Derimot: Utfallet av krigen har hele tiden vært gitt. Det kreves bare litt regneferdighet.

Derimot.no

derimot.no:

Av Larry Johnson. Henta frå Sonar21.com. Omsett av og henta frå saksyndig.

Larry Johnson er en tidligere CIA-analytiker.

Dersom meisterskapsbaseballteamet frå Florida State High School spelte ein kamp mot New York Yankees, kven trur du ville vinne? Yankees, naturlegvis. So kvifor i all verda vil ein forstandig person tru at Ukraina kan eller vil slå Russland i ein militærkonkurranse? Berre sjå på tala i byrjinga av krigen i februar.

Det som ikkje er inkludert i biletet, er ei samanlikning av storleiken på sjø- og luftforsvaret. I byrjinga av krigen i februar hadde Ukraina 112 stridsfly. Russland, derimot, hadde 1558. Med andre ord, 14 gonger storleiken på det ukrainske luftforsvaret. Det same gjaldt transportfly og helikopter. Når det gjaldt helikopter, hadde Ukraina 15 MI-8 medan den russiske flåten talde 1397. Russland hadde overtak med ein faktor på 93 gonger.

Kva med sjøforsvaret:

«Per 2022 hadde det ukrainske sjøforsvaret 15 000 mann, inkludert 6000 i sjøinfanteriet… og fire overflatefartøy.» (Kjelde: https://en.wikipedia.org/wiki/Ukrainian_Navy)

Russland har tre hovudflåtar: Svartehavet, Austersjøen og Nordflåten.

I Svartehavet åleine overgår Russland i enorm grad Ukraina si nominelle tilstadevering:

Kvifor hamre poenget unaudsynt hardt inn? På kva slags grunnlag kunne nokon i Ukraina, USA eller NATO i sine villaste fantasiar førestille seg at Ukraina hadde ein sjanse i havet for å matche Russland?

Per i dag påstår Russland å ha øydelagt følgjande utstyr sendt ut av Ukraina sidan 24.februar:

  • 290 fly
  • 152 helikopter
  • 1889 dronar
  • 373 antiluftskyts-system
  • 4845 stridsvogner
  • 825 rakettkastarar
  • 3369 stykk feltartilleri og morterar
  • 5343 stykk spesialmilitært køyretøyutstyr

Dette tydar at Russland ikkje berre har øydelagt Ukraina sine lager som eksisterte på byrjinga av krigen, men dei eliminerer fly, stridsvogner og MRLS-system som deretter har blitt sendt av NATO og USA.

Har Ukraina øydelagt nokon som helst russiske luftfartøy, helikopter, stridsvogner og armerte køyretøy? Ja. Men kva so. Russiske tap er berre ein ørliten del av deira totale styrke og Russland, i motsetnad til Ukraina, har fabrikkar som held fram med å produsere utstyr og våpen som har blitt tapt eller brukt i løpet av konflikten.

So med desse tala i sinne, tenk nøye etter kva som skjer med Ukrainas militærstyrke i deira noverande offensiv. Dei blir massakrerte. Å hærta ein landsby eller to eller dytte Donetsk- eller Luhansk-militsen tilbake nokre kilometer, er taktisk ubetydeleg.

Sanninga er at Russland lit på Donbas-militsen for å kjempe mesteparten av frontlinjekampane fordi det er heim for desse militsane. Påstandar om at det russiske militæret har lidd store tap er vrangførestillingar, fordi dei russiske styrkane er i baktroppen og gjev støtteeld – på bakken og i lufta – til Donbas-militsane. Ja, der er somme russiske troppar på frontlinjene enkelte stader, men dei kalde, harde fakta er at Russland ikkje har vigd ein betydeleg del av deira totale militærstyrke til kampane. Ikkje enno, iallfall.

Realiteten, som USA og NATO hatar å måtte innsjå, er at Russlands siger mot det ukrainske militæret er uunngåeleg; sjølv om USA og NATO tok det sjølvmordsliknande valet å sende sine eigne styrkar inn i kampens hete.

Dersom du leitar etter eit fabelaktig samandrag av den militære situasjonen overfor Ukraina, ta deg tid til å lese det nye, lange intervjuet med oberst i den sveitsiske hæren, Jacques Baud. Er er eit liten utdrag for å skjerpe appetitten:

«Målet med denne boka er å vise korleis feilinformasjonen spreidd av vårt media har bidrege til å dytte Ukraina i feil retning. Eg skreiv den under mottoet ‘frå måten vi forstår kriser kjem måten vi løyser dei på’.

Ved å skjule mange aspekt av denne konflikten har vestlege media presentert oss eit karikaturaktig og kunstig bilete av situasjonen, som har resultert i at sinn blir polariserte. Dette har ført til ein utbreidd tankegang som gjer kvart eit forsøk på forhandling so godt som umogleg.

Den einsidige og partiske representasjonen frå hovudstraumsmedia har ikkje som intensjon å hjelpe oss med å løyse problemet, men til å fremje hat av Russland. Altso, ekskludering av handikappa atletar, kattar, til og med russiske tre frå konkurransar, utkasting av dirigentar, de-plattformiseringa av russiske artistar, slik som Dostojevski, eller til og med omdøyping av bilete, har som mål å ekskludere den russiske befolkninga frå samfunnet! I Frankrike stengde ein til og med bankkontoane til personar med russisk-klingande namn. Dei sosiale nettverka Facebook og Twitter har systematisk blokkert diskursen om ukrainske brotsverk under påskot av at slikt er ‘hattale’, men dei tillèt oppfordring til vald mot russarar.

Ingen av desse handlingane hadde nokon som helst effekt på konflikten, bortsett frå å stimulere hat og vald mot russarane i landa våre. Denne manipulasjonen er so ille at vi ville heller ha sett ukrainarar døy enn å prøve å oppnå ei diplomatisk løysing. Som den republikanske senatoren Lindsey Graham sa nyleg, dreiar det seg om å late ukrainarane kjempe til siste mann.»

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 1

Les artikkelen direkte på derimot.no