Derimot: Ukraina: En politisk gryte for å koke opp nynazisme. – Derimot

derimot.no:

Om nynazistisk innflytelse i Ukraina

Av Joe Lauria, Consortium News, 20. april, 2025

Ei kort historie om nynazisme i Ukraina

Ein respons til dei som seier at «Det finst ikkje bevis for at nazismen har substansiell innflytelse i Ukraina».

USA sitt forhold til ukrainske fascistar starta etter Andre verdskrig. Under krigen deltok grupper frå Ukrainske nasjonalistars organisasjon (OUN-B) i Holocaust, då dei drap minst 100 000 jødar og polakkar.

Mykola Lebed, ein av topp-støttespelarane til Stepan Bandera, leiaren for fascistiske OUN-B, vart rekruttert av CIA etter krigen, ifølge ein  studie frå U.S. National Archives i 2010.

Den statlege studien sa at «Bandera sin ving (OUN/B) var ein militant fascistisk organisasjon». Bandera sin næraste varamann, Jaroslav Stetsko, sa: «Eg er fullstendig klar over den unekteleg skadelege og fiendtlege rolla til jødane, som hjelper Moskva med å slavebinde Ukraina … Eg støttar difor øydelegginga av jødane og ser det som hensiktsmessig rett å bringe tyske jødedomutryddingsmetodar til Ukraina.»

Studien seier: «På møtet i Lvov den 6. juli 1941 avgjorde Bandera-lojalistar at jødar ‘må handsamast strengt … Vi må gjere slutt på dei … Når det gjeld jødane, vil vi ta i bruk slike metodar som fører til at dei blir utsletta.’»

Lebed sjølv føreslo å «reinske heile det revolusjonære territoriet til den polske befolkninga,» slik at ein gjenoppstanden polsk stat ikkje kunne gjere krav på regionen, slik som i 1918.» Lebed var «utanriksministeren» til banderistane si eksilregjering, men han braut seinare med Bandera for at han tedde seg som ein diktator. USAs militæretterretningskorps kategoriserte Bandera som «ekstremt farleg», men sa likevel at han vart «sett på som den andelege og nasjonale helten til alle ukrainarar …»

CIA var ikkje interesserte i å samarbeide med Bandera, står det på side 81-82 i rapporten , men dét var derimot britiske MI6. «MI6 argumenterte med at Bandera si gruppe var ‘den sterkaste ukrainske organisasjonen i utlandet, vurdert kompetent til å trene opp partikadrar [og] bygge opp ein moralsk og politisk sunn organisasjon …’». I ei tidleg oppsummering frå MI6 i 1954 står det at «det operasjonelle aspektet ved denne [britiske] kollaborasjonen [med Bandera] utvikla seg tilfredsstillande. Gradvis meir fullstendig kontroll over infiltrasjonsoperasjonar vart oppnådd …»

CIAs Allen Dulles ber U.S. Immigration la Lebed kome inn att i USA trass i at han var dømd for mord.

Storbritannia avslutta samarbeidet sitt med Bandera i 1954. Vest-tysk etterretning, under tidlegare nazi-etterretningssjef Reinhard Gehlen, samarbeidde då med Bandera, som til sist vart drept av KGB med cyanidstøv i München i 1959.

I staden for Bandera, var CIA interessert i Lebed, trass i hans fascistiske bakgrunn. Dei fekk installert han på eit kontor i New York City. Og derifrå dirigerte han sabotasje- og propaganda-operasjonar på byråets vegner inne i Ukraina, mot Sovjetunionen. Nasjonalarkiv-studien seier:

“» «CIA-operasjonar med desse ukrainarane starta i 1948 under kryptonymet CARTEL, snart endra til AERODYNAMIC. … Lebed flytta til New York og fekk permanent opphaldsløyve, deretter US-amerikansk statsborgarskap. Det heldt han trygg for snikmord, let han snakke med ukrainske emigrantgrupper og let han returnere til USA etter operasjonelle reiser til Europa. Då han vart komen til USA, vart Lebed CIA sin hovudkontakt for AERODYNAMIC. CIA-folk med ansvar for rekruttering og opplæring (‘handlers‘) peika på hans ‘slue karakter’, hans ‘relasjonar med Gestapo og … Gestapo-trening’ og det faktum at han var ‘ein svært omsynslaus operatør.’»

