Derimot: Vaksiner er den nye store inntektskilden til legemiddelindustrien. De produseres uten skikkelig utprøving.

derimot.no:

Ny vaksine som ikkje er testa på menneske … Har du lyst å prøve den?

Clayton Morris

FDA har godkjent ein ny Covid-vaksine frå Novavax for alle over 12 år. Det gjorde dei på grunnlag av tidlegare data om tryggleik og effektivitet i staden for kliniske studiar med denne vaksinen.

Godkjenninga av dei nye Pfizer- og Moderna-vaksinane vart gjort på same måten. Ingen nye kliniske studiar*. Kven treng vel slike!? Dersom CDC godkjenner denne nye vaksinen slik dei gorde for Pfizer og Moderna, vil dei gjere det med naudbruksgodkjenning (Emergency Use Authorization, EUA), og dei vil bli distriberte og betalt for av den føderale regjeringa.

CDC laug for å skjule risikoen for myokarditt hos barn som følge av vaksinen. Då den tidlegare direktøren for CDC, Rochelle Walensky, vitna framfor Kongressen den 27. april, 2021, sa ho dette om vaksine-relatert myokarditt: «vi har ikkje sett rapportar [om det].»

Men ho var informert på e-post om akkurat dette. E-post som Epoch Times-journalist Zachary Stieber fekk tak i ved hjelp av innsynsrett-lova Freedom of Information Act, viser at det var 27 tilfelle av myokarditt, myoperikarditt og perikarditt (inflammasjon i hjarteposen) i VAERS [database over innrapporterte vaksinebiverknadar], og at CDC visste om dette så tidleg som 23. februar, 2021.

CDC fekk også førespørsel frå Israels helseminister om å ha eit fellesmøte for å diskutere dette. Walensky debrifa Det kvite hus om myokarditt i mai, 2021. Så ho laug til Kongressen om myokarditt, noko som er eit brotsverk.

Stieber rapporterer også om at minst 277 000 tilfelle av “breakthrough Covid”, altså folk som fekk Covid etter vaksinering, vart melde inn til CDC, men ikkje til folket.

* Kor gode dei kliniske studiane var, kan også diskuterast. Her henta frå Tidsskriftet:

Omsett av Monica Sortland

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...