Derimot: Når USA reduserer NATO-innsatsen. Blir Vest-Europa uten forsvar? – Derimot

derimot.no:

Vest-Europa uten forsvar

av Thierry Meyssan

Sjansen for at USA forlet sin posisjon i spissen for NATO, sjølv om dei ikkje trekk seg frå Atlanterhavsalliansen, sender det politiske Vesten tilbake til seg sjølv. Korleis kan ein sikre fred på kontinentet? Prosjektet European Defense, utvikla av François Mitterrand og Jacques Chirac, tillet ikkje forsvar av det europeiske rommet, den gir berre EU middel til å intervenere i tilfelle massakrar i utlandet. Prosjektat til Emmanuel Macron og Keir Starmer samsvarer med behova til landa deira, men på ingen måte kontinentets behov. Men tida renn ut, for det er forventa konfliktar i nord-Ukraina, Moldova og Bosnia-Herzegovina.

NATOs hovudkvarter i ein forstad til Brussel. Då det vart grunnlagt, tilsette alliansen mange tidlegare nazi-offiserar (inkludert Klaus Barbie («Slaktaren frå Lyon»), som vart avsett først etter protestar frå Frankrike). Arkitekten som designa hovudkvarteret nemnde aldri at bygget frå fugleperspektiv har form som SS-akronymet.

Dei talrike møta i Paris, London og Brussel om framtida til Vestens forsvarspolitikk, har alle vurdert om USA delvis eller fullstendig vil trekke seg ut av NATO. Ukraina-problemet var berre eit påskot som berre interesserte nokre få av deltakarane.

Kva betyr «USAs tilbaketrekking»?

Under sin første presidentperiode vurderte Donald Trump å trekke USA heilt ut av NATO. Det ende opp med at han berre pressa medlemsstatane til å auke forsvarsbudsjetta sine til 2% av BNP. Han agerte som ein «Jacksonianar» og ville erstatte krig med handel.

Den gongen vart spørsmålet berre vurdert utifrå medlemslandas økonomiske bidrag. Sjølv om dei einskilde medlemmane sine bidrag til Atlanterhavsalliansen er uklare, så står Pentagon for 16% av det årlege budsjettet og mange fordelar som berre USAs væpna styrkar kan tilby. For å sleppe å betale sin del, erklærte Frankrikes president Emmanuel Macron at NATO var «hjernedaud» [1].

Situasjonen no er radikalt forskjellig. President Donald Trump lyt kutte i pengebruken straks: landet hans har akkumulert ei sjokkerande høg gjeld og skulle gå konkurs dersom kreditorane skulle kreve tilbakebetaling. Eg forklarte for to veker sidan at «Donald Trump prøver å styre unna ein mogleg økonomisk kollaps for Joe Bidens ’Amerikanske imperium’, slik Juri Andropov, Konstantin Tsjernenko og Mikhail Gorbatsjov prøvde å styre unna kollapsen til Leonid Brezhnevs ’Sovjetiske imperium’ [2].

Trump vil altså ikkje trekke seg ut av NATO slik Gorbatsjov gjorde med Warzsawa-pakta, men han vil slutte å betale for den. I praksis vil det bety å gi avkall på kommandoen dersom han skulle trekke USA ut av Atlanterhavsalliansen, men ikkje organisasjonen deira, NATO. Sidan NATO vart oppretta, har organisasjonen vore leidd av ein «Supreme Allied Commander Europe» (SACEUR), som måtte vere ein amerikanar. I dag kombinerer general Christopher G. Cavoli denne rolla med rolla som kommandant for USA sine styrkar i Europa.

Den 13. februar informerte Donald Trump Mark Rutte om den komande tilbaketrekkinga til USA sine troppar frå Europa, og at landet hans gir opp sine SACEUR-privilegium.

Det var dette alternativet president Trump såg ut til å føretrekke den 13. mars under mottakinga av NATOs generalsekretær Mark Rutte i Det kvite hus: USA ville då berre vere ein komponent i alliansen, på lik linje med alle andre, likestilt med til dømes Luxembourg.
Men utan USAs betydelege ressursar innan etterretning og troppe-transport, vil NATO ikkje lenger ha nokon projeksjonskapasitet. Det vil bli redusert til ei samling av småhærar som alle er ute av stand til å røre seg utanfor sine eigne nasjonale territorium.

Kva betyr eit «Europeisk forsvar»?

Under Den kalde krigen planla Storbritannia og USA – som i fellesskap leidde alliansen – å koordinere vest-europeiske allierte slik at dei kunne bli sende til å krige i Korea. Det var «Det europeiske forsvarssamfunnet» (EDC) som franske patriotar, dvs. dei sameinte Gaullistane og Kommunistane, greidde å skiple i 1954. Då dei mislykkast i dette forsøket, oppretta anglosaksarane i staden «Den vest-europeiske unionen» (WEU), som hadde som primær rolle å organisere Tysklands gjenopprustning.

François Mitterrand og Helmut Köhl oppretta Eurocorps og Common Foreign and Security Policy slik at dei to landa deira aldri ville krige mot kvarandre igjen.

Under den tyske gjenforeininga i 1991 vart Det europeiske økonomiske fellesskapet (European Economic Communities, EEC) omgjort til en europeiske unionen (European Union, EU) av Maastricht-traktaten. Dei har no ein felles utanriks- og sikkerheitspolitikk («Common Foreign and Security Policy», CFSP). Men medan Eurocorps vart oppretta under Jugoslavia-krigane, støtta Tyskland Kroatia, medan Frankrike støtta Serbia. Men i desember 1998, på Saint-Malo-toppmøtet, aksepterte Storbritannia idéen om eit europeisk forsvar, uavhengig av NATO. Nokre få dagar seinare utvida europearane CFSP med ein Felles europeisk sikkerheits- og forsvarspolitikk («Common European Security and Defense Policy», ESDP), fortrudd tidlegare NATO generalsekretær Javier Solana. Frå då av var EU klar for å på eige initiativ organisere fredsbevarande operajsonar.

Tony Blair og Jacques Chirac oppretta Common European Security and Defense Policy slik at EU kunne organisere felles fredsbevarande operasjonar.

I 2003, då dei rivaliserande militsane Lendu og Hema drap kvarandre i Ituri, på slutten av den andre Kongo-krigen, utstada FNs generalsekretær Kofi Annan ein appell som EU responderte på. Dette var Operasjon Artemis: meir enn 2000 mann frå 18 nasjonar deltok. I røynda var fire femtedelar av styrkane franske. 

Etter operasjonen føreslo Frankrike, Storbritannia og Tyskland opprettinga av European Defence Agency (EDA), med ansvar for utvikling av militær kapasitet, forskning og våpen. Basert på dette, oppretta Lisboa-traktaten av 2009 European External Action Service (EEAS), som skulle ha i oppgåve å styre EUs sivile og militære ressursar under kriser. I 2015, etter dei tyrkisk-støtta angrepa på Bataclan og Saint-Denis [3], påberopte Frankrike seg EUs klausul om gjensidig forsvar (paragraf 42.7 av Lisboa-traktaten).

Federica Mogherini og dei 23 forsvarsministrane i EU (på bildet representerer Ursula von der Leyen Tyskland) aktiverte Permanent Structured Cooperation (PESCO),som lar nokre få EU-statar samarbeide i felles militæraksjonar innanfor unionens rammeverk.

I 2016, etter at Storbritannia trekte seg ut av EU, føreslo Federica Mogherini, High Representative of the EU for Foreign Affairs and Security Policy, ein sams global strategi for EU i utanriks- og sikkerheitspolitikken («European Union Global Strategy on Foreign and Security Policy», EUGS). I 2017 aktiverte dei Det permanente strukturerte samarbeidet (Permanent Structured Cooperation, PESCO), som Lisboa-traktaten hadde lagt til rette for. Planen var å samle ein «hard kjerne» av statar rundt inklusive og ambisiøse prosjekt, utførte i tillegg til fellesaksjonane. Samtidig blir det oppretta eit europeisk forsvarsfond til tilrettelegging av finansieringa av dette utvida samarbeidet.

Med krigen i Ukraina, der EU har stilt seg på dei ukrainske «integrale nasjonalistane» si side mot Russland, akselererer situasjonen: Brussel mobiliserer titals milliardar euro til produksjon av våpen som skal donerast til Ukraina. Samtidig koordinerer NATO europeiske hærstyrkar rundt slagmarka for å samle militær etterretning og assistere den ukrainske hæren. Denne symbiosen blir det no plutseleg stilt spørsmål ved, etter gjenvalet av president Donald Trump.

Kva slags alternativ er opne for vest-europearane?

Då det gjekk opp for visse europearar (primært Frankrike, Tyskland og Danmark, men ikkje dei baltiske statane, Polen eller Romania) at USA svikta dei ukrainske «integrale nasjonalistane» og ville slutte ein separat fredsavtale med Russland, laut vest-europearane (dvs. inkludert Storbritannia, som ikkje er medlem av EU, og utanom Russland) gå i seg sjølve.

Dei ulike improviserte møta i Paris, London og Brussel gjorde det mogleg å utvikle ein plan for å hindre kaoset som ei brå tilbaketrekking av US-amerikanske troppar frå Europa uunngåeleg ville framkalle. Alle deltakarane vart samde idéen at (1) dei måtte skaffe seg våpen som dei no ikkje har, og (2) at dei lyt trene opp nye soldatar. Ein slik plan vil ta 5 til 10 år før den ber frukt [4]. No ser meir eller mindre alle vest-europearane Russland som ein farleg potensiell fiende. I røynda er det ingen risiko for at Russland skal invadere sine naboar. Moskva har aldri invadert Ukraina; dei har berre utført ein «spesiell militæroperasjon» mot «integrale nasjonalistar» i samsvar med FNs sikkerheitsråds Resolusjon 2202. Men etter krigen i Ukraina er det ein reell risiko for ein polsk invasjon av austre Galitsja, ein rumensk invasjon av Moldova, og framfor alt ei lausriving av Republika Srpska frå Bosnia-Herzegovina [5].

Spørsmålet om kven som skal leie ein «koalisjon av dei villige» til å forsvare Ukraina mot Russland, er difor spesielt vanskeleg å løyse. Paris og London er i konkurranse, sidan Frankrike og Storbritannia er dei to einaste atommaktene i gruppa. Men ei atombombe er ubrukeleg for nokon som manglar eit truverdig konvensjonelt forsvar. Fordelen som Paris og London promoterer er difor ikkje-eksisterande, både for dei og deira allierte.

Romania har allereie gitt klar beskjed om at dei ikkje treng den franske atomparaplyen (som betyr at dei framleis set sin lit til USA) [6]. Når det gjeld London, så seier ein stor del av Foreign Office at det ikkje er noko poeng i å gjere planar for framtida, og at det ville vere betre å fokusere på ein allianse med Kina mot Russland.

La oss hugse på at EU-kommisjonen historisk sett er arvtakaren til den høgste myndigheita til Den europeiske kol- og stålunionen (European Coal and Steel Community, ECSC). Slik sett held dagens president, Ursula von der Leyen, fram politikken til forgjengaren Walter Hallstein.

Denne europeiske senior-tenestemannen var på 1930-talet den advokaten som pønska ut prosjektet Neuordnung Europas (Ny europeisk orden) på vegner av kanslar Adolf Hitler. Fru von der Leyen prøver altså å opprette ein europeisk hær til å forsvare EU. Men denne visjonen har endå dårlegare sjansar for å lykkast enn visjonane til president Emmanuel Macron og statsminister Keir Starmer, sidan ein ikkje kan danne eit NATO … utan NATO-ressursar.

Thierry Meyssan

Omsett av Monica Sortland

[1] «Emmanuel Macron warns Europe: NATO is becoming brain-dead», The Economist, November 7th, 2019.

[2] “Is Donald Trump managing the possible collapse of the “American empire”?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 11 March 2025.

[3] “The unavowable project for a pseudo-Kurdistan”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 7 December 2015. “Erdoğan threatens the European Union”, by Recep Tayyip Erdoğan , Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 18 March 2016. « La Turquie revendique le bain de sang de Bruxelles », par Savvas Kalèndéridès , Traduction Christian Haccuria, Réseau Voltaire, 24 mars 2016. “Mohammed Abrini is a British Informant”, Translation Anoosha Boralessa, Voltaire Network, 28 June 2016.

[4] «European military powers work on 5-10 year plan to replace US in Nato», Henry Foy & Ben Hall, Financial Times, March 20, 2025.

[5] “The position of Republika Srpska on the current constitutional crisis in Bosnia and Herzegovina”, by Željka Cvijanović, Voltaire Network, 6 March 2025.

[6] «Romania does not need France’s nuclear umbrella — adviser to acting president», Tass, March 17, 2025.Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar