den finske fredsrørsla, Laura Lodenius (22. mai), som m.a. sa:
– Ingen analys har lyfts fram som viser att Ryssland trugar Finland eller Sverige. Det er en bild som er skapt i fryktens atmosfär! –
Men det gjeld å smi mens jarnet er varmt, noko Naomi Klein har vist i Sjokkdoktrinen. Korfor vil kapitalpartia i heile Vesten inn i Nato? Fordi dei ser på USA som ein politisk og militær garanti for fortsatt plutokrati (rikmannsvelde), sjølvsagt. Men «sosialistane» i Norden kan skremmast opp, og da må ein slå raskt til, helst utan val eller folkerøysting.
Dette er ein forlenga versjon av «Finlandisering i full fart», som sto i Klassekampen 21. desember.
8 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 8 ganger.
Post Views: 32