Indirekte innrømmes det at USA hadde planer om å likvidere Assange.USAs eks-utenriksminister innkalles som vitne i spanske kriminalsak.
derimot.no:
Spansk domstol kallar inn Mike Pompeo til å vitne om CIA-plott om å kidnappe eller avrette Assange
Oscar Grenfell@Oscar_Grenfell
6. Juni 2022
Spanias Høgsterett har kalla inn tidlegare CIA-direktør og utanriksminister (USA) Mike Pompeo til å gi sitt vitnemål om ein massiv spionasje-operasjon han skal ha organisert mot Julian Assange, og om eit relatert Trump-administrasjons plott som gjekk ut på å kidnappe eller myrde Wikileaks-publisisten i London.
Innkallingane, avslørt av ABC Spain sist fredag, vart utstada av høgsterettsdommar Santiago Pedraz. Pompeo er, saman men med den tidlegare direktøren for US National Counterintelligence and Security Center, William Evanina, forplikta til å vitne for ein spansk rett, enten ved personleg oppmøte eller via videolink, seinare denne månaden.
Pompeo og Evanina har blitt innstevna i ei straffesak mot Davis Morales, ein tidlegare spansk marinesoldat som var sjef for det private sikkerheitsfirmaet UC Global. I 2015 vart Morales sitt firma hyrt inn av dei ecuadorianske styresmaktene til å ta hand om tryggleiken på London-ambassaden, der Assange levde som politisk flyktning.
Ifølge varslarar ved UC Global, som forsynte den spanske retten med bevis, inngjekk Morales i 2016 ein avtale med USAs styresmakter om omfattande overvaking av WikiLeaks-grunnleggaren. Desse eks-tilsette fortalde også at der var diskusjonar om å potensielt bortføre Assange eller forgifte han året etter.
Dette er i samsvar med ei avsløring som Yahoo! News publiserte sist september, der det vart hevda at det i 2017 var diskusjonar på toppnivå i Trump-administrasjonen om å sette i verk ekstraordinære tiltak mot Assange, inkludert ei mogleg kidnapping eller avretting. Rapporten, basert på diskusjonar med 30 tidlegare US-amerikanske statstenestemenn, hevda at Pompeo, som då var CIA-direktør, var sentral for komplottet, då han instruerte sine underordna om at i kampanjen mot Assange, var «ingenting over grensa».
Ifølge Business Insider, har ikkje Pompeo svart på den spanske stevninga, sjølv om han berre har blitt innkalt for å gi bevis, og den spanske retten har gjort det klart at han er utanfor deira rettsforfølgande jurisdiksjon.
Pompeo var nært tilknytt Trump-administrasjonen sitt angrep på demokratiske rettar og krigshissinga som inkluderte opne brot på internasjonal lov. Som utanriksminister under Trump, vil Pompeo ha vore involvert i avrettinga av den iranske toppgeneralen Qasem Soleimani i Irak i 2020.
Pompeo har allereie skildra mykje om si tid som CIA-direktør. I 2019, eit år etter at han slutta i stillinga, fortalde han framfor eit publikum i Texas: «Då eg var kadett, kva var kadett-mottoet på West Point? Du skal ikkje lyge, jukse, stele eller tolerere dei som gjer det. Eg var CIA-direktør. Vi laug, vi juksa, vi stal. Vi hadde heile treningskurs. Det påminner deg om det ærerike ved det amerikanske eksperimentet.»
Då rapporten til Yahoo! News vart publisert, bad Pompeo om at kjeldene til rapporten skulle rettsforfølgast etter lovene som handlar om den nasjonale tryggleiken, ei praktisk talt stadfesting av sasnningsgehalten til rapporten.
USAs justisdepartement si haldning til den spanske rettssaka er også ei uuttalt innrømming av skuld. Sist november rapporterte Yahoo! News om at justisdepartementet hadde ignorert alle førespurnadar frå den spanske dommaren Santiago Pedraz om assistanse i saka mot Morales.
Dei US-amerikanske styresmaktene nekta å gi ut nokon informasjon om amerikanske IP-adresser som hadde tilgang til den ulovlege overvakinga av Assange som UC Global samla inn. Samtidig hadde Justisdepartementet prøvd å skvise informasjon ut av Pedraz, mellom anna ein svært uvanleg og urovekkande førespurnad etter identitetane til varslarane ved UC Global.
Ifølge advokatane til Assange, har Evanina gitt ei endå meir direkte stadfesting av at påstandane om hemmeleg samrøre mellom styresmaktene i USA og UC Global er sanne. Dokument frå Assange sine advokatar til den spanske domstolen, sitert i Objective, hevdar at Evanina innrømde: «USAs etterretningsvesen hadde tilgang til kameraa på Ecuador sin ambassade i London, til opptak av samtalar der inne, til påfunn/planar som kom fram ved besøka og til reisedokumenta til dei alle; dei planla til og med mordet på eller kidnappinga av asylanten.»
Evanina var den einaste eks-tenestemannen under Trump-administrasjonen som stod fram for Yahoo! News-historia som grundig fortalde om kidnapping/mord-komplottet mot Assange. Dei retta stadig anklagar mot WikiLeaks-grunnleggaren, seier Evanina, men dei «hadde fortreffeleg innsamling av planane og intensjonane hans.» Han snakka om eskaleringa av elektronisk og personleg (humint) overvaking av Assange.
Evanina viste til ein avbroten plan som Assange hadde om å flykte frå ambassaden og søke asyl i utlandet, ein gong i 2017: «Vi, i Five Eyes, kjende oss svært trygge på at vi ville greie å hindre han» i å kome seg unna klørne til britiske og US-amerikanske styresmakter. Five Eyes er den USA-leidde alliansen for elektronisk overvaking som involverer Storbritannia, Australia, New Zealand og Canada.
Denne utsegna viser breidda på den imperialistiske kampanjen mot Assange, og impliserer talande dei australske styresmaktene som sentrale deltakarar i overgrepet mot rettane til Wikileaks-grunnleggaren, trass i at han er australsk medborgar og journalist.
Med andre ord: enten Pompeo stiller opp i den spanske retten eller ei, så er den USA-leidde skitne-triks-kampanjen mot Assange ei sak for offentlegheita. Dei spanske innstevningane blottlegg at USA sine forsøk på å få Assange utlevert frå Storbritannia er eit pseudo-legalt dekke for ein kriminell overleveringsoperasjon som involverer brot på både internasjonal og innanlandsk lov.
Yahoo! News-rapporten viser tydeleg at den opptrappa US-amerikanske kampanjen mot Assange var ein respons på WikiLeaks si avsløring, tidleg i 2017, av CIA sine illegale spionasjeoperasjonar. Det vart skissa opp ei anklageavgjerd mot Assange, for publikasjonar i 2010 og 2011 som avslørte krigsbrotsverk i Irak og Afghanistan, slik at det skulle finnast eit (falskt) legalt grunnlag for å fengsle Assange i USA om han vart kidnappa frå London av CIA.
Dette vart tatt opp av advokatane til Assange under høyringane om utlevering av Assange i den britiske Høgsteretten sist oktober. Mark Summers QC slo fast: «Dette er første gong, etter det vi veit, at USA har søkt assistanse frå ein britisk domstol om å skaffe seg jurisdiksjon over nokon, der bevisa tyder på at dei har vurdert, om ikkje konspirert om, avretting, kidnapping, framsyning, forgifting av den personen.»
Trass i dette, så aksepterte Høgsterett verdilause og sjølvmotseiande diplomatiske forsikringar frå USA om at Assange ikkje ville bli behandla så dårleg som advokatane hans påstod om han vart ekspedert til eit amerikansk fengsel. I mars nekta den britiske Høgsteretten å høyre ein anke frå Assange om avgjerda.
WikiLeaks skreiv i går på Twitter at den britiske innanriksministeren Priti Patel snart vil kunngjere om ho skal gi løyve til utlevering. Med tanke på den intense fiendskapen som dei britiske styresmaktene har mot Assange, så er utfallet meir eller mindre ein formalitet. På papiret har han ein annan ankesjanse innanfor det britiske rettssystemet, men over eit tiår med vilkårlege angrep på rettane hans, betyr at heller ikkje dette er garantert.
Med andre ord så står Assange overfor utsiktene til ei rask utlevering til USA, eller ein forlenga periode i det maksimal-sikra Belmarsh Prison, der han har sete fengsla i over tre år, dersom han får lov å anke.
Det ope kriminelle i angrepet på Wikileaks-grunnleggaren, demonstrerer at kampen hans for fridom ikkje kan vinne fram med klagande appellar til styresmaktene, domstolar og offisielle institusjonar. Kampanjen mot Assange er støtta av heile det politiske etablissementet, i form av skremselstaktikk mot utbreidde anti-krigshaldningar midt oppe i USAs konfrontasjonar med Russland og Kina, og for å skape presedens for angrep på ein breiare sosial og politisk opposisjon i arbeidarklassen.
USA si forfølging starta under Det demokratiske partiet sin Barack Obama-administrasjon, vart intensivert av Det republikanske partiet sin Trump-administrasjon, og held fram under Joseph Biden. I Storbritannia er Dei konservative og Labour som éin mot Assange. I Australia har den nyvalde Labor-regjeringa allereie signalisert at den ikkje vil gjere noko for å forsvare Wikileaks-publisisten, medan den stiller opp for USA sine krav om anti-kinesisk aggresjon.
Kampen for Assange sin fridom er med andre ord uoppløyseleg knytt til ein politisk kamp mot alle desse regjeringane, utkjempa av arbeidarklassen, den overveldande største delen av befolkninga. Forsvaret av Assange må bli inkludert i arbeidarane sine veksande sosiale og politiske kampar, som ein spydspiss i kampen mot militarisme, krig og det medfølgande skiftet til autoritære styreformer.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Ember Navarro
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 11