Et helt annet perspektiv og en helt annen forståelse: Vesten vil tape fordi de ikke setter seg inn i motstanderens tenkning.

Derimot.no

derimot.no:

Ukraina : misforståingar, gløymske og uforstand

Av Thierry Meyssan

Krigen i Ukraina kom berre fordi Vesten ikkje visste kva som skjedde i Ukraina, og på grunn av ei rekke misforståingar og feiltolkingar. Vesten, med fokuset på seg sjølv, ute av stand til å tenke som samtalepartnaren, tok feil gong på gong. Til sist, når militæroperasjonen er over og russarane har nådd måla dei ope har uttrykt frå dag ein av, kan dei til og med overtyde seg sjølve om at dei har vunne. Til sjuande og sist, er alt som betyr noko for Vesten ikkje å redde menneskeliv, men å ha trua på at ein er på rette sida av historia.

Soldatane i den russiske militæroperasjonen i Ukraina fortset kampen som forfedrane kjempa mot nazistane. Banderistane skjuler ikkje viljen sin til å utrydde «Moskovittane», inkludert kvinner og barn.

Krigen i Ukraina blir tolka svært ulikt alt etter om ein bur i Vesten eller er russar. Tolkinga av ord og hendingar er avhengig av erfaringane som kvar og ein før har gjort seg. Ingen reagerer likt på dei same tinga eller søker same informasjon som dei andre. Til sist har ikkje dei to leirane same oppfatning av røynda. Denne rekka av misforståingar og feiltolkingar fører til ein uforstand som kan føre til ein storkonflikt ein ikkje hadde til hensikt å starte.

BANDERISTANE

Dei to sidene, som kjempa side om side mot nazismen, hadde fullstendig forskjellige erfaringar under den perioden, og dei har difor ulike minne om det.

Ifølge britiske kommunikasjonstenester er tatoveringane berre dekorative.

Den russiske pressa skiljer ikkje mellom Banderistar og nazistar. Det er eit spørsmål om å vekke minnet om «Den store patriotiske krigen» (kjend i Vesten som «Andre verdskrig»). Då Tyskland angreip Russland i juni 1941, var sistnemnde ikkje klar for det i det heile. Sjokket var katastrofalt. [På Komintern sin verdskongress i 1935, åtvara leiaren Georgi Dimitrov kraftig og tydeleg mot den framveksande fascismen, og Stalin rusta opp våpenindustrien under åra fram mot krigen. Sjokket må ha lege i at Tyskland braut ikkje-angrepspakta. Mrk.] Stalin greidde berre å sameine folket sitt ved å alliere seg med den ortodokse kyrkja, som han tidlegare hadde kjempa mot, og ved å late laus sine politiske opponentar som hadde blitt dømde til soning i Gulag. Å mane fram denne perioden i dag, er å forplikte seg til å anerkjenne kvar og ein sin plass, så lenge han forsvarer Nasjonen.

Russarane oppfattar dagens Banderistar/nazistar som ein eksistensiell trussel mot det russiske folket. Det gjer dei rett i, for ukrainske nasjonalistar ser det slik at dei er «fødde til å utslette Moskovittar».

Derfor er alle personangrepa til Vesten på Vladimir Putin feilretta og utan verknad. For russiske opponentar er ikkje dette spørsmålet lenger. Enten dei likar han eller ei, er Putin leiaren deira, nett slik Stalin var frå og med juni 1941.

Vest-pressa har også likna Banderistane med nazistane, men då for å sette i perspektiv kor viktige dei er. I minnet til folk frå vest-Europa, trua nazismen berre minoritetar. Først dei mentalt sjuke, dei dødssjuke og dei gamle, deretter vart jødane og sigøynarane skilde ut frå massen, for så å forsvinne. Slavarane derimot hugsar framrykkande armear som jevna med jorda kvar landsby dei tok undervegs. Ingen kunne overleve. Ikkje berre er nazismen mindre skremmande for vest-europearar, men i tillegg undertrykkar anglo-saksarane i det stille alskens symbol som kan gjenopplive dette minnet. Britiske kommunikasjonsrådgivarar endra til dømes Azov-regimentet sitt våpenmerke i slutten av mai. Dei erstatta Wolfsangelen, som var assosiert med SS sin Das Reich-divisjon, med sverdtridenten som minner folk om Den ukrainske nasjonalt faktum at dei fleste Sovjet-leiarane ikkje var russarar.

Britiske kommunikasjonsrådgivarar forsikrar om at dei ukrainske Bandaristane/nazistane kan samanliknast med dagens Vestlege nazistar: marginale grupper av rabiate folk. Dei nektar ikkje for at dei eksisterer, men antyder at dei ikkje speler noka viktig rolle. Så dei får til å forsvinne både spora av desse folkas aktivitet i parlamentet og regjeringa sidan uavhengigheita i 1991 og bileta av minnemerka som har blitt reist for dei overalt i landet.

Frå 1991 til 2014 ignorerte verdspressa den sakte gjenoppbygginga av Banderist-rørsla i Ukraina. Men i februar 2014, då den folkevalde presidenten Viktor Janukovitsj vart styrta, vart alle journalistane som dekka «Den ærerike revolusjonen» slått av den sentrale rolla som høgreekstreme militsgrupper spelte under protestane. Verdsmedia melde om desse merkelege «nasjonalistane» med hakekors. Men den Vestlege pressa slutta brått å undersøke det då Krim ein månad seinare nekta å la seg styre av desse ekstremistane og erklærte uavhengigheit. Å halde fram med å rapportere om Ukrainas drift, ville ha vore å seie seg einig med Den russiske føderasjonen, som hadde akseptert annekteringa av Krim. Frå då av og i 8 år framover var det ingen Vestlege medium som granska til dømes skuldingane om kidnapping og tortur i stor skala over heile landet. Fordi dei med vilje ignorerte Banderistane under denne perioden, greier dei ikkje lenger vurdere den politiske og militære rolla dei speler i dag.

Denne blindskapen held fram med utviklinga av ukrainsk makt under krigen. Den Vestlege pressa veit ingenting om diktaturet som vart innført: staten si konfiskering av alle media, arrestasjonar av opposisjonelle, konfiskering av eigedommane til folk som nemner dei historiske brotsverka til Banderistane og nazistane, og så bortetter. Den russiske pressa, derimot, lar ikkje noko av denne plutselege utviklinga gå upåakta forbi, og sørger over å ha lukka auga i fleire år.

Vi, for vår del, har skrive – altfor seint – Banderistane si historie; eit emne som inga bok har vore tileigna, eit teikn på at Ukraina frå den vinkelen ikkje har fascinert nokon. Arbeidet vårt, omsett til eit dusin språk, har til slutt rørt ved mange Vestlege militære og diplomatar. Desse legg no press på regjeringane sine om å slutte å støtte desse fiendane av menneskeslekta.

USA laug uforskamma til FNs Tryggingsråd for å invadere Irak. Dei har aldri bede om orsaking.

TRUVERDET TIL VESTLEGE OG RUSSISKE LEIARAR

Det finst to måtar å måle truverdet til ein leiar på: ein ser på hans gode hensikter eller på merittane hans. Vest-europearar, som har plassert seg under USAs venger, er overtydde om at dei ikkje lenger lagar historie, men berre godtar den. Difor treng dei ikkje lenger politiske leiarar slik dei gjorde i førre hundreår. Faktisk vel dei berre styrarar som presenterer seg sjølve som folk med gode intensjonar. Russarane ønska, derimot, etter at landet deira kollapsa under Jeltsin-åra, å gjenopprette uavhengigheita si og endeleg bryte med den US-amerikanske liberalismen dei hadde trudd på i eit tiår. Til den jobben valde og gjenvalde dei Vladimir Putin, som har ein effektivitet dei verdset. Landet deira har opna opp for utlendingar, samstundes som dei har blitt sjølvforsynde på mange område, inkludert mat. Dei tolkar ikkje NATO-sanksjonane som ei straff, men – sidan Atlanterhavsalliansen berre representerer 12 prosent av verdas befolkning – som ei utenstenging av Vesten frå resten av verda.

Uavhengig av politisk regime, vil sivile leiarar som søker å samle folket sitt så breitt som mogleg halde seg unna å lyge for å halde på tilliten til medborgarane, derimot må dei som tener ein minoritet for å utbytte majoriteten lyge for å unngå å bli styrta. På den andre sida må militære leiarar, sjølv om dei har ein tendens til å forveksle draumane sine med røynda, og derfor lyg i fredstid, halde seg så nær realitetane som mogleg i krigstid, om dei vil vinne.

Folk i Vesten er merka av eit kraftig traume erfart under angrepa den 11. september, 2001 og av USAs utanriksminister general Colin Powell si framsyning framfor FNs Tryggingsråd den 5. februar, 2003. Dei skaka på hovuda sine under New York-angrepa medan dei såg folk som hoppa ut av vindauga og deretter tårna som kollapsa, før dei forstod at forklaringane dei blei serverte ikkje heldt vatn. Det vart skapt ein mistillit mellom dei og leiarane, som let som dei trudde på vrøvlet [1]. Så trudde dei på det ein general fortalde dei, fordi ein militærmann ikkje kunne lyge om ein svært alvorleg sikkerheitstrussel. Til sist vart dei deprimerte når dei forstod at heile dette teateret berre var ei orsaking for å få styrta ei regjering som ytte motstand mot USA, og for å ta oljen og den finansielle rikdommen til landet der. General Powell sin tale[2] vart skriven av sivile politikarar, Straussianarane i Office of Strategic Influence (OSI), noko han seinare skamfullt har innrømt. Denne malplasserte tilliten kosta liva til over ein million menneske[3]. Sidan 2003 har folk i Vesten ikkje lenger tiltru til det leiarane deira seier; eit fenomen som er litt mindre uttalt i Frankrike, som var det einaste landet som ope motsette seg general Powell.

I motsetning til dette, skiljer russarane mellom dei av leiarane deira som snakkar same språket som dei andre, og dei som forsvarer dei kollektive interessene. På 2000-talet trudde dei først på den Vestlege diskursen og håpa at dei óg ville erfare fridom og velstand. Men dei fekk erfare ein forferdeleg kollaps medan dei såg på at eit knippe skurkar tok over den felles rikdommen deira. Deretter søkte dei trygge verdiar: medborgarar som tok allmenninteressene på alvor og var trente av KGB. Dei lever i dag i håpet om å friast frå det som er att frå denne perioden av villeiing: oligarkar installerte i utlandet og eit visst globalistisk bursjoasi i Moskva og St. Petersburg. Dei ser på førstnemnde som tjuvar, og er glade for at verdiane deira, som landet allereie har mista, blir tatt av Vesten. Når det gjeld sistnemnde, så veit dei at desse ikkje berre eksisterer i Russland, men overalt i den globaliserte verda. Dei ser, utan sorg, at nokre av dei drar bort. For russarane har president Putin og laget hans greidd å løyse matproblemet og skaffa folk arbeid igjen. Dei har fått armeen på fote att og vernar folk mot den gjenoppstandne nazismen. Sjølvsagt er ikkje alt rosenraudt, men det er blitt mykje betre etter at desse tok over ansvaret.

Dei tretti statsleiarane og NATO-overhovuda. Dei gjer krav på å ta avgjerder for menneskeslekta.

ER NATO DEN STØRSTE MILITÆRALLIANSEN I VERDA ELLER EIN TRUSSEL MOT RUSSLAND?

For vest-europearar, som er fødde og oppseda i ein region under US-amerikansk protektorat, verka den unipolare organiseringa av verda vere eit spørsmål om kurs. Då dei aldri har opplevd krig i eige land dei siste 60 åra (franskmennene har gløymd angrepa i Paris under krigen i Algerie), så skjøner dei ikkje korfor resten av verda ikkje lenger vil ha Pax Americana.

Tvert imot opplevde russarane eit brutalt fall på 20 år i venta levealder då dei valde Boris Jeltsin og hans US-amerikanske rådgivarar. I tillegg har dei opplevd to krigar i provinsen deira Tsjetsjenia, med medfølgande islamistiske angrep frå Beslan til Moskva. Dei ukrainske Banderistane hadde kome for å hjelpe jihadistane i Det islamske emiratet Itsjkeria.

For vest-europearar betyr det ingenting at NATO prøvde å eliminere Charles De Gaulle i Frankrike, tok livet av Aldo Moro i Italia eller organiserte oberstane sitt statskupp i Hellas[4]. Desse hendingane er det berre spesialistar som veit om, og dei vert ikkje undervist om i lærebøker. NATO er den største militæralliansen i historia, og teoretisk sett er storleiken ein garanti for siger.

Men NATO nekta Russland medlemskap på 1990-talet. Organisasjonen omdefinerte seg sjølv, ikkje som ei kraft for stabilitet på kontinentet, men som ein anti-russisk organisasjon, med risiko for å provosere fram krig i Europa. Vesten omskriv historia ved å påstå at dei aldri tok noka avgjerd om ikkje utvide alliansen sin austover. Men i tida med tysk gjenforeining fekk Frankrikes president François Mitterrand og Tysklands kanslar Helmut Kohl det skrive ned i Treaty on a Final Settlement concerning Germany (13. oktober 1990) at dei fire sigersmaktene over nazismen skulle etablere tillitsbyggande tiltak på feltet væpning og nedrustning, for å garantere fred på kontinentet, i samsvar med prinsippa i Helsinki Final Act (1. august 1975). Desse prinsippa vart på ny stadfesta i Declarations of Istanbul (Charter for European Security, 19. november, 1990) og Astana (2. desember, 2010). Dei etablerer:

  •  kvar stats rett til å velje militærallianse etter eige skjøn
  •  og, som konsekvens, kvar stats plikt til å ikkje sette i verk sikkerheitstiltak som truar naboland.

Dette er grunnen til at Russland aldri har sett seg imot at statar i sentral- og aust-Europa har gått inn i NATO, men alltid har fordømt installasjonen av USA sine styrkar på deira jord. Med andre ord set dei seg ikkje imot eksistensen til NATO, men verkemåten innanfor organisasjonens Integrated Command. La oss vere nøyaktige: i dag tar dei ikkje til motmæle mot at Ukraina, Finland og Sverige dannar ein allianse med USA og blir verna av Artikkel 5 i Atlanterhavsavtalen, men dei nektar å gå med på at det skal medføre at USA utplasserer sine troppar og våpen i desse landa.

Det er ikkje eit spørsmål om å hindre missil-utskytingar frå grensene, ettersom ubåtar likevel kan nå den maritime grenselinja. Bekymringane til Moskva ligg andre stadar. I motsetning til dei fleste statar, har Den russiske føderasjonen ein liten befolkning i forhold til landarealet sitt. Derfor kan dei ikkje forsvare grensene sine. Sidan dei vart invaderte av Napoleon i 1812, har dei lært å beskytte seg ved å stole på storleiken sin: å avskjere invasjonsstyrken sine forsyningslinjer og la dei fryse ihjel om vinteren. Dette er «brent jord-strategien» som førte til overgivinga av Moskva og flyttinga av heile folket austover. Men denne strategien avheng av at invasjonsstyrkane ikkje kan dra nytte av basar i eit land i nærleiken.

Denne strategien er også ei kjelde til misforståingar. Russland søker ikkje noka påverknadssone i Europa, slik Sovjetunionen til ukrainske Leonid Bresjnev gjorde. Heller ikkje har dei imperialistiske målsetningar, slik det tsaristiske Russland hadde. Dei vil berre sleppe at der kjem ein svær armé mot dei. Ei haldning som dei best informerte Kremlologane feilaktig har kalla «paranoid», mens den derimot er godt fundert.

Dei tsjetsjenske soldatane motbeviste følgarane av «clash of civilizations» då dei knuste dei ukrainske nazistane med ropet «Allah Akbar!»

DEN OPERATIVE KUNSTEN

Medan Hollywood sine krigsfilmar handlar om det heroiske initiativet til nokre få menn som vender heile slaget, så handlar russiske krigsfilmar om heltar som ofrar seg sjølve slik at fienden blir forseinka og folk dermed kan rømme. Russarar skjemst ikkje over å flykte, dersom det kan hindre eit blodbad.

Denne skilnaden fekk det slaviske militæret til å førestille seg «den operative kunsten», halvt strategi og halvt taktikk. Det handlar ikkje om å tenke på utplassering av arméar, heller ikkje om korleis eit slag skal førast, men om kva ein kan gjere for å forseinke fiende-arméen og hindre heile kampen. Vestlege armear har også prøvd å førestille seg ein «operativ kunst», men dei har ikkje greidd det, for dei treng det ikkje.

På militærspråk kan krigen i Ukraina oppsummerast som følger: målet, ope uttalt av president Vladimir Putin, var å «desarmere og denazifisere» Ukraina. Implementeringa til staben hans bestod først av å forvirre motstandarane, for deretter å nå målet når den ukrainske arméen vart disorganisert.

Den russiske generalstaben angreip frå alle moglege grenser; frå Krim, frå Rostov, frå Belgorod, frå Kursk og frå Kviterussland. På denne måten visste ikkje dei ukraiske arméane kor dei skulle konsentrere styrkane sine. I ein slik uorden øydela dei russiske styrkane det ukrainske luftforsvaret og raida atomkraftverket i Zaporizhia, der dei tok tilbake dei illegale reservane av uran og plutonium, og fleire militære laboratorium der dei øydela behaldarar med virus og andre biologiske våpen [5]. Dei øydela jarnvegar når Vesten tilbaud å sende våpen til fronten. Så kjempa dei mot det Banderistiske Azov-regimentet i bastionen deira i Mariupol. Til slutt ryddar dei opp dei delane av fylka Donetsk og Lugansk som var okkuperte av ukrainarane.

I mellomtida trudde Vesten at russarane var ute etter å ta Kiev og arrestere president Volodymyr Zelensky, som aldri var blant måla deira, og at dei deretter skulle okkupere heile landet, som verkeleg ikkje vil. Så der var ei misforståing om Blitzkrigen. USA trudde at dei måtte forhindre eit raskt regimefall, mens dei i staden skulle ha forsvart reservane i Zaporizhia. Så trudde dei at dei måtte forsvare Odessa og Lviv, mens Mariupol fall. Den «operative kunsten» til russarane vart utøvd ved å nå dei erklærte måla på rekordtid, samstundes som Vesten gratulerte seg sjølv for å ha hindra takinga av imaginære mål.

Folk i Vesten generelt er så navle-gloande at dei ikkje har greidd å sette seg inn i tankegangen til motstandaren. Pentagon vart endå meir lettlurt fordi dei fleste av offiserane ikkje visste om arbeidet til Straussianarane: struktureringa av Bandaristane, banda deira til høgreekstreme element i mange Vestlege arméar (den hemmelege Centuria-ordenen [6]), og dei hemmelege programma deira[7].

Thierry Meyssan

Omsett av
Monica Sortland

[1] Forfattaren av denne artikkelen, Thierry Meyssan, er forfattaren av L’Effroyable imposture (Tysk : 11. September. Der inszenierte Terrorismus), boka om løgnene krind 11. september. [Redaksjonens merknad].

[2] “Colin Powell Speech at the UN Security Council”, av Colin L. Powell, Voltaire Network.

[3] « Plus d’un million d’Irakiens tués sous l’occupation US », par Dahr Jamail, Michael Schwartz, Joshua Holland, Luke Baker, Maki al-Nazzal, Réseau Voltaire, 9 février 2010.

[4Nato-Geheimarmeen in Europa: Inszenierter Terror und verdeckte Kriegsführung, Daniele Ganser, Westend (2022).

[5] „Die geheimen Militärprogramme der Ukraine“, av Thierry Meyssan, Voltaire Netzwerk, 31. mai 2022.

[6] „Das Bündnis des MI6, der CIA und der Bandera-Anhänger“, av Thierry Meyssan, omsett av Horst Frohlich, Korrekturlesen av : Werner Leuthäusser, Voltaire Netzwerk, 12. April 2022.

[7] Ibid. « Die geheimen Militärprogramme der Ukraine“.

Forsidebilde: Colton Jones

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 9

Les artikkelen direkte på derimot.no