Derimot: Tyskland: Opprør fra både høyre og venstre. – Derimot

derimot.no:

Som den observante leser legger merke til er innlegget skrevet før valget, men siden valget faktisk gjenspeilte meningsmålingene og kanskje forsterket disse er det som skrives fortsatt helt relevant.

Knut Lindtner
Redaktør

Kven er redd for Sahra Wagenknecht? Tysklands «venstre-konservative» har omdefinert ordet populisme

Av Thomas Fazi
Unherd, 31. august, 2024

Få ville trudd at Tyskland, som lenge har vore kjend for å ha kontinentets kjedelegaste politikk, skulle bli episenteret for Europas nye populistiske revolt – og endå mindre at denne skulle kome både frå høgre og venstre. Likevel er det nett det som har skjedd.

I dei nylege europeiske vala tok det høgrepopulistiske partiet Alternativ for Tyskland (AfD) som forventa over for sentrum-venstre-partiet SPD for første gong, og vart landets nest største, etter sentrum-høgre-alliansen CDU/CSU. Men til saman fekk dei to partane færre enn 45% av røystene – ned frå 70% for berre 20 år sidan. Det var den største kollapsen for tysk politisk mainstream sidan gjenforeininga.

Men det som verkeleg overraska, var den imponerande prestasjonen til eit nytt venstre-populistisk parti, som vart lansert for nokre månadar sidan av ikonet for det radikale venstre i Tyskland: Sahra Wagenknecht-alliansen (BSW). Partiet vann totalt 6,2% av røystene, men likt AfD, gjorde dei det mykje betre aust i landet, der dei scora tosifra resultat i alle delstatane, men berre 5% i vest. Framfor alt avslørte valet at Tyskland etter gjenforeininga framleis er splitta langs den tidlegare grensa: medan vest-tyskarane også signaliserer aukande misnøye med den noverande koalisjonen mellom SPD, Dei grøne og FDP, men held seg innanfor grensene til mainstream-politikken, så revolterer aust-tyskarane mot sjølve det politiske etablissementet.

Så med delstatsvala som skal skje i tre austlege delstatar i september – i Sachsen og Thüringen denne helga og i Brandenburg den 22. september – er det ikkje rart om det tyske sentrum førebur seg på kollaps. Men medan det er opplagt at AfD vil hauste massivt med røyster, ettersom partiet leier på opinionsmålingane i to av dei tre delstatane, kan den verkelege overraskinga vise seg å bli Sahra Wagenknechts nye parti, som no halar inn mellom 11 og 19% på meiningsmålingane.

Hittil har Wagenknecht utelukka å danne regionale koalisjonsregjeringar saman med AfD, så vel som med andre parti som støttar våpenleveransar til Ukraina (altså dei fleste mainstream-partia). Men berre det at ho er til stades på stemmesetlane, vil ytterlegare erodere støtta til den herskande koalisjonen – og gjere det veldig vanskeleg, om ikkje umogleg, for sistnemnde å danne sentristiske koalisjonsrergjeringar på delstatsnivå.

Fenomenet Wagenknecht er fascinerande – og unikt – av fleire grunnar. Ikkje berre har ho greidd å etablere BSW som ei av landets store politiske krefter på berre nokre månadar, men ho stiller også til val på ein plattform som er unik i det Vestlege politiske panoramaet, i det minste blant dei relevante partia som stiller til val. Sjølv om Wagenknecht gjerne unngår å definere partiet sitt i trøytte Venstre/Høgre-vendingar, kan plattformen til partiet best skildrast som venstre-konservativ.

Kort sagt betyr dette at partiet blandar krav som ein gong ville blitt assosiert med sosialistisk arbeidarrørsle-venstre – intervensjonistisk og omfordelande regjeringspolitikk for å regulere marknadskreftene, høgare trygd og minsteløn, generøs politikk på velferds- og trygdeytingar, skatt på rikdom – med standpunkt som i dag vil karakteriserast som kulturelt konservative: først og fremst anerkjenninga av at det er viktig å bevare og fostre tradisjonar, stabilitet, sikkerheit og samfunnskjensle.

