Nok en militæranalytiker fra USA: «Game over for Zelensky».

Derimot.no

Dette er et kortfattet sammendrag fra det Jacob Dreizin hevder i videoen under. Det er praksis i overensstemmelse med innlegg vi har hatt tidligere fra blant annet våpeninspektør Scott Ritter, tidligere militær-rådgiver for USAs forsvarsminister Douglas MacGregor og den sveitsiske etterretningsoffiseren og obersten Jacques Baud.

Jeg blir mer og mer overrasket og forferdet over den dekningen våre medier gir krigen som preges mer og mer av ville spekulasjoner, psykologiseringer om særlig Russlands president Putin og ønsketenkning. Naturligvis er dette vi serveres krigspropaganda, ikke minst fra tapende Ukraina, og at norske militære eksperter stille opp i denne forvrengningen av det som faktisk skjer forteller hvor stort trykket er for bare en fortelling skal serveres.

I stedet for en avtale med Russland som var levelig for landet og uten krigshandlinger risikerer nå Ukraina å miste hele kystlinjen langs Svartehavet. Dette meldes nå som et stadig sterkere krav fra russiske politikere fra ytre venstre til ytre høyre.

Knut Lindtner
Redaktør

Her er et kortfattet sammendrag av videoen.

Game over for Zelensky

Det nærmar seg sakte men sikkert slutten for Kiev-regimet sitt grep om aust-Ukraina. Styrkane deira blir mindre og færre for kvar dag som går. Innan kort tid vil dei måtte gi slepp på store territorium, rett og slett fordi dei ikkje har soldatar att å kjempe med.

Det er konklusjonen til bloggaren, og eks-soldaten i US Army, Jacob Dreizin. Han har følgd utviklinga i Ukraina frå sidelinja og analysert situasjonen utifrå eit militært synspunkt.

Jacob Dreizin

Dreizin meiner planen til russarane først var å få regimet til å gå med på ein avtale. Dei gjekk massivt og raskt inn mot Kiev med styrkar frå aust, sør og nord, og håpa Zelensky ville innsjå at det berre var å gi opp når hovudstaden var omringa. Problemet, seier han, var at dei ikkje hadde full kontroll over heile området dei passerte på vegen til Kiev, men berre «marka under føtene sine», sjølve vegen. Det fanst framleis mange ukrainske soldatar inne i desse områda. Russarane sette opp kontrollpostar for å gjere det vanskeleg for desse å forflytte seg. Utover det hadde dei eigentleg ikkje kontrollen over desse svære territoria, slik vi misvisande har blitt fortalde.

Zelensky gjekk ikkje med på noka kompromissløysing. Han valde å følge instruksane til Onkel Sam, som sa ’Hald fram med kampen; vi skal gi dykk den støtta de treng’. Så russarane såg det var poenglaust å halde fram med kringsettinga av Kiev, og gjekk over til plan B. Denne gjekk, ifølge Dreizin, ut på å «lukke gardina rundt Donbas», å sikre kontrollen over territoria i aust og sør. Ukrainske kampstyrkar skulle enten tvingast til å overgi seg eller miste livet i kamp. Og det er nett det som har skjedd. Sakte og metodisk har dei russiske styrkane utradert kompani for kompani, bataljon for bataljon. Etterkvart som dei har falle ifrå, har Kiev-regimet sendt stadig fleire styrkar til frontlinjene. Når så desse og har blitt tatt, har ein måtta ty til reservestyrkar, frivillige og generelt dårleg trente krigarar, og den dårlege kvaliteten har ikkje nett hjelpt på situasjonen deira.

Våpenforsyningane «frå Onkel Sam og hans demoniske blokk i Europa», som Dreizin uttrykker det, har ikkje gjort noko til eller frå i konflikten. Dei blir effektivt stoppa av russarane før dei når fram dit dei skal.

Ukraina er rett og slett i ferd med å tape konflikten. Når Donbas er reinsa for ukrainske soldatar er det game over.

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 16

Les artikkelen direkte på derimot.no