Det store strømbedraget

PDK

Dekristne.no:

Høgreleiar Erna Solberg: «Vi ville hatt mindre kraft i Noreg i dag viss vi ikkje hadde hatt kablar». Slik driv både Høgre og Ap på for at vi skal tru på fortellinga dei gir oss som ikkje eingang er i tråd med sanninga. Skriver Ole G Steen PDK

DET STORE BEDRAGET

Norge er eit land som har stor produksjon av fornybar vannkraft. Vi produserer kvart år meir elkraft – basert på all nedbøren vi må leve med – enn vi treng til eige forbruk. Likevel skal Sør- Norge måtte betale svindyrt for straumen fordi vi har gjort krafta om til ei markedsstyrt handelsvare som produsentar og eigarar kan tene astronomiske beløp på. Eigarane er i stor grad staten og kommunar.  Det grønne skiftet gjennomførte Norge for 100 år sidan då vi satsa på vannkraftutbygging her i landet.

I kjølvatnet av priseksplosjonen så slit enkeltfamilier og mange bedrifter med å få kvardagen til å gå i hop og greie å betale rekninga. Rett nok er det kome ei støtteordning for familier men likevel vil kostnaden ligge klart høgre enn det  gjorde for bare kort tid tilbake. Næringslivet og særleg ein del småbedrifter slit med ein enorm kostnadsauke som dei ikkje utan vidare kan greie å hente inn gjennom auka prisar. Støtteordninga er og bør vere av kortsiktig lindrande karakter.

Likevel finn vi no gartneri, bakeri og ulike kraftkrevande verksemder som står framfor konkurs. Statsråden og statsministeren kan ikkje basere seg på eit utval som skal komme med ei utredning om eit halvt år. Vi står no med eit grunnleggande problem som består av straumfordeling innad i Norge og ikkje minst omsyn som ligg utanfor landet sine grenser.

Norske styresmakter har ansvar for norske husholdningar og norske bedrifter og alle andre omsyn må komme i andre rekke.

Viss Støre og Solberg vil overtyde oss om at norsk kraftproduksjon. MÅ gå til utlandet på norske kundar sin kostnad.

– Så må våre leiande politikarar gjere ein langt betre jobb. Dei har så langt lagt for dagen ei rekke med argument som fortel meg at dei vil prøve å overtyde meg om at dette  har dei ikkje noko ansvar for – beklager, er ikkje overtydd.

Vi må oppnå balanse i kraftproduksjonen, blir det hevda. Situasjonen er bare den at vi hadde balanse i produksjonen fram til at vi skulle dekke opp kraftunderskuddet i Europa. Her vil vi i uoverskueleg framtid komme til kort uansett. Norsk kraftforsyning er i dag underlagt EU sin overordna kraftpolitikk. Ettersom eit fleirtal på Stortinget har slutta Norge til ACER på tross av åtvaringar, så står ikkje Norge fritt til å handle sånn utan vidare.

Kanskje stortingsfleirtalet no skal ta sitt ansvar på alvor. Dette har vi gått inn for med opne auge. PDK er redd for at vegen ut av uføret kan bli lang. Kanskje kjem vi aldri ut av dette uføret.

The post Det store strømbedraget appeared first on Partiet De Kristne.

Les artikkelen direkte på Dekristne.no