CIA samarbeidde med Lebed om sabotasje og pro-ukrainske nasjonalistiske propaganda-operasjonar inne i Ukraina fram til Ukrainas uavhengigheit i 1991. «Mykola Lebed sitt forhold til CIA varte heile Den kalde krigen,» seier studien. «Medan dei fleste CIA-operasjonane som involverte krigsforbrytarar slo tilbake på dei sjølve, greidde Lebed sine operasjonar å forsterke den fundamentale ustabiliteten til Sovjetunionen.»

Bandera-reprise

USA heldt såleis i skjul dei ukrainske fascistiske idéane i live i Ukraina, minst fram til den ukrainske uavhengigheita vart oppnådd. «Mykola Lebed, Banderas krigstidsleiar i Ukraina, døydde i 1998. Han er gravlagd i New Jersey, og papira hans ligg hos Harvard-universitetets Ukrainian Research Institute,» seier U.S. National Archives-studien.

Bandera-monument i Lvov

Men OUN-B sin etterfølgar organisasjon i USA døydde ikkje med han. Den har blitt omdøypt til Ukrainian Congress Committee of America (UCCA), ifølge International Business Times (IBT).

“By the «Innan midten av 1980-talet var Reagan-administrasjonen gjennomsyra av UCCA-medlemmar. Reagan personleg helsa velkomen [Yaroslav] Stetsko, banderist-leiaren som hadde oppsyn med massakren på 7000 jødar i Lviv [Lvov], i Det kvite hus i 1983,» rapporterte  IBT. Etter bortgangen til [Viktor] Janukovitsj sitt regime [i 2014],  hjelpte UCCA til med å organisere demonstrasjonar i byar over heile USA til støtte for EuroMaidan-protestane,» rapporterte dei om.

Dette er ei direkte kopling mellom Maidan og den ukrainske fascismen på Andre verdskrigs tid.

Trass i at USA føretrekte den mindre ekstreme Lebed over Bandera, er sistnemnde framleis ein meir inspirerande figur i Ukraina.

I 1991, det første året av Ukrainas uavhengigheit, vart det nyfascistiske Sosial-nasjonalt parti, seinare partiet Svoboda, danna, med eit opphav som kunne sporast direkte til Bandera. Dei fekk namngitt ei gate etter Bandera i Liviv, og dei prøvde også å oppkalle byens lufthamn etter han. (Svoboda vann 10 prosent av seta i Rada [Ukrainas parlament] i 2012 før kuppet og før USAs senator John McCain og assisterande utanriksminister Victoria Nuland dukka opp saman med Svoboda sin leiar året etter.)

I 2010 erklærte den pro-vestlege ukrainske president Viktor Yushchenko Bandera til nasjonalhelt, ein status som vart reversert av president Viktor Janukovitsj, som vart styrta ved hjelp av ukrainske nynazistar i 2014.

Meir enn 50 monument, bystar og museum til minne om Bandera har blitt reist i Ukraina. Av desse vart to tredjedelar bygde etter 2005, det året den pro-amerikanske Justsjenko vart vald. Ein sveitsisk akademisk studie seier:

«Den 13. januar, 2011, heldt Lviv fylkesråd (L’vivs’ka Oblast’ Council) eit ekstraordinært møte ved sidan av Bandera-monument i Lviv, der dei reagerte på opphevinga av Viktor Jusjtsjenko sin ordre om å kalle Stepan Bandera ‘Helt av Ukraina’ med å forsikre om at ‘for millionar av ukrainarar var og er Bandera ein ukrainsk helt uavhengig av ynkelege og verdilause avgjerder frå domstolane, og dei erklærte at dei ville omdøype ‘Stepan Bandera-gate’ til ‘Helt av Ukraina Stepan Bandera-gate’.»

Fakkeltog bak portrett av Bandera er eit vanleg syn i ukrainske byar, spesielt på fødselsdagen hans 1. januar, inkludert i år.

Hovudstraumsmedia om nynazistar

Frå starten av hendingane i 2013-2014 i Ukraina byrja Consortium News’ grunnleggar Robert Parry og andre skribentar å legge fram bevis som NewsGuard, som marknadsfører seg sjølve som eit nyheitsvurderingsbyrå, seier at ikkje eksisterer. Parry byrja å rapportere utførleg om kuppet og den innflytelsesrike rolla som Ukrainas nynazistar spelte. På den tida rapporterte også korporasjonsmedia om den essensielle rolla til nynazistane i kuppet. [Sjå: ROBERT PARRY: Ukraine’s Inconvenient Neo-Nazis]

Som The New York Times rapporterte, spelte den nynazistiske gruppa Høgresektor nøkkelrolla under den valdelege styrtinga av Janukovitsj. Rolla til nyfascistiske grupper under oppstanden og deira innflytelse på det ukrainske samfunnet vart godt dokumentert av hovudstraumsmedia på den tida.

BBC,  NYT,  Daily Telegraph og CNN hadde reportasjar om Høgresektor, C14 og andre ekstremistar si rolle i styrtinga av Janukovitsj. BBC køyrde denne reportasjen ei veke etter at han var styrta:

Og denne i juli 2015:

Etter kuppet kom fleire av ministrane i den nye regjeringa frå dei nyfascistiske partia. NBC News (100 prosent NewsGuard-rating) raporterte i mars 2014: «Svoboda, som betyr ‘Fridom’, vart gitt nesten ein fjerdedel av Kabinett-stillingane i interim-regjeringa som vart danna etter styrtinga av president Viktor Janukovitsj i februar».

Svoboda sin leiar, Tyahnybok, som McCain og Nuland stod på scena saman med, ropte ein gong opp for frigjering av Ukraina frå «den moskovitt-jødiske mafiaen». The International Business Times (82,5 prosent) rapporterte:

«I 2005 signerte Tyahnybok eit ope brev til den dåverande presidenten av Ukraina, Viktor Justsjenko, der han bad han forby alle jødiske organisasjonar, inkludert Anti-Defamation League, som han hevda dreiv med ‘kriminelle aktivitetar i organisert jødedom’ som hadde til endemål å gjere folkemord på det ukrainske folket.»

Før McCain og Nuland tok Tyahnybok og hans sosialnasjonale parti under sine vinger, vart desse fordømde av EU-parlamentet, som i 2012 sa:

«[Parlamentet] minner om at rasistiske, anti-semittiske og xenofobiske synspunkt går imot EU sine fundamentale verdiar og prinsipp, og appellerer derfor til pro-democratiske parti i Verkhovna Rada [Ukrainas lovgivande forsamling] om å ikkje ha samband med, støtte eller danne koalisjonar med dette partiet.»

Slike mainstream-reportasjar om banderismen stoppa då den nyfascistiske rolla i Ukraina vart undertrykt i media i Vesten  Putin gjorde «de-nazifisering» til eit mål for invasjonen.

Azov-bataljonen, som steig opp under kuppet, vart ei signifikant kraft i krigen mot det russiskspråklege folket i Donbas, som gjorde motstand mot kuppet. Kommandanten deira, Andriy Biletsky, kom med den famøse ytringa at Ukraina sitt oppdrag er å «føre dei kvite rasane i verda i det siste korstoget for overlevnaden deira … imot dei semitt-leidde undermenneska».

I 2014 vart det som no er Azov-regimentet offisielt inkorporert i Ukrainas Nasjonalgarde, under innanriksdepartementet sin kontroll. Dei er vidare integrerte inn i staten ved at dei har eit nært samarbeid med etterretningstenesta SBU. Azov er den einaste kjende nyfascistiske komponenten i ein nasjons militær nokon stad i verda.

Som ein del av det ukrainske militæret, gjekk Azov-medlemmane med gule armbind (heilt til PR-problemet gjekk opp for dei i desember 2022) med symbolet Wolfsangel, som under Andre verdskrig vart brukt av tyske SS-troppar. Inkludert dei uhyrlege gjerningane dei framleis gjer, viser Azov verda at integrasjon inn i staten ikkje har denazifisert dei. Tvert imot kan det ha auka innflytelsen deira på staten.

USA og NATO har også trent opp og væpna Azov sidan Barack Obama nekta Ukraina «dødeleg bistand». Éin grunn til at Obama avslo å sende våpen til Ukraina, var at han var redd for at dei kunne falle i hendene på desse høgreekstremistane. Ifølge The New York Times:

«Herr Obama stiller framleis spørsmål som indikerer tvil. ‘OK, kva skjer dersom vi sender inn utstyr – lyt vi sende inn trenarar?’ sa ein som ville vere anonym. ‘Kva om det ender opp i hendene på skurkar? Kva om Putin eskalerer?»

I oktober 2019 kravde Demokratar i Huset i USA at Azov skulle rettsforfølgast som «internasjonale terroristar». I mai 2024 nekta Huset pengestøtte til Azov på grunn av ei føderal lov om offentleg pengebruk frå 2018, som sa at «ingen av midla som denne lova gjer tilgjengelege kan brukast på å gi våpen, trening eller annan assistanse til Azov-battaljonen.”

Newsguard protesterer

NewsGuard sine argument mot den svære innflytelsen til nynazistiske grupper i Ukraina, kviler på at nyfascistiske politiske parti gjer det dårleg i meiningsmålingane. Då ignorerer dei det faktum at desse gruppene i staden engasjerer seg i utanomparlamentarisk ekstremisme.

I anklagen sin mot Consortium News om publisering av «falskt innhald» om nyfascismen i Ukraina, skreiv NewsGuards Zack Fishman:

«Det finst ikkje bevis for at nazismen har nokon sustansiell innflytelse i Ukraina. Radikale grupper langt ute på høgresida i Ukraina representerer ein ‘trussel mot den demokratiske utviklinga til Ukraina,’ ifølge 

2018-rapporten til Freedom House. Men den slo også fast at ekstremistar langt til høgre har dårleg politisk representasjon i Ukraina og ingen plausibel veg til makta – til dømes vann det ytre-høgre-nasjonalistiske partiet Svoboda 2,2 prosent av røystene i  parlamentsvalet i 2019, medan Svoboda-kandidaten, Ruslan Koshulynskyy, berre vann 1,6 prosent av røystene i presidentvalet.»

Men dette argumentet, som fokuserer på valresultat, ignorerer deira utanomparlamentariske innflytelse og har blitt vraka av ei rekke hovudstraumskjelder, ikkje minst av Atlantic Council, som sannsynlegvis er den mest anti-russiske tankesmia i verda. I ein artikkel i 2019 sa ein av skribentane til Atlantic Council følgande:

«La oss slå fast følgande: parti langt ute på høgresida, som Svoboda, gjer det dårleg i Ukrainas meiningsmålingar og val, og ukrainarar legg ikkje for dagen noko ønske om å bli styrde av desse. Men dette argumentet er litt som ei ‘raud sild’. Det er ikkje ekstremistar sine valutsikter som bør uroe Ukrainas venner, men heller statens uvilje eller manglande evne til å konfrontere valdelege grupper og gjere slutt på straffefridommen deira. Enten det kjem av ei slags kjensle av at ein står i gjeld til nokre av desse gruppene for innsatsen deira i kampen mot russarane, eller frykt for at dei kan overfalle sjølve staten, så er det eit reelt problem, og det tener ikkje Ukraina at vi sveipar det under teppet.» [Utheving lagt til.]

«Frykt for at dei kan overfalle staten sjølv» anerkjenner at desse gruppene har eit kraftig balletak på regjeringa. Artikkelen frå Atlantic Council understrekar deretter kor innflytelsesrike desse gruppene er:

«Det høyrest ut som Kremls propaganda-stoff, men det er det ikkje. Førre veke 

avslørte  Hromadske Radio at Ukraina sitt departement for ungdom og idrett finansierer den nynazistiske gruppa C14 for at dei skal promotere ‘nasjonal-patriotiske utdanningsprosjekt’ i landet. Den 8. juni annonserte departementet at dei vil gi C14 litt mindre enn $17 000 for ein barneleir. Dei løyvde også pengar til Holosiyiv Hideout og Educational Assembly, som begge har band til det ytre høgre. Avsløringa representerer eit farleg døme rettsutøving som stillteiande aksepterer, eller til og med oppmodar til, den aukande lovløysa til ytre-høgre-grupper som er villige til å bruke vald mot dei dei ikkje likar.

Sidan starten av 2018 har C14 og andre grupper langt ute på høgresida, til dømes den Azov-tilknytte Nasjonalmilitsen, Høgresektor, 

Karpatska Sich og andre, angripe Roma-grupper fleire gongar, så vel som anti-fascistiske demonstrasjonar, byrådsmøte , eit  arrangement i regi av Amnesty International, kunstutstillingar, LGBT- arrangement, og miljø-aktivistar. Den 8. mars angreip valdelege grupper folk som gjekk i tog på den internasjonale kvinnedagen i byar rundt om i Ukraina. Berre i nokre få av desse tilfella har politiet gjort noko for å hindre angrepa, og i einskilde tilfelle har dei til og med heller arrestert fredelege demonstrantar enn dei verkelege gjerningsmennene

Atlantic Council (Atlanterhavsrådet) er ikkje den einaste anti-russiske gruppa som ser kva slags farleg makt dei nyfascistiske gruppene i Ukraina har. Bellingcat publiserte ein alarmerande artikkel i 2018 under tittelen «Ukrainian Far-Right Fighters, White Supremacists Trained by Major European Security Firm» (Ukrainske slåsskjemper langt ute på høgresida, Kvit makt-grupper opptrente av europeisk sikkerheitsfirma).

NATO har også trent opp Azov-regimentet, noko som direkte knyter USA til ukrainske høgreekstremistar.

The Hill rapporterte i 2017 i ein artikkel med overskrifta “The reality of neo-Nazis in Ukraine is far from Kremlin propaganda” at:

«Visse vestlege observatørar hevdar at det ikkje finst nynazistiske element i Ukraina, og dei avskriv påstanden som propaganda frå Moskva. Diverre tar dei sørgeleg feil.

Det finst verkeleg nynazistiske grupperingar i Ukraina. Dette er overveldande stadfesta av nesten alle dei store media i Vesten. Det faktum at analytikarar kan avvise det som propaganda spreidd av Moskva, er djupt urovekkande..

Azov sin logo består av to emblem —  wolfsangel og Sonnenrad — identifisert som nynazistiske symbol av Anti-Defamation League. Symbolet wolfsangel blir brukt av den US-amerikanske hat-gruppa Aryan Nations, medan Sonnenrad var eitt av dei nynazistiske symbola under denne sommarens dødelege  marsj i Charlottesville.

Azov Sin nynazistiske karakter har blitt dekka av New York Times,  Guardian,  BBC, Telegraph og Reuters, mellom andre. Journalistar frå etablerte Vestlege mediekanalar på bakken i Ukraina har skrive om at dei har vore  vitne til SS-runer, hakekors, fakkelmarsjar og nazi-saluttar. Dei har intervjua Azov-soldatar som villig 

innrømde at dei var nynazistar. Dei leverte desse reportasjane under utvetydige overskrifter som t.d. “How many neo-Nazis is the U.S. backing in Ukraine?” og “Volunteer Ukrainian unit includes Nazis.”

Korleis er dette russisk propaganda?

FN og Human Rights Watch har anklaga Azov og andre Kiev-bataljonar for ei rekke brot på menneskerettane

Nyfascismen har infisert ukrainsk populærkultur og. Eit halvt dusin nynazistiske musikkgrupper heldt ein konsert i 2019 til minne om den dagen nazi-Tyskland invaderte Sovjetunionen.

Amnesty International åtvara i 2019 om at «Ukraina søkk ned i eit kaos av ukontrollert vald frå radikale grupper som ikkje vert straffa for det. Praktisk talt ingen i landet kan kjenne seg trygge under slike tilhøve.»

Zelensky og nynazistane

Ein av Ukrainas mektigaste oligarkar frå tidleg 1990-tal, Ihor Kolomoisky, var tidleg ute med pengestøtte til den nynazistiske Azov-bataljonen. Ifølge ein  Reuters-rapport (100 prosent) frå 2015:

«Mange av desse paramilitære gruppene er skulda for overgrep mot folk dei er sette til å forsvare. Amnesty International har rapportert om at Aidar-bataljonen — også delfinansiert av Kolomoisky — gjorde krigsbrotsverk, inkludert illegale bortføringar, ran, utpressing og til og med moglege avrettingar.

Andre pro-Kiev private bataljonar har svelta ut sivile som ei form for krigføring, hindra hjelpekonvoiar i å nå fram til separatist-kontrollerte område i aust-Ukraina, ifølge Amnesty-rapporten.

Nokre av Ukrainas private bataljonar har sverta landets internasjonale ry med sine ekstremistiske synspunkt. Azov-bataljonen, delfinansiert av Taruta og Kolomoisky, brukar det nazistiske Wolfsangel-symbolet som sin logo, og mange av medlemmane vedkjenner seg ope til nynazistiske, anti-semittiske synspunkt. Bataljonens medlemmar har snakka om å ‘bringe krigen til Kiev,’ og sagt at Ukraina treng at ‘ein sterk diktator kjem til makta som kan få ein del blod til å flyte, men sameine nasjonen i prosessen.»

I april 2019 starta [US-amerikanske] FBI ei etterforsking av Kolomoisky for antatte finansielle brotsverk i samband med stål-aksjane han eig i Vest-Virginia og nord- Ohio. I august 2020 tok USAs justisdepartement ut sivile inndragings- klagemål mot han og ein partner:

«Klagemåla hevdar at Ihor Kolomoisky og Gennadiy Boholiubov, eigarane av PrivatBank, ein av Ukrainas største bankar, underslo og svindla banken for milliardar av dollar. Dei to skaffa seg bedragerske lån og fleksible lån (line of credit, LOC) i åra 2008-2016, før planen vart avslørt og banken vart nasjonalisert av Ukrainas Nasjonalbank. Klagemåla hevdar at dei kvitvaska ein del av avkastninga ved hjelp av bankkontoane til eit nettverk av stråselskap, først og fremst Kypros-greina til PrivatBank, før dei overførte midla til USA. Ifølge klagemåla vart låna sjelden tilbakebetalte, unntatt ved meir bedragersk anskaffa låneavkastningar.»

I mellomtida hadde Azov-supporteren sin fjernsynskanal kringkasta det populære TV-showet Servant of the People (2015-2019, Folkets tenar), som katapulterte Volodymyr Zelensky til kjendis-status og til sist inn i rolla som president under det nye Servant of the People-partiet. Den tidlegare skodespelaren og komikaren sin president-valkamp vart betalt av Kolomoisky, ifølge fleire rapportar, inkludert denne av Radio Free Europe (ikkje rangert).

Under presidentvalkampen rapporterte Politico (100 prosent):

«Kolomoisky sin mediekanal leverer også sikkerheit og logistisk støtte til komikarens sin valkamp, og det har nyleg kome fram at Zelenskiys juridiske rådgivar, Andrii Bohdan, var oligarkens personlege rådgivar. Undersøkande journalistar har også rapportert om at Zelenskiy dei siste to åra reiste 14 gongar til Geneve og Tel Aviv, der Kolomoisky har basen sin i eksil.»

Før omvalet deira, kalla Petro Poroshenko Zelensky for «Kolomoiskys marionett». Ifølge Pandora Papers hadde Zelensky stua unna middel han mottok frå Kolomoisky off shore.

Under valkampen fekk Zelensky spørsmål om Bandera. Han sa det var «kult» at mange ukrainarar ser på Bandera som ein helt.

Zelensky vart vald til president på løftet om å få slutt på Donbas-krigen. Omtrent sju månadar inn i perioden sin drog han til frontlinja i Donbas for å be dei ukrainske troppane, der Azov er godt representerte, legge ned våpena sine. I staden vart han sendt bort. Kyiv Post (87,5 prosent) rapporterte:

«Då ein veteran, Denys Yantar, sa at dei ikkje hadde våpen og i staden ville diskutere protestar mot den planlagde tilbaketrekkinga som hadde funne stad over heile Ukraina, vart Zelensky rasande.

‘Høyr her, Denys, eg er presidenten i dette landet. Eg er 41 år gamal. Eg er ingen tapar. Eg kom til dykk og sa: fjern våpena. Ikkje skift samtaleemne til nokre protestar,’ sa Zelensky, viser video-opptak av utvekslinga. Medan han sa dette, nærma han seg aggressivt Yantar, som er sjef for Nasjonalkorpset, ei politisk forgreining av den frivillige bataljonen av ytre-høgre Azov i byen Mykolaiv.

‘Men vi har diskutert det,’ sa Yantar.

‘Eg ville sjå forståing i auga dine, men i staden såg eg ein fyr som har bestemt seg for at det er ein eller annan tapar som står framfor han,’ sa Zelensky.»

Det var ein maktdemonstrasjon frå militærets, inkludert Azov-regimentet, overfor den sivile presidenten.

Etter den russiske invasjonen, i april 2022, vart Zelensky spurd av Fox News om Azov, som seinare vart nedkjempa i Mariupol. «Dei er det dei er,» svara han. «Dei forsvarte landet vårt.» Deretter prøver han å seie at fordi dei er ein del av militæret, så er dei ikkje nynazistar lenger, sjølv om dei fram til den 22. desember 2022 framleis bar nazi-symbol. (Fox sin YouTube-post fjerna dette spørsmålet frå intervjuet, men det er bevart her🙂

Gjer greske embetsmenn rasande

Også i april 2022 gjorde Zelensky to tidlegare greske statsministrar og andre offisielle tenestemenn rasande då han inviterte ein medlem av Azov-regimentet til å tale til det greske parlamentet. Alexis Tsipras, tidlegare statsminister og leiar for det største opposisjonspartiet, SYRIZA-Progressive Alliance, raste mot at Azov-krigaren dukka opp i parlamentet.

«Solidarity med det ukrainske folket er sjølvsagt. Men nazistar kan ikkje få lov til å halde tale i parlamentet,” sa Tsipras på sosiale medium. «Talen var ein provokasjon.» Han sa at den greske statsministeren, Kyriakos Mitsotakis, «ber det fulle ansvaret … Han snakka om ein historisk dag, men det er ei historisk skam.

Den tidlegare greske statsministeren Antonis Samaras kalla det at Azov-videoen vart spelt av i parlamentet for «ein stor feil». Tidlegare utanriksminister Nikos Kotzias sa: «Den greske regjeringa underminerte uansvarle kampen til det ukrainske folket då ein nazist vart gitt podiet. Ansvaret er tungt. Regjeringa bør publisere ein detaljert rapport om arrangementets førebuingar og kontaktar.»

Tidlegare finansminister Yanis Varoufakis sitt parti MeRA25  sa at Zelenky si framsyning vart til ein «nazi-fiesta».

Zelensky har heller ikkje irettesett sin ambassadør til Tyskland, Andrij Melnyk, for at han besøkte Bandera si grav i München, noko som provoserte fram denne reaksjonen frå ein tysk parlamentsmedlem: «Slike som Melnik, som skildrar nazi-kollaboratøren Bandera som ‘vår helt’ og gjer ei pilegrimsferd til grava hans eller forsvarer den høgrorienterte Azov-bataljonen som ‘djerv’, blir faktisk framleis velvillig skildra som ‘nazi-sympatisør.’»

Zelensky har stengd ned mediekanalar og forbode 11 politiske parti, inkludert det største av dei, Euroskeptisk opposisjonsplattform for livet (OPZZh), og arrestert leiaren deira. Ingen av dei 11 som er lagt ned høyrer til på ytre høgre-fløy.

Donald Trump vart med rette refsa for merknadar han kom med om kvit-makt-folka i Charlottesville. Men Zelensky, med ein oligark-støttespelar som finansierte Azov, og som tok med seg ein nynazist til å tale for EU-parlamentet, blir gitt fripass av ein Demokratisk og fleire Republikanske administrasjonar og dei US-amerikanske media, sjølv om han tolererer det langt verre problemet med nyfascisme i Ukraina.


Denne artikkelen har blitt oppdatert i år etter at den først vart publisert den 29. desember, 2022.

https://popularresistance.org/on-neo-nazi-influence-in-ukraine

Joe Lauria er sjefsredaktør for Consortium News og var tidlegare FN-korrespondent for The Wall Street Journal, Boston Globe og andre aviser, inkludert The Montreal Gazette, London-avisa Daily Mail og The Star i Johannesburg. Han gjorde undersøkande journalistikk for Sunday Times i London, var økonomireporter for Bloomberg News og starta yrkeskarrieren sin som ein 19 år gammal kontraktsmedarbeidar (stringer) for The New York Times. Han har skrive to bøker: A Political Odyssey, saman med Sen. Mike Gravel, forord av Daniel Ellsberg; og How I Lost By Hillary Clinton, forord av Julian Assange.

Fotoet på toppen: Azov-veteranar og supporterar marsjerer i Kiev, 2019. Goo3/Wikimedia Commons.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde er KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar