Derimot.no

Derimot: Utplasseringen som kan gjøre Tyskland til atomslagmark: Stor motstand mot USA-missiler. – Derimot

derimot.no:

Meiningsmåling viser at tyskarar er imot nye utplasseringar av USAs missil

Kanslar Olaf Scholz møter motstand i eige parti

av Dave DeCamp

Ei ny meiningsmåling om ei planlagt utplassering av US-amerikanske missil i Tyskland viser at fleire tyskarar er imot idéen enn for.

USA kungjorde nyleg at dei i 2026 vil byrje utplassere missilsystem som tidlegare var forbodne ifølge INF-avtalen om kjernefysiske mellomdistansevåpen, som forbaud land-baserte missilsystem med ei rekkevidd på mellom 500 0g 5500 kilometer.

Meiningsmålinga, som vart gjennomført av Forsa Institute, fann at 49% av tyskarane meiner den nye missilutplasseringa er «ikkje rett», medan 45% støttar idéen. Opposjonen er sterkast blant tyskarar som bur i delstatar som tidlegare tilhøyrde Aust-Tyskland (DDR), der 74% er imot planen.

USA annonserte utplasseringa i ei felleserklæring med Tyskland, men Tysklands kanslar Olaf Scholz møter opposisjon mot planen frå folk både i eige parti og i koalisjonsregjeringa.

«Ikkje alle våpen gjer Tyskland umiddelbart tryggare,» sa Rolf Mützenich, parlamentarisk leiar for Scholz’ Sosialdemokratiske Parti (SDP),til POLITICO. Mützenich har tidlegare åtvara om at «faren for ei uvilla militær eskalering er betydeleg.»

Seniormedlemmar av SDP som uroar seg over utplasseringa seier dei vil be om debatt om det i september. «Debatten som no går rundt den annonserte stasjoneringa av langtrekkande konvensjonelle våpensystem i Tyskland gjeld oss alle,» sa dei i eit notat som POLITICO har sett.

Tomahawk-missil.

USA kunngjorde at utplasseringa ville inkludere Tomahawk-missil, som kan bere atombomber og har ei rekkevidd på over 1500 kilometer. Tomahawks blir vanlegvis brukt på US Navy-destroyerar og u-båtar, ettersom landbaserte versjonar var forbodne av INF-avtalen.

USA sa og at dei vil sende SM-6-missil til Tyskland, noko som tyder på at dei planlegg å utstasjonere Typhon-missilsystem. Typhon er eit skjult system, plassert i 40 fots containarar, som kan fyre ut Tomahawk- og SM-6-missil. SM-6 kan treffe mål opptil 50 mil unna, under nivåa som tidlegare var forbodne ifølge INF.

Russilands president Vladimir Putin har sverga på at Russland vil svare  på utplasseringa med å ende sitt moratorium i utplasseringa av missil som tidlegare var forbodne av INF-avtalen. Russlands viseutanriksminister Sergey Ryabkov sa at han ikkje ville utelukke idéen om at Moskva plasserer ut kjernefysiske missil som respons.

Omsett av Monica Sortland

https://news.antiwar.com/2024/08/01/poll-shows-germans-oppose-new-us-missile-deployment/

Forsidebilde: Lexica

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar