Moskva åtvarar:Finsk Nato-søknad vil få ‘militært svar’
derimot.no:
Vi bringar her ei lenke til eit intervju med tidlegare våpeninspektør og etterretningsoffiser Scott Ritter (20 min).
Ritter svarar først på nokre spørsmål om taktikk og strategi til aktørane i krigen i Ukraina. Så fortel han om kor tungt USA er inne i Ukraina, ikkje berre med våpenhjelp, men at dei også betaler lønene til den ukrainske hæren og finansierer det ukrainske maktapparatet, som ellers ville vore bankerott. Og «Biden vil slåst til den siste ukrainar!» Russlands mål var opphavleg avgrensa, men den seige motstanden betyr at dei vil trappe opp til ein fullskala krig.
Men det verkeleg skremmande for Norden (og verda), er utsegnene om Finland, at Finlands Nato-søknad vil få eit ‘militært taktisk svar’.
Vi har vondt for å tru at dette tyder eit åtak på Finland, men Ritter hevdar at dette er nett den same retorikken Moskva nytta før åtaket på Ukraina. Og vi trudde heller ikkje at Russland ville gå til åtak på Ukraina.
Ritter spår at Russland snart vil gå til full mobilisering.
https://www.thetruthseeker.co.uk/?p=253414
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 3