For å dempe fykten. Litt informasjon om apekopper.

derimot.no:

Apekoppar – sanning versus fryktporno

Av dr. Robert W. Malone. Henta frå hans Substack-konto, 21.mai 2022. Omsett av saksyndig.

Eg blir spurt det same spørsmålet igjen og igjen; er dette utbrotet av apekoppar ein reell trugsel, eller er dette nok eit tilfelle av overdriven folkehelseformidling brukt som våpen? Eg kjem til å spare svaret mitt på dette spørsmålet til slutten av denne artikkelen og i staden fokusere på kva apekoppar er, naturen og karakteristikken til sjukdommen som følgjer av dei, kva vi veit og kva vi ikkje veit.

Apekoppe-viruset, som har sitt opphav i ymse regionar i Afrika, er i slekt med koppar (variola), som begge er medlemmer av genuset Orthopoxvirus. Det er derimot viktig å forstå at variola (major eller minor) er arten av virus som er ansvarleg for den verste menneskesjukdommen forårsaka av Orthopox-virusa. Til dømes kukoppar, hestekoppar og kamelkoppar er òg medlemmer av dette genuset, og ingen av dei er ein stor trugsel mot menneske, og den eine (kukoppar) har til og med (historisk) blitt brukt som ei koppe-vaksine. Poenget mitt er at berre fordi apekoppar er i slekt med koppar, tydar ikkje dette på nokon måte at dei representerer ein liknande trugsel mot folkehelsa. Alle som antydar noko anna er grunnleggjande engasjert i eller på ein måte støttespelarar til folkehelserelatert propaganda brukt som våpen. Med andre ord, dei spreier folkehelse-fryktporno.

____________________________________________________
Innlegget er hentet fra Saksyndig
____________________________________________________

Apekoppar vart fyrst identifisert i 1958 i apekoloniar, og det fyrste menneskelege tilfellet vart identifisert i 1970 i Den demokratiske republikken Kongo. Mest sannsynleg var dette berre det fyrste identifiserte tilfellet, sidan menneske som bur i Afrika har vore i kontakt med apar og dei andre apekoppe-dyra i tusenvis av år. Den «vest-afrikanske» apekoppe-varianten som sirkulerer utanfor Afrika på noverande tidspunkt, forårsakar ein mildare sjukdom samanlikna med det nært beslekta viruset som ein finn i andre regionar i Afrika (Kongo-varianten).

The monkeypox epidemic, a close relative of smallpox in Europe and the United States, has a mortality rate of up to 11%, and most people have no immunity - laitimes

Symptoma til apekoppar liknar ein del på, men er mykje mildare enn koppe-sjukdommen. Den generelle kliniske presentasjonen av sjukdommen forårsaka av det vest-afrikanske apekoppe-variantviruset involverer influensaliknande symptom – feber, verk i kroppen, kuldegysningar – saman med oppsvulma lymfeknutar. Eit utslett på handflata er ofte observert. I det seinare stadiet av sjukdommen, som kan vare i opp til ein månad eller lenger i enkelte tilfelle, kan involvere små sår som utviklar skorpe, og som kan resultere i eit lite av-pigmentert arr. Der er ingen evidens for asymptomatisk overføring. Med andre ord indikerer noverande medisinsk kunnskap at det berre spreier seg med kontakt mellom eit uinfisert individ og eit som allereie har symptom på sjukdommen. Difor kan spreiing av sjukdommen lett kontrollerast ved hjelp av klassiske folkehelseinngrep slik som kontaktsporing, mellombels karantene av dei som har hatt fysisk kontakt med ein infisert, og lengre karantene for dei som utviklar symptom. Essensielt alle dei noverande tilfella i Vesten som vi no ser på nyheitene, er blant menn som har sex med men, og verkar å vere på grunn av nær fysisk kontakt. Apekoppar er endemisk fleire stader i Afrika, og er eit «zoonotisk» virus, som tydar at det kan bli overført frå ei rekkje dyr (ikkje berre apar) til menneske. I fyrstninga dyr-til-menneske-overføring følgt av avgrensa menneske-til-menneske-overføring er truleg årsaken til dei sporadiske tilfella som ein typisk observerer i Afrika. Vasskoppar, som er særs smittsamt, er ikkje del av genuset Orthopoxvirus, trass at det har namnet «koppar» i seg. Ein gong til for å understreke, kukoppar og kamelkoppar er òg i genuset Orthopoxvirus, og dei er ikkje spesielt patogene når menneske får dei; berre fordi apekoppar er eit «koppe»-virus i genuset Orthopoxvirus, tydar ikkje at det er spesielt dødeleg.

Apekoppar er eit dobbelttråda DNA-virus, som tydar at på grunn av den dobbelttråda naturen til DNA, fungerer kvar av dei to trådane som ein «sjekk» på den andre under replikasjon. Som ein konsekvens av denne «feilsjekkinga», muterer dette og andre DNA-virus mykje langsamare enn RNA-virus gjer. Over tid er DNA-virus relativt stabile. Dette tydar at, i motsetnad til SARS-CoV-2 (Covid) eller influensa, er det usannsynleg at apekoppar raskt utviklar seg for å sleppe unna anten naturleg tileigna eller vaksine-indusert immunitet. Når det gjeld å lage vaksine, gjer dette det til eit mykje enklare mål enn, lat oss seie, eit raskt utviklande RNA-koronavirus slik som SARS-CoV-2, viruset som forårsakar Covid-19. Vidare, frå eit immunologisk perspektiv, er dei ulike Orthopox-virusa ofte kryss-beskyttande. Med andre ord, dersom du har blitt vaksinert med ei koppe-vaksine, eller tidlegare smitta av kukoppar, kamelkoppar eller apekoppar, er det høgst sannsynleg at du er temmeleg resistent mot sjukdom forårsaka av apekoppe-viruset som no blir (temmeleg sjeldan) rapportert om i ikkje-afrikanske land.

Noverande data indikerer at apekoppar ikkje smittar so lett mellom menneske – det har ein låg Ro (kanskje under 1), som er termen brukt for å skildre kor effektivt ein smittsam sjukdom kan spreie seg frå menneske til menneske. Igjen, dette er supergode nyheiter når det gjeld å slå tilbake viruset. Ein Ro på mindre enn 1 tydar generelt at (sjølv i mangel av sosial avstand eller andre tiltak), for kvar person som allereie er infisert, vil i gjennomsnitt mindre enn ein annan person bli smitta. For samanlikningsføremål har omikron-variantane av SARS-CoV-2 ein Ro frå 7 til 10. Eit virus med ein Ro på mindre enn 1 kan lett bli halde tilbake med standard-folkehelsemetodane diskutert ovanfor. Eit virus med ein Ro på 7-10 kan i prinsippet ikkje bli halde tilbake, og vil raskt spreie seg verda over, som vi har sett med omikron-variantane. I tilfellet med eit virus med ein Ro på rundt 1 eller mindre, kan tradisjonelle metodar for å halde tilbake smittsame sjukdommar slik som kontaktsporing, identifisering og isolering av infiserte individ, vere alt som trengst for å kontrollere viruset. Det faktum at apekoppar no blir spreidd frå menneske til menneske (heller enn å berre oppstå frå kontakt mellom ein person og eit infisert dyr) er ikkje so gode nyheiter, men sidan denne overføringa verkar å stamme frå svært nær kontakt, tydar dette at det kan lett haldast tilbake utan å ty til ein generell vaksinasjonskampanje i befolkninga. I denne typen setting, dersom er skjer eit betydeleg utbrot, er vaksinasjon ofte begrensa til berre det helsepersonellet som mest truleg vil vere i kontakt med ein infisert person. Å bruke ein vaksine til å hjelpe å halde tilbake viruset via anten «ring»-vaksinering eller utbreidde vaksinasjonsstrategiar, er generelt unaudsynt, og kan til og med vere kontraproduktivt, avhengig av kor trygg vaksinen er – ha i minne at ingen legemiddel eller vaksinar er fullstendig trygge.

blue and white labeled bottle
Ingen vaksiner er helt trygge noe denne vaksinene er et godt eksempel på.

Lat meg ta ein augneblink til å fortelje ei personleg historie for å illustrere det poenget. Etter 11.september-hendingane inkludert miltbrann-breva, tok eg arbeid som involverte klinisk utvikling av ei brei rekkje bioforsvarsvaksinar under kontrakt for det amerikanske forsvarsdepartementet (DoD, for Dynport Vaccine Company). Ein av vaksineindikasjonane som vi arbeidde med, dreia seg om å hindre koppar. Visepresidenten i USA på den tida, herr Dick Cheney, var forkjempar for utbreidd vaksinasjon mot koppar fordi ein trudde at det var noko sånt som 1% risiko for eit bioterroråtak som involverte reintrodusering av koppar til USA. Den eksisterande levande, svekka koppe-vaksinen [vaksine som inneheld ei svekka utgåve av koppe-viruset; oms.an.] byrja å bli rulla ut gjennom USA til helsepersonell og ambulansepersonell. Deretter byrja fleire rapportar om vaksine-forårsaka skade å sirkulere. Eg fekk i oppgåve å undersøkje historiske DoD-koppe-vaksinekampanje-statistikk vedrørande desse typane av «uventa verknader». Biverknader etter administrering av denne levande, svekka vaksinen var velkjent, og fall generelt i to kategoriar. I enkelte tilfelle hadde ei lita undergruppe med unge krigskjemparar og rekruttar visse tidlegare uoppdaga immunologiske defektar som resulterte i at dei utvikla ein pågåande infeksjon av det levande, svekka vaksineviruset som var i bruk på den tida. Den andre gruppa utvikla meir subtile symptom, inkludert det som no ser ut til å ha vore vaksine-assosiert myo- og perikarditt – typisk tilskrive ein autoimmun prosess. Desse problema var kjende risikoar tilbake då koppe-vaksinasjon var vanleg (og koppar hadde ikkje blitt utrydda), og difor inga overrasking når den same vaksinen vart gjeninnført i notida. Men koppar hadde blitt utrydda, og herr Cheney sitt verst tenkjelege scenario skjedde aldri. Dei som vart vaksinerte og skadde som vern mot ein ikkje-eksisterande trugsel gjev eit strålande døme på å illustrere ein risiko-fordel-ratio snudd på hovudet. Full risiko, ingen fordelar. Og koppe-vaksinasjonskampanjen vart passande nok stoppa.

Nøkkelpunkt: dette er ikkje influensa eller Covid – dette viruset muterer sakte, det er ikkje svært smittsamt, naturleg erverva immunitet er kraftig og langvarig, og Orthopox-vaksinar er vanlegvis kryss-beskyttande. Risikoen for immunologisk flykt er svært, svært låg. Og spreiinga av dette viruset kan enkelt bli stoppa av enkle, billege klassiske folkehelsetiltak. Dersom det var noko anna, ville vi allereie ha opplevd ein apekoppe-pandemi for fleire tiår sidan.

Alvorlegheitsgrada til apekoppar kan variere utifrå dei ulike variantane (som ein finn i ulike regionar i Afrika, noko som òg antydar at viruset har eksistert svært lenge). Heldigvis er denne varianten mindre alvorleg og ser ut til å vere endemisk i Afrika. Uheldigvis har den sjeldan blitt studert og difor veit ein relativt lite om viruset og den assosierte menneskesjukdommen, i stor grad fordi infeksjonstrugselen til den generelle befolkninga er so låg. STAT nyheitsjournalist Helen Branswell har nyleg intervjua CDC-ekspertar, og publisert eit utmerka samandrag av den kliniske presentasjonen:

«Innan éin til tre dagar etter at feberen byrjar, dukkar eit distinkt utslett opp, og startar ofte i ansiktet. Mange tilstandar kan forårsake utslett, men apekoppe-utslettet har nokre uvanlege trekk, nemleg det faktum at vesiklar kan danne seg på handflatene. I land der det er endemisk trur ein at viruset i hovudsak spreier seg frå infiserte dyr når menneske drep eller førebur kjøt til mat.

Når viruset fyrst hoppar over på folk, kan menneske-til-menneske-overføring skje via dropar frå andedrettssystemet – virus-infisert spytt som kan infisere slimmembranane i auga, nasen og halsen – eller via kontakt med apekoppe-sår eller kroppsvæsker, der viruset kjem inn gjennom små kutt i huda. Det kan òg bli overført via kontakt med kle eller sengekle kontaminert med materiale frå apekoppe-sår.»

Der var eit tidlegare utbrot av apekoppar i USA i 2003. Det spesielle utbrotet, det fyrste som var rapportert utanfor Afrika, vart spora tilbake til importen av små pattedyr frå Ghana. Som vist i dette utbrotet, kan fleire dyr få sjukdommen – under det utbrotet testa pungrotter og ekorn positivt for viruset og spreidde det so til præriehundar som vart selt som kjæledyr i fleire delstatar i Midtvesten (ifølgje CDC). 47 menneske fekk sjukdommen frå præriehundane. Dette er viktig og relevant historie, fordi det noverande utbrotet ser ut til å skje gjennom menneske-til-menneske-overføring, og der ikkje eitt enkelt individ kan bli spora som tilfelle null. Der har vore enkelte andre utbrot utanfor Afrika dei siste åra frå reisande som kjem frå Nigeria. Ein trur no at apekoppe-viruset er mykje vanlegare i Nigeria enn kva som har blitt rapportert tidlegare.

Der er ein vaksine som fekk autorisasjon i USA i 2019 for menneske frå 18 år og eldre for å beskytte mot koppar og apekoppar; Barvarian Nordic sin Jynneos. Ei andre vaksine, ACAM2000 laga av Emergent Product Development, beskyttar mot koppar og ein trur òg at den beskyttar til ei viss grad mot apekoppar. Begge vaksinar er autoriserte berre for folk som ein vurderer har høg risiko for å få sjukdommen fordi dei ikkje er fullstendig trygge. I 2003-utbrotet av apekoppar i USA vart koppe-vaksine gjeven til personar som vart vurdert å ha høg risiko.

USA har allereie lager av vaksinane i Strategic National Stockpile, ein skanse mot folkehelserelaterte naudssituasjonar. «For å bekjempe koppe-naudssituasjonen har SNS nok koppe-vaksinar til å vaksinere heile den amerikanske befolkningen. I tillegg har SNS antivirale legemiddel som kan bli gjevne for å behandle koppe-infeksjonar om behovet er der,» sa ein talsperson for Department of Health and Human Services via e-post. Etter mi meining representerer 119-millionar dollar-kjøpet av koppe-vaksinen som nettopp vart godkjent av det amerikanske HHS og Biden-administrasjonen, ei unaudsynt og ikkje-etterspurt utgift, med mindre der er data som viser at den noverande stammen er betydeleg ulik dei historiske forgjengarane innan denne varianten.

Van Kerkhove i WHO sa at nokre av desse produkta har blitt godkjent ved å bruke det som er kjent som dyreregelen, der effektivitetsdata frå dyr blir brukte som eit surrogat fordi mangelen på koppar i omløp tydar at vaksinane eller legemiddela ikkje kan bli testa for effektivitet på menneske. Som eit resultat kan kvart slikt eit produkt berre brukast i konteksten til eit klinisk forsøk, sa ho.

‘Der finst val. Vi må berre forvisse oss om at dei blir brukt passande. Ein av tinga relatert til vaksinar er at vi vil forsikre oss om at vaksinane trengst og at dei blir brukt, at dei blir brukt blant dei som treng dei mest. Der er ikkje rikeleg forsyning av noko som helst akkurat no,’ sa ho.

Likevel var ho sikker på at utbrotet kan kontrollerast.

‘Det vi må gjere no er å fokusere på å stoppe spreiinga. Og vi kan gjere det. Vi kan gjere det med passande informasjonsformidling, med passande testing… med støttande isolasjon og klinisk behandling som naudsynt, med å beskytte helsearbeidarar,’ sa Van Kerkhove.»

Home - Gavi Alliance Logo, HD Png Download , Transparent Png Image - PNGitem

Den Bill Gates-finansierte organisasjonen GAVI har tilbydd si vurdering av den medisinske trugselen som apekoppar utgjer, som ein kan finne her. Mange lesarar av denne Substacken vil ikkje vere overraska av mi vurdering at denne GAVI-trugselvurderinga i høg grad bikkar over i overdriving. Til dømes prøver artikkelen å skape parallellar mellom apekoppar og Ebola:

«I likskap med virus slik som Ebola, skjer overføring berre i nær kontakt med sår, kroppsvæsker, dropar frå anderettssystemet og kontaminerte materiale slik som sengekle eller kle.»

Artikkelen fastslår òg følgjande løgnaktige desinformasjon:

«Sjølv om symptom ofte lettar innan ein månad, kan ein av tre tilfelle vere dødelege. Barn er spesielt utsett.»

Denne vurderinga representerer ei svært føreinnteken tolking av ein datarapport frå Verdas helseorganisasjon:

«I 2020 rapporterte Verdas helseorganisasjon (WHO) 4594 mistenkte tilfelle av apekoppar, inkludert 171 dødsfall (dødelegheitsrate blant tilfella 3,7%). Dei er skildra som mistenkte fordi bekrefting krev PCR-testing, som ikkje er lett tilgjengeleg i endemiske område.»

Dei lesarane som har blitt sensitive til denne typen informasjonsmanipulering og våpen-isering vil umiddelbart leggje merke til to nøkkelpunkt i denne kommentaren. For det fyrste er den rapporterte dødelegheita på 3,7% (ikkje 10%) blant tilfelle frå mistenkte, ikkje bekrefta tilfelle. For det andre er denne forma for sampling høgt føreinnteken mot meir alvorleg sjukdom – land vil sjeldan oppdage og rapporterer ikkje tilfelle av mild sjukdom til WHO.

So, er denne biotrugselen reell? Er den på veg? Rettferdiggjer den den globale mediehypen? Då eg venta på ein flyplassterminal for å reise frå USA til Storbritannia to dagar sidan, såg eg ei nyheitssending frå CNN der dei rapporterte på innpust og utpust om denne «trugsleen» medan dei viste historiske bilete av pasientar som leid av koppesjukdom. Dette gjev eit klassisk døme på folkehelse-fryktporno, etter mitt syn, og CNN burde bli irettesett for å kringkaste uansvarleg propaganda – feilinformasjon og desinformasjon – under dekket journalisme.

Eg meiner, basert på noverande tilgjengeleg informasjon, at apekoppar er eit virus og ein sjukdom som er endemisk i Afrika, oppstår sporadisk etter overføring til menneske frå dyrevertar, og blir typisk spreidd via nær menneskeleg kontakt. Det kan lett kontrollerast med klassiske folkehelsetiltak. Det har ikkje høg dødelegheitsrate. Med mindre det har skjedd genetisk endring, anten gjennom evolusjon eller bevisst genetisk manipulasjon, er det ikkje ein betydeleg biotrugsel, og har aldri blitt sett på som eit høgtrugsel-patogen i fortida.

So stopp skremselen, feilinformasjonen og desinformasjonen!

Forsidebilde: Anne Nygård

42 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 42 ganger.

Post Views: 16

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...