Derimot: USA, UK og Frankrikes vedtak er en krigserklæring overfor Russland. Hva blir det russiske svaret? – Derimot
derimot.no:
Hans Olav Brendberg har kommentert det som nå skjer etter at USA, Storbritannia og Frankrike har gjort sine land til direkte deltagere i Ukraina-krigen. I praksis fører deres beslutninger til at de kommer i direkte krig med Russland.
Vi gjengir her Brendbergs bemerkninger som er meget relevante for å forstå det som skjer.
Tiltaket fra disse Natostatene er en meget farlig militær-politisk provokasjon fordi det er uten militær betydning for krigens utfall som for lengst er avgjort. Det mest nærliggende er at dette gjøres for å skape en tvangssituasjon for Donald Trump før han blir innsatt som president. Det er kortsiktig og vil skape enda større spenninger mellom hans kommende regjering og de i Storbritannia og Frankrike.
Knut Lindtner
Redaktør
Om og når det russiske svaret kjem
Dmitri Kiseljov seier på russisk TV at reaksjonen på den amerikanske avgjerda om å tillata åtak langt inne i Russland kan bli «kva som helst». Det er eit teikn på at Russland har tenkt å gjera noko for å markera at dei meiner USA, Storbritannia og Frankrike no deltek direkte i krigføringa.
Kva dei kjem til å gjera er eit anna spørsmål.
Måla inne i Russland blir identifisert og lokalisert av satellittar frå NATO-land, først og fremst USA. Deretter blir målkoordinatane og anna naudsynt input programmert inn i desse rakettane, og rakettane blir avfyrt anten frå fly (Storm Shadow) eller frå utskytingskøyretøy (HIMARS/ATACMS).
Bruken av desse våpna vil ikkje påverka krigføringa i stor grad: Russarane har drive systematisk jakt på utskytingskøyretøy, og har øydelagt ein god del av dei utskytingskøyretøya Ukraina fekk frå USA. Når slike køyretøy blir brukt til å råka mål langt inne i Russland er dei sjølvsagt svært prioriterte mål.
Storm Shadow blir skote ut frå fly, og er dermed ganske kompliserte i bruk. Det russiske åtaket for to dagar sidan var mellom anna retta mot ukrainske flystriper – og russarane kjem nok til å prioritera å gjera det vanskeleg for ukrainarane å bruk dei F-16-flya dei har fått.
Så dette handlar ikkje om utfallet av krigen (som ikkje blir veldig påverka av dette). Det handlar om eit prinsipp: Ved å gjera seg til medstridande gjer dei tre stormaktene seg til legitime mål, i følgje Russland.
Men kva vil Russland slå mot? Satellittane (som er ein del av prosessen fram mot rakettåtak)? Logistikken? Eller kommandosentralar? Kva tyder Kiseljovs «kva som helst»?
Det normale (og ansvarlege) i slike tilfelle er å gje vasallane (Storbritannia/Frankrike) ein kraftig rapp over fingrene – slik at USAs prestisje ikkje blir innblanda. Spørsmålet er om desse to landa har personell/utstyr på utsette stader som dei ikkje har tenkt på.
Det vil vi truleg få vita når det nye vedtaket blir til eit verkeleg åtak inn i Russland.
Forsidebildet er KI-generert