Derimot: Ytringfriheten under kapitalismen. Du kan ytre deg men risikerer konkurs om du har upassende meninger.

derimot.no:

Ytringsfridom under kapitalismen:

Sei kva du vil, men ver førebudd på ruin

av Monica Sortland, 21. september, 2023

Sist ut i rekka av profilerte personar som utfordrar makta og får betale for det, er den britiske komikaren og vloggaren Russell Brand. Han ytrar seg kritisk om NATO og politiske og økonomiske makthavarar til fleire millionar følgarar på diverse alternative mediekanalar, og er no anklaga for seksuelle brotsverk. Dei påståtte brotsverka blir brukt som påskot til å legge press på sosiale medium om å hindre han i å motta donasjonar frå følgarane sine.

Ein annan mediekanal, nettstaden The Grayzone, fekk nyleg frose over  90 000 dollar som folk hadde donert via crowdfundingsselskapet GoFundMe. Utan ordentleg grunngiving. Etter mykje trenering, enda det med at dei måtte betale alt tilbake til givarane, og dei har no skifta fundraiser-selskap.

Nettstaden har store driftsutgifter. Dei har mellom anna ein reporter til stades i Donbas, og frivillige donasjonar frå folk som verdset fri journalistikk er kjærkome.

Redaktøren for nettstaden Grayzone, Max Blumenthal, var nyleg gjest på video-kanalen til Russell Brand, der dei diskuterte den økonomiske sensuren av anti-etablissementsrøyster, som Silicon Valley-sosiale medium og crowdfunding-selskap driv med. Som han formulerer det i Twitter/X-innlegget med intervjuet:

«Brand sine eskapadar var ingen løyndom i Hollywood, men det vart ikkje ei sak av det før etter at han hadde rehabilitert seg og stige fram som ein av verdas mest fruktbare kritikarar av dei korporative media.» Og «… han har enno ikkje blitt dømd for noko i ein rett, han har nekta for skuldingane, og han har ikkje tydeleg brote YouTube sine reglar … Men ein jury av ansiktslause, korporative funksjonærar har likevel funne han skuldig i det privatiserte, politisk overtatte rommet som fungerer som vårt digitale fellesområde, og straffa han med økonomiske sanksjonar.»

Han fortel og om korleis dei stal pengane som folk hadde donert til sjåførane i lastebil-konvoien i Canada (demonstrasjonen mot dei øydeleggande koronatiltaka). Og korleis CIA- og FBI-folk er plasserte inn i både sosiale medium og crowdfunding-selskapa. Og korleis FBI bad Twitter (før Musk) sperre brukarkontoane på ei liste dei hadde fått frå den ukrainske etterretninga, SBU; eitt av namna på lista tilhøyrde Grayzone-medarbeidar Aaron Maté.

No prøver dei og å innskrenke Brand sine rettar på Tik Tok. Ei viss Dame Caroline Dinenage har skrive brev til ein av Tik Tok-sjefane i Europa (Vice president for Government Relations and Public Policy) der ho uttrykker «uro over at han kan klare å profittere på innhaldet sitt på plattformen» og ber Bertram stadfeste om det stemmer, og om plattformen gjer noko for å «sikre at skaparar ikkje kan bruke plattformen til å underminere velferden til offer av upassande og potensielt ulovleg åtferd.»

Brand kommenterer saka med at han er fullt klar over at han i yngre år oppførte seg temmeleg promiskuøst, men at han alltid var open om det («kanskje til og med for open»), og at det alltid var med fullt samtykke og absolutt ikkje kriminelt. Han meiner det ligg ein annan agenda bak dei falske skuldingane.

Heile denne Russell Brand-saka minner mykje om Julian Assange-saka, og som med sistnemnde vil det nok også denne gongen kome for ein dag at det dreier seg om falske skuldingar og falske motiv.

Heimesida til Brand finn du her: https://www.russellbrand.com/

Han er og på Telegram: https://t.me/RussellBrandShow,

og på Rumble: https://rumble.com/c/russellbrand

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...