Derimot.no

Etterretningsanalytiker i USA: Alt USA har tenkt om krigen og Ukraina har vært feil.

derimot.no:

Etter å ha bommet fullstendig på utviklingen i Ukraina gjenstår nå bortforklaringene. Det ukrainske hæren er i full oppløsning og dette har vært klart lenge. Men åpenbart ikke for de vestlig ekspertene og mediene. Vi har her på derimot.no har i lang tid hevdet dette – ikke fordi vi har noe analyseverktøy – men fordi vi holder oss med andre kilder som vi mener er langt mere nøkterne enn de vestlige. Særlig pinlig har det vært å observere de store norske mediene som har fungert som propagandaverktøy for den ene siden i denne krigen. De har vært helt på jordet.

Og det viser seg å være lurt med andre kilder, slik utviklingen nå er i Ukraina. Det gir naturligvis en viss tilfredstillelse å kunne observere dette, at det ikke var vi som var helt på villspor. Men den tilfredstillelsen drukner i sorgen over alle ungdommene som nå drepes i Ukraina. Krigen kunne vært unngått hadde den ukrainske regjeringen og vestlige regjeringer fulgt opp Minsk-avtalen.

Knut Lindtner
Redaktør

FULL FORVIRRING BLANT VESTLEGE MILITÆRANALYTIKARAR, INKLUDERT CIA

21. juni, 2022 av Larry Johnson 

Er vi no vitne til at legalisert marijuana har forårsaka ’kontakthøgheit’ blant etterretningsfolka rundt Washington DC? Korleis skal ein elles forklare den paraden av politiske og militære analytikarar som no er gripne av angst over den aukande kløfta mellom det dei påstod ville skje med Russland i Ukraina og den skarpt avteikna realiteten? Til og med CIA prøver å finne ut kva som gjekk gale med analysane deira, og dei får det enno ikkje til. Utruleg.

Problemet med CIA er enkelt – når ein prioriterer å hyre inn folk som er uvanleg opptekne av pronomen og degenerert seksualitet framfor å rekruttere kvalifiserte, genuint utdanna folk som er utsyrte med evna til å tenke kritisk, så skal ein ikkje bli overraska over at desse middelmåtige ungfolane presterer dårleg. Korleis skal ein kjønsflytande «dei» utan militær erfaring og utan andre språk enn morsmålet greie å føreseie utfallet av ein konflikt der den angripande styrken er undertalig i forholdet 3 til 1?

Ukraina bruker 3 ganger flere soldater enn Russland, likevel taper de.

Feil skal visst vere ein kjempegod lærar («Det er av feila ein lærer»). Men slik undervisning fungerer berre dersom eleven er open for lærepengar. CIA har blitt til eit lilla-håra klovne-show.  Ta berre ein kik på denne artikkelen frå  Business InsiderUS intel officials admit they didn’t see that Russia’s military was a ‘hollow force.’ Here’s what they did see and how they missed it.

Russland er no ein «hollow force» (ei hol makt)?Det einaste som er holt i dette dømet, er tomskallane av nokre idiotar som kler seg ut som etterretningsanalytikarar. Sjekk ut korleis dei unnskylder feilslutningane sine:

  • Den russiske styrken som USAs militære og etterretningsbyrå trudde var ein nesten jambyrdig motstandar, har ikkje vist seg. Den styrken som viste seg, fekk hovudstøtet sitt skipla av mindre ukrainske avdelingar.
  • «Det vi ikkje såg frå innsida, var på ein måte denne hole makta» som mangla eit effektivt underoffiserskorps, leiarskapstrening og effektive doktrinar, sa Berrier om russarane.
  • Sjølv om dei US-amerikanske etterretningsbyråa feiltolka effektiviteten til russisk og ukrainsk krigsmakt, så leverte dei presis informasjon Russlands intensjonar i månadane før Russlands angrep, som starta den 24. februar.
  • «Når ein har med ein utlandsk aktør å gjere, så kan ein analytikar fort bli offer for ei mengd mentale feller, alt frå bias av typen stadfestingstendens [at ein har ein tendens til å tolke nye bevis som stadfestingar av det ein allereie trur, confirmation bias] og tilgjengelegheit [at ein overvurderer noko fordi det er kjent eller lett tilgjengeleg] til å favorisere eksisterande analytiske linjer framfor ny informasjon,» fortalde den tidlegare Russlands-CIA-analytikaren Michael E. van Landingham til Insider.

Men dette er berre tull. Vi har denne tingen kalla Internet. Den lar faktisk eit spørjande sinn gå tilbake i tid og sjå kva CIA sa i februar og mars. Dette er ikkje noko eg meiner. Du kan sjølv lese fakta: 

How US intelligence got it right on UkraineCIA-direktøren, Bill Burns, ein karrierediplomat, og sjefen hans, direktøren for nasjonal etterretning, Avril Haines,tidlegare visedirektør for CIA, byrja i desse jobbane for eit år sidan. … Burns og Haines omfokuserte på Russland og Kina, konsentrerte seg om å samle og analysere etterretning om dei autoritære regima til Russlands president Vladimir Putin og Kinas president Xi Jinping. For første gong på lenge, tenkte amerikanske etterretningsbyrå strategisk, såg ut over horisonten, i motsetning til å rapportere om kva som skjedde for fem minutt sidan. Resultatet vart eit klart og framtenkt bilete av Putins intensjonar i høve til Ukraina.[CNN 26/2-22 av Z. B. Wolf]

The Intelligence Community Hits a Grand Slam. Now, It Must Help Ukraine Win–Biden-administrasjonen har også fortent litt applaus. Dei «oversvømde sona» med autoriserte avdekkingar av etterretning før den russiske invasjonen … Nyare avdekkingar er også forma som avskrekkingsmiddel, å kome inn i Russlands president Vladimir Putins avgjerdsmakingsprosess og kanskje få han til å tenke seg om før han trykkar på startknappen … Etterretningsvesenet, saman med USAs militære spesialstyrkar, må førebu seg på å føre og/eller støtte ein ukrainsk opprørskheitskampanje. Modellen bør vere Afghanistan i 1980, rett etter den sovjetiske invasjonen … Samtidig må — og vil — etterretningsvesenet leite etter og oppmuntre diplomatar og etterretningsoffiserar ved russiske ambassadar i utlandet, som bestemmer seg for om dei skal eller ikkje skal forlate Putins skute … Etterretningsvesenet sjå etter teikn på at titusentals, eller kanskje fleire, modige russarar gjer seg klare til å innta gatene sine … Til sist er det etterretningsvesenet si støtte til Ukrainas president Volodymyr Zelensky. … Zelensky vs. Putin. Leonidas vs. Xerxes. (Fra grekernes krig mot perserne, red.) Vil historia gjenta seg? Kanskje. Men la oss håpe at den nye Leonidas denne gongen held seg i live, så han kan fortelje historia. Og at folket hans triumferer ved hans side i suverent demokrati. USA har ei interesse i denne kampen. Det er på tide å skape litt historie. Det er no vi skal hjelpe Ukraina med å vinne.[The Washington Examiner 7/3-22 av Marc Polymeropoulos]

Top American generals on three key lessons learned from Ukraine–«Datamodellane ville ha sagt at Russland vinn om 72 til 96 timar,» sa marinekorpskommandant general David Berger. Dei «kan ikkje forklare korfor Ukraina framleis held ut. Korfor det?» … Det tok månadar for Russlands president Vladimir Putin å stille opp meir enn 175 000 russiske soldatar på den ukrainske grensa. Men sidan dei styrkane mobiliserte den 23. februar, har det russiske militæret blitt audmjuka av den eine logistikkfeilen etter den andre. Videoar posta på sosiale medium viste rekker av stridsvogner og militære køyretøy som vart haldne tilbake på ukrainske vegar, utan tilgjengelege reservedelar og drivstoff til å få dei i gang igjen. Andre virale videoar viste svoltne russiske soldatar, som tydelegvis hadde gått tom for rasjonar, som tok imot mat frå ukrainarar.[Breaking Defense, 11/3-22 av Valerie Insinna]

Ignoransen til USA sine militære kommandantar og byråa med det sjølvmotseiande namnet «intelligence community» («intelligenssamfunnet», som altså er etterretningsvesenet, mrk.) er utruleg. Viss ein prøver å føreseie utfallet av ein militæroperajon, er det visse nøkkelvariablar som må vektast, slik Andrei Martyanov skriv i si mykje lesne bok The (Real) Revolution in Military Affairs. Ein av desse er naturen til den ukrainske arméens forsvarsverk. For Guds skuld, heile det forbanna etterretningsvesenet til USA hadde åtte år på seg til å spore opp og identifisere det formidable systemet av skyttergraver, kamuflerte murar og bunkerar som ukrainarane hadde konstruert. Så er det det faktum at Ukraina sin hær hadde tre gongar fleire soldatar enn Russland hadde utplassert. I kva slags narkoforderva univers kan ein analytikar konkludere med og kunngjere at ein undertalig russisk arme vil slå eit land som er dobbelt så stort som Storbritannia på fire dagar?

white blue and orange medication pill
Har etterretningstjenestene i vest vært ruset da de gjorde sin analyser av krigen.

Kanskje var dette ein villa stråmannsstrategi – dvs. Framstille russarane som ti fot høge (mens dei heile tida veit at dei til sist kan male ukrainarane til talkumpulver, om dei vil) og deretter portrettere dei som ei veik, vaklande makt. Kanskje var dei forferdelege analytiske spådommane del av ein breiare propagandakampanje.

Det eg ikkje forstår, er korfor dei tekniske innsamlingssystema til NSA og NIMA (National Imagery and Mapping Agency) tydelegvis feila i å identifisere dei robuste ukrainske forsvarsverka? Det USAs lovgivarar burde vere alarmerte over, er at CIA framleis ikkje har den fjernaste peiling på kva det er som skjer. Særleg er det å kalle Russland ei «hol makt» grunnlaust tøv. Dei komplekse militære operasjonane som russarane fører over ein front som strekk seg nesten 150 mil, frå Kharkiv i nord, gjennom Donbas og så sør-vestover til Odessa. Ved sidan av å forsyne bakkestyrkane med ammunisjon, drivstoff, mat og medisin, deler russarane også ut mat til hundretusentals sivile som er blitt huslause på grunn av kampane. Så er det koordinering av artilleri og sjøbaserte kryssarmissilar saman med nær luftstøtte frå droner, fly og helikopter.

Sun Tzu: Fremstå som sterk der du er svak. Fremstå som svak der du er sterk.

CIA lærer seg no på den harde måten sanninga i aforismen til Sun Tzu: Om du kjenner fienden og deg sjølv, treng du ikkje frykte utfallet av hundre slag. Om du kjenner deg sjølv, men ikkje fienden, vil du for kvar siger også lide eit nederlag. Om du verken kjenner fienden eller deg sjølv, vil du bukke under i alle slag.

Det er på denne staden USAs etterretningsvesen no står; dei er ignorante både om seg sjølve og om russarane.

Ein av dei gamle etterretningsknarkane, Graham E. Fuller, som var nestleiar for National Intelligence Council ved CIA på den tida eg var analytikar, har skjønt det. Han skreiv noko som var dømd til å få han fjerna frå ’oppvekte’ (’woke’) Washington DC-parti: Krigen i Ukraina har drege ut lenge nok no til å openberre visse tydelege baner. Først, to fundamentale sanningar:

  • Putin vil bli fordømd for å ha starta denne krigen – slik nesten alle leiarar som startar ein krig blir. Putin kan bli kalla krigsforbrytar – i godt selskap med George W. Bush, som har drepe enormt mange fleire enn Putin har.
  • Ei etterfølgande fordømming tilhøyrer USA (NATO), for at dei med hensikt framprovoserte ein krig med Russland ved å kompromisslaust skyve sin fiendtlege militærorganisasjon, trass i at Moskva gjentatte gongar varsla om kryssing av raude linjer, rett opp til Russland sine portar. Denne krigen hadde ikkje trengt å skje dersom ukrainsk nøytralitet, á la Finland og Austerrike, hadde blitt akseptert. I staden har Washington skrike etter eit klart russisk nederlag.

Tvert imot Washington sine triumferande utsegner, vinn Russland krigen. Ukraina har tapt krigen. Alle langsiktige skadar på Russland er ope for debatt.Sørgeleg nok for Washington, har nesten alle forventningane deira om denne krigen vist seg å vere gale. Vesten kan faktisk kome til å sjå tilbake på dette tidspunktet som det endelege argumentet mot å følge Washingtons jakt etter verdsdominans inn i stadig nyare, farlegare og meir skadelege konfrontasjonar med Eurasia. Og mesteparten av resten av verda – Latin-Amerika, India, Midtausten og Afrika – finn få nasjonale interesser i denne fundamentalt US-amerikanske krigen mot Russland.

Graham, eg kunne ikkje uttrykt bodskapet noko tydelegare. Du trefte spikeren på hovudet.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Diana Polekhina

2 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 2 ganger.

Post Views: 16

Les artikkelen direkte på derimot.no