Derimot: Var det ikke farlig likevel? Hellas omgjør arbeidsforbudet for uvaksinert helsepersonell.

Derimot.no

derimot.no:

Av Niamh Harris, Newspunch. Omsett av og henta frå saksyndig.

Den greske helseministeren annonserte sist veke at etter ein rettsleg ordre vil landet gjentilsetje tusenvis av helsepersonell som nekta å bli vaksinert mot covid-19.

Som andre land i Europa innførde Hellas reglar under pandemien som kravde at personale på sjukehus, legekontor og sjukeheimar måtte vere fullvaksinerte.

Insider Paper rapporterer: Regelen som vart innført for eit år sidan førde til at rundt 6500 uvaksinerte helsepersonell vart sett på sidelinja, og fekk hard motbør frå den største fagforeininga til sjukehusarbeidarar.

Hellas sin toppadministrative domstol, Statsrådet, bad om at tiltaket vart avskaffa sist veke som følgje av ein klage frå fagforeininga.

«Avgjerda vil bli implementert, sjølv om eg må seie til dykk at det er ei farleg avgjerd for folkehelsa,» fortalde helseminister Thanos Plevris til Mega TV.

Plevris sa at regelen sannsynlegvis ville bli avskaffa frå 1. januar, om ikkje tidlegare.

Den greske dagsavisa Kathimerini rapporterte sist månad at meir enn 2000 helsepersonell framleis er uvaksinerte, inkludert rundt 170 legar.

Meir enn 5,3 covid-infeksjonar har blitt registrerte i Hellas sidan byrjinga på pandemien, ifølgje helseministeriet, med over 34 000 dødsfall tilskrive viruset.

Forsidebilde: Patrick

3 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 3 ganger.

Post Views: 29

Les artikkelen direkte på derimot.no