Dette medfører uunngåeleg meir restriktiv immigrasjonspolitikk og ei avvising av det multikulturalistiske dogmet, der minoritetar nektar å anerkjenne at sedvaneretten rår og truar det sosiale samhaldet. Som det står i prinsipprogrammet til partiet: «Immigrasjon og sameksistens mellom ulike kulturar kan vere berikande. Men det gjeld berre så lenge straumen inn forblir avgrensa til eit nivå som ikkje overbelastar landet vårt og infrastrukturen, og så lenge integrasjon blir aktivt promotert og fungerer.» Korleis dette ser ut i praksis, vart tydeleg i 2015, då Wagenknecht kraftig kritiserte dåverande kanslar Angela Merkel si avgjerd om å sleppe inn hundretusentals asylsøkarar, under mantraet «Wir schaffen das!» («Det greier vi!»). Eit år seinare, etter ei rekke terror-angrep utført av immigrantar, publiserte Wagenknecht ei erklæring som sa at «Mottak og integrasjon av eit stort tal flyktningar og immigrantar er assosert med betydelege problem, og er vanskelegare enn Merkels lettsindige «Det greier vi!».»

Meir nyleg, etter eit fatalt knivangrep i Mannheim, slo Wagenknecht igjen ut mot regjeringas immigrasjonspolitikk: «I grunnen finansierte vi radikaliseringa [av innvandrarangriparen] og. Han levde på oss, på medborgarane sine pengar.» Fokuset hennar på sosialstønad er avgjerande. For Wagenknecht bør ikkje fremjinga av sosialt samhald, inkludert vha restriksjonar på innvandringsstraumen, berre bli sett på som eit positivt mål i seg sjølv, slik som sikkerheitsgrunnar, men også som eit vilkår for økonomisk omfordelingspolitikk og til og med for demokratiet sjølv. Berre eit politisk samfunn som er definert ved ein kollektiv identitet — demos, folket — greier å engasjere seg forpliktande i ein demokratisk diskurs og ein relatert avgjerdsfattande prosess, og å generere dei kjenslemessige banda av solidaritet som trengst til å legitimere og oppretthalde omfordelingstiltak mellom klassar og/eller regionar. Enkelt sagt: utan demos, ikkje noko effektivt demokrati, for ikkje å snakke om eit sosialt demokrati.

Det motsette er sjølvsagt også sant: det sosiale samhaldet som er nødvendig for å halde oppe folket (demos), kan berre blomstre i ein kontekst der staten intervenerer for å legge band på dei sosialt destruktive effektane av uhemma kapitalisme (inkludert presset for fri flyt av arbeidskraft). Det er med andre ord ikkje noka motsetning mellom det å vere økonomisk venstreridd og kulturelt konservativ, seier Wagenknecht; snarare går dei to tinga hand i hand. Heller ikkje er konseptet spesielt nytt, legg ho til, dette var hovudsakleg (den vinnande) plattformen til dei fleste europeiske sosialistiske og sosial-demokratiske partia av den gamle skulen.

Dette er også grunnen til at Wagenknecht legg så stor vekt på den nasjonale suvereniteten, og er svært kritisk til Den europeiske unionen, EU: ikkje berre fordi EU er fundamentalt anti-demokratisk og tilbøyeleg til å hamne i klørne på oligarkar, men også fordi unionen ikkje kan vere noko anna sidan nasjonalstaten framleis er hovudkjelda for folks kollektive identitet og kjensle av å høyre til, og derfor den einaste territoriale institusjonen (eller i alle fall den største) som mogleggjer organisering av demokrati og sosial balanse. Som ho har sagt: «Oppmodinga om å gjere ende på nasjonalstaten er til sjuande og sist ei oppmoding om å gjere ende på demokratiet og velferdsstaten».

“In short, Sahra Wagenknecht is anything but your typical Western Leftist.”Kort sagt er Sahra Wagenknecht alt anna enn ein typisk Vestleg venstre-politikar. Det har delvis å gjere med det faktum at ho vart fødd på andre sida av Jernteppet, i det tidlegare Aust-Tyskland (DDR) i 1969. Ho vart interessert i filosofi og marxistisk økonomi som tenåring, men slutten på den sosialistiske republikken DDR i 1989, vart ifølge biografen hennar, Christian Schneider, «den augeblinken då politikaren Wagenknecht vart fødd». Ho opplevde det som ei «unik redsel»: slik mange aust-tyskarar gjorde, trudde også ho på ein reformert sosialisme, ikkje på å knesette Vest-Tysklnads kapitalistiske veg.

Same år gjekk ho inn i det aust-tyske kommunistpartiet, kort før Berlin-muren fall, og ho vart etter gjenforeininga ein av leiarfigurane til partiets etterfølgar, Partiet for Demokratisk Sosialisme (PDS). Sjølv på den tida utmerka ho seg ved å vere både meir radikal og meir konservativ enn sine kommunistiske fellar. «Det var no denne unge kvinna som desperat ønska å returnere til dei gamle dagane» med DDR, som ein tidlegare PDS-leiar uttrykte det.

Då PDS i 2007 slo seg saman med ein utbrytar av PDS for å danna Die Linke (Venstre), stod Wagenknecht snart fram som ei av partiets leiande røyster – og ansiktet til det tyske radikale venstre. Støtta til Die Linke skaut opp til 12% av røystene i Bundestag-valet 2009, og heldt seg i den storleiken i nesten eit tiår. Wagenknecht vart også ein nøkkelfigur i det tyske parlamentet, der ho var parlamentarisk medstyrar for partiet sitt frå 2015 til 2019 og leiar for opposisjonen (mot kanslar Angela Merkel sin store koalisjon) fram til 2017. Det var der ho vart vidkjend for sin kraftfulle retorikk og si evne til å utfordre hovudstraumen sine politiske narrativ.

Men forholdet hennar til Die Linke vart med åra stadig meir anstrengd. Medan partiet vart fanga av den typen «progressiv neoliberalisme» som har infisert, i større eller mindre grad, alle venstrepartia i Vesten, heldt Wagenknecht på lojaliteten til dei sosialistiske røtene. Synet hennar på immigrasjon og andre saker – som ein gong hadde vore ikkje-kontroversielt i sosialistiske sirklar – var raskt i ferd med å bli bannlyst på ventresida. Til sist, i november 2019, kunngjorde Wagenknecht sin avgang som parlamentarisk leiar, og grunngav det med utbrendheit. To år seinare, i dei føderale vala, samla Die Linke mindre enn 5% av røystene og mista nær halvparten av seta – det verste resultatet deira nokon gong. For Wagenknecht kom ikkje dette som noka overrasking.

I ei mykje omdiskutert bok som vart publisert det året, Die Selbstgerechten («Dei sjølvrettferdige»), forklarte Wagenknecht grunnane til at ho kom stadig lenger bort ifrå mainstream-venstre. «Venstre», argumenterer ho, brukte å vere synonymt med å betre liva til vanlege folk som er tvinga til å halde seg oppe med hjelp av (ofte drepande tungt) kroppsarbeid; men dagens progressive rørsle har blitt dominert av det Wagenknecht kallar «livsstilsvenstre», og medlemmane deira «plasserer ikkje lenger sosiale og politisk-økonomiske problem i sentrum for venstrepolitikken. I staden promoterer dei spørsmål som handlar om livsstil, konsumentvanar og moralske haldningar.» Ho seier og at dagens venstrefolk er langt unna liberale, men har ein tendens til å vere lytefullt autoritære.

For Wagenknecht vart denne nye rørslas autoritære skugge tydeleg under pandemien. Tvert imot nesten alle sine kollegaar – og dei fleste på den tyske venstresida – vart Wagenknecht ein skarp kritikar av regjeringas «endelause nedstengingar» og påtvinga massevaksineringsprogram (ho nekta sjølv å ta vaksinen). Sidan Russlands invasjon av Ukraina har Wagenknecht også stått fram som den mest uttalte kritikaren av Tysklands militærstøtte til Ukraina og sanksjonsregimet. Dette eskalerte oppbrotet med Die Linke, som røysta i favør av økonomiske sanksjonar mot Russland

På det punktet vart brotet uunngåeleg – og til sist, seint i fjor, kunngjorde Wagenknecht lanseringa av sitt nye parti. Valet førte til oppløysinga av Die Linke, som vart tvinga til å oppheve sin parlamentariske fraksjon og no nesten har forsvunne frå det politiske kartet, med berre 2,7% av røystene i EU-valet i juni.

Sidan lanseringa av BSW har Wagenknecht sett spørsmålet om politisk avspenning med Russland i sentrum for partiets plattform. Ved fleire høve har ho sett søkelyset på kor sjølvøydeleggande Tysklands underdanigheit overfor USA/NATOs proksykrigsstrategi i Ukraina og at dei nektar å forhandle diplomatisk med Russland er, sjølvøydeleggande både økonomisk og geopolitisk. Ikkje berre er olje- og gassembargoen mot Russland hovudårsaka til Tysklands kollapsande økonomi, men regjeringa, fortalde ho Bundestag, «set omsynslaust sikkerheita og i verste fall liva til millionar av folk i Tyskland på spel». Nyleg fordømde hokraftig regjeringas plan om å utplassere US-amerikanske langtrekkande missil på tysk territorium og, kanskje mest dramatisk, kritiserte ho omerta’en rundt Nord Stream-angrepet. Etter nye avsløringar om at den tyske regjeringa kanskