Det blir for mye for oss: Noen kriger (våre) må vi bare glemme. Vi kan ikke bry oss om alle.


Tårer for Ukraina, sanksjonar for Russland, gjesp for Jemen, våpen for saudiarane: Vestens groteske dobbeltmoral

av Ahmed AbdulKareem

Global Research, 4. mars, 2022

MintPress News 2. mars 2022


Det har reist nokre augebryn i Jemen å sjå kor raskt  Vestens represaliar mot Russlands invasjon av Ukraina har kome. Der i landet har dei måtta tole ein endelaus bombekampanje og ein dødeleg luft-, land- og sjøblokade i 2520 dagar på rad.

«Vi blir brutalt bomba kvar dag. Så korfor bryr ikkje Vest-verda seg, slik den gjer med Ukraina?!! … Er det fordi vi ikkje har blondt hår og blå auge som ukrainarar?»

Ahmed Tamri, ein jemenittiske far til fire, spør med rynka bryn om straumen med internasjonal støtte og mediedekning om Russlands invasjon av Ukraina og mangelen på slike reaksjonar når det gjeld krigen i Jemen.

I helga vart ein medlem av Tamris familie drepen og ni slektningar skadde då familieheimen deira vart mål for eit luftangrep frå den Saudi-leidde koalisjonen i det fjerntliggande al-Saqf-området i guvernementet Hajjah. Tamri hevdar at al-Saqf har vore utsett for ein brutal bombekampanje frå saudiarane over dei siste sju åra – meir enn heile Ukraina har fått sidan dei vart invaderte av Russland.

Det er forskjell på folk. Noen fortjener vår støtte mens andre gjør det ikke.

Trass i den skrekkelege bombekampanjen mot sivilbefolkninga i Jemen, har Saudi-Arabia sine brot på menneskerettane og krigsbrotsverk ikkje fått noko i nærleiken av så mykje dekning og sympati som mainstream-media i Vesten rettmessig har gitt Ukraina. «Dei feller tårer for ukrainarane og ignorerer våre tragediar … for eit hykleri og rasisme!» fortalde Tamri til  MintPress News.

Folket i Jemen ber berre om det openlyse

Medan den russiske invasjonen av Ukraina held fram på sin sjette dag, ser ein framleis ein straum av støtte til ukrainarane frå heile Vest-verda. Smertelege sanksjonar har blitt innført mot Russland av USA, Europa, Australia og Vesten generelt, midt i hastige kriseforhandlingar i FNs Tryggingsråd. Farten på dei vestlege represaliane – som inkluderer å sperre Russland ute frå det internasjonale banktransaksjonssystemet SWIFT (Society for Worldwide Interbank Financial Telecommunication) og krav om å behandle russarar som pariakaste innan sport, kultur og til og med vitskap – har fått ein del jemenittar, som har halde ut ein utrøytteleg bombekampanje og drepande luft-, bakke- og sjøblokade i 2520 samanhengande dagar, til å heve augebryna.

Fra Socotra i Yemen

Sidan torsdag, då russiske styrkar starta sitt breie angrep på Ukraina, har den Saudi-leidde koalisjonen, støtta av USA, starta fleire luftangrep i Jemen enn Russland har i Ukraina. I Hajjah, ein provins omringa av tungt saudisk artilleri, har krigsfly frå den Saudi-leidde koalisjonen gjort over 150 luftangrep mor byane Haradh, Heiraan, Abbs og Mustab, og tatt livet av eit hopetal sivile, inkludert ein seksbarnsfar som denne helga vart drepen av ei saudisk drone som angreip bilen hans då han var på veg frå Shafar til marknaden i Khamis Al-Wahat.

Sidan Russland starta angrepet på Ukraina, har dusintals sivile – inkludert fleire afrikanske immigrantar – blitt drepne, og hundretals skadde av saudisk artilleri og luftåtak i Jemens tungt befolka Saada-provins, erklært militærsone av Saudi-Arabia ved starten av militærkampanjen i mars 2015.

Medan nyheitskamera og solidaritetsprotestar gav tiltrengt sympati til ukrainske sivile, bomba krigsfly i Sana’a – som i praksis har blitt gjort om til eit stort fengsel for byens meir enn fire millionar innbyggarar og flyktningar, takka vere den forkrøplande blokaden til saudiarane – fleire tett befolka område, inkludert flyplassen. I tillegg vart det gjort 160 luftangrep mot provinsane Marib, al-Jawf, al-Baydha, Taiz, Najran og Hodeida, hovudinnkomstpunkt for kommersielle varer og stønad inn i eit land som står ovanfor den verste menneskeskapte svoltkatastrofen på 2000-talet.

Jemen er ikke så mye mindre enn Ukraina i hverken folketall eller innbyggere.

Faktisk verkar det som om det saudiske regimet utnyttar eit distrahert medielandskap til å eskalere angrepa på ei mengd sensitive mål langs med den Jemen/saudiske grensa, og til å styrke sitt grep om guvernementet Al-Mahra. Dei Foreinte Arabiske Emirata (UAE), det andre store Vest-støtta oljemonarkiet som okkuperer Jemen, har også gripe sjansen og akselererer prosjektet sitt med å endre demografien på Socotra Island ved å flytte ut lokalbefolkninga der for å flytte inn busettarar som er meir på linje med UAE sin politikk. Og medan USA klargjer massiv transport av våpen og militærstøtte til ukrainske «fridomskjemparar» som forsvarer mot ein russisk invasjon, så skaut jemenittiske «rebellar» ned ei amerikansk-laga MQ9-1 drone flogen av UAE i al-Jawf og to amerikansk-produserte Boeing Insitu ScanEagles i Marib og Hajjah.

Samstundes med at land som har brukt dei siste tiåra på å bygge symbolske og fysiske murar til å halde unna desperate brune og svarte flyktningar på flukt frå vald og invasjonar i sine eigne land, opnar sine armar, heimar og hjarte for ukrainske flyktningar, slapp Saudi-Arabia laus ein styrke med jemenittiske leigesoldatar mot heimlandet deira, mot løfte om green card og tryggleik for familien dersom dei gjekk til kamp mot sine landsmenn. Med det ironiske kallenamnet «Happy Yemen Forces» var styrken, i følge lekka militære dokument, sluttbehandla seint i 2021, med mandat til å trygge Saudi-Arabia si grense mot Jemen og sikre saudisk tryggleik i byte mot permanent opphalds- og arbeidsløyve og tilgang til dei saudiske sosialtenestene som følger med.

Om vi skal samanlikne

Målt i menneskeliv, har tragedien i Jemen vore mykje meir dødeleg enn den i Ukraina, der 325 ukrainarar, inkludert 14 barn, tragisk har mista livet, i følge ukrainske myndigheiter. Krigen i Jemen har rett nok rasa usvekka i over seks år, men til samanlikning er tala oppsiktsvekkande. Sidan 2015 er dødstala estimert til rundt 400 000 menneske, inkludert 3900 barn.

Dei dødsfalla har inkludert angrep på sivile som har vore så ekstreme at dei faktisk har fått litt mediemerksemd, men sjølvsagt ingen sanksjonar, lite internasjonal fordømming, ikkje ein gong stans i militær bistand og støtte til gjerningsmennene. Utbomba skular, gravferder, bryllaupslokale, flyktningleirar, sjølv ein skulebuss full av barn som har blitt råka av dei mest avanserte av US-amerikanske våpen som finst å få tak i … ingenting av dette har vore nok til å utløyse nokon reaksjon som den Ukraina har hausta på under ei veke.

Chronicling the Yemen conflict | ICRC
Slik ser det ut i Jemen etter 7 år med Saudisk krig og bombing i landet

Sidan 2015 har krigsfly frå den Saudi-leidde koalisjonen hamra laus på Jemen med over 266 000 luftangrep, i følge  Yemeni Army Operations Room, som registrerer luftangrep mot sivile og militære mål. Sytti prosent av dei angrepa har råka sivile mål. Røyken som stig opp, vrakrestar og flammar som vi no ser i Ukraina, har vore status quo i Jemen i årevis. Vestlege medium meiner då ofte at desse bileta som blir kringkasta på lokale jemenittiske TV-stasjonar – av foreldre som dreg bitar av barna sine ut av vrakrestane av heimane eller skulane sine – har altfor grafisk innhald til at dei kan visast fram.

Tusentals av Jemens økonomisk livsviktige fasilitetar – som fabrikkar, matlager, fiskebåtar, matmarknadsplassar og oljetankarar – har blitt bomba av den vestleg-støtta Saudi-koalisjonen. Samfunnskritisk infrastruktur – inkludert flyplassar, hamner, elektrisitetsverk, vasstankar, vegar, bruer og eit utal fleire skular, jordbruksareal og gudshus – har blitt øydelagde eller skadde. Ein saudisk blokade og luftåtak på sjukehus har forkrøpla Jemen sitt helsevesen, gjort det ute av stand til å takle sjølv dei mest grunnleggande av folkehelsebehov, og gjort at dei 300 fasilitetane som er attende i heile landet knapt fungerer medan Covid-19 spreier seg som skogbrann.

Medan straumen av fordømmingar mot Russlands invasjon held fram, har vestlege regjeringar sendt massive hjelpepakkar til Ukraina, og sosiale-medium-kampanjar fyller ut der det manglar – samstundes som FN har kunngjort at dei innan mars sannsynlegvis vil kutte i støtta til 8 millionar menneske i Jemen, eit land dei kallar ’heim for den verste humanitære krisa på Jorda’. Utrygg matforsyning gjeld for over 80% av hushalda i Jemen. Nesten ein tredel av folket har ikkje nok mat til å ein gong dekke grunnleggande ernæringsbehov. Undervekt hemma utvikling hos barn har blitt eit vanleg syn, og det verste gjenstår, ettersom den russiske invasjonen har ført til auka drivstoff- og matprisar [sic. Det er vel framfor alt sanksjonane frå EU/USA m.fl. som har ført til auka prisar. Mrk.], og ettersom den humanitære stønaden tørkar ut, i følge FNs World Food Programme.

Joseph Cramer, M.D.: The phrase 'I don't care' is dangerously indifferent - Deseret
Vi kan ikke engasjere oss i alt.

Velg og vrak kva for invasjonar som skal fordømmast

I mars 2015 starta fleire enn 17 land, leidde av det oljerike monarkiet Saudi-Arabia, ein militær invasjon av Jemen, ein suveren stat og medlem av FN. Sannsynlegvis vart krigen lansert for å gjenopprette makta til president Abdrabbuh Mansur Hadi, etter at han vart styrta som følge av folkeprotestar under Den arabiske våren.

Den 26. mars det året starta den Saudi-leidde koalisjonen, støtta militært og diplomatisk av USA, ein bombekampanje som i sju år no blindt har drepe, lemlesta og øydelagd. Ikkje berre har Saudi-Arabia – kanskje det mest undertrykkande diktaturet på Jorda – med tvang fått Hadi tilbake til makta, under dekke av å forsvare demokratiet, men landet har i tillegg okkupert svære område av sør-Jemen, frå al-Mahara til Bab al-Mandab-sundet.

Jemenittiske journalistar, aktivistar og politikarar har grubla over korfor vestlege regjeringar – særleg Biden-administrasjonen – fordømmer Russland for å invadere Ukraina under påskott av nasjonal tryggleik, samtidig som dei forsvarer Saudi-regimet sin «legitime rett» til å invadere Jemen med nøyaktig same påskott.

Trass i skrekkelege brot på menneskerettane frå Saudi-Arabia si side i Jemen, så har vestlege nasjonar, og særleg USA, ikkje berre forsynt monarkiet med dødelege våpen, trening, vedlikehald, etterretning og politisk og diplomatisk forsvar, men dei har også innført medierestriksjonar på dekning av Saudi-regimet sine menneskerettsovergrep i Jemen, og pressa teknologiske og sosiale-medium-selskap til å sperre ute og forby jemenittiske aktivistar og medium som er kritiske til krigen.

Russian war games in Belarus designed to 'send Ukraine a message' | Russia-Ukraine war News | Al Jazeera
Vi kan ikke by oss om alle kriger, bare de som mediene sier vi skal bry oss om.

Medan vestlege mainstream-medium gir glødande dekning til ukrainarar som driv motstand mot sine utlandske invaderarar og okkupantar – med vestlege leiarar som applauderer standhaftigheita og resistansen til ukrainarane og sender hjelpepakkar, våpen og moralsk støtte til dei – så stemplar dei jemenittar som væpnar seg som terroristar og skyt mot dei med amerikanskproduserte smart-bomber og drone-angrep. Jemenittar som væpnar seg mot invaderande saudiarar og Emirata-styrkar, blir sanksjonerte og avviste som løpegutar for Iran av liberale medieinstitusjonar som hevdar dei er imot krig.

På måndag forlenga FNs Tryggingsråd eit våpenembargo og reiseforbod for jemenittiske styrkar. Resolusjonen fordømde kraftig det den kalla grensekryssande angrep frå «Houtiane», eit nedsettande omgrep som blir brukt om Ansar Allah, den aller største styrken som utfordrar Saudi-invasjonen og -okkupasjonen. Resolusjonen fordømde også «angrep på Saudi-Arabia og Dei foreinte arabiske emirata» og refererte til Ansar Allah sine rakett- og droneåtak på den Saudi-leidde koalisjonen sine flyplassar og oljelager-fasilitetar.

I ein kommentar til resolusjonen – som kom etter at UAE nekta å offisielt fordømme Russland for invasjonen av Ukraina, i håp om russisk støtte til deira eigen invasjon av Jemen – kom Ansar Allah sin leiar, Mohammed al-Houthi, med ei enkel oppmoding: at Saudi-Arabia si målretta krigføring mot sivile i Jemen skulle føre til eit saudisk våpenforbod. Al-Houthi bad eigentleg berre om ei oppheving av dobbeltmoralen, tydelegvis ei umogleg oppmoding å gå med på i dagens politiske klima.

*

Omsett av Monica Sortland

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst

Ahmed AbdulKareem er ein jemenittisk journalist som bur i Sana’a. Han dekker krigen i Jemen både for MintPressNews og lokale jemenittiske medium.

5 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 5 ganger.

Post Views: 51

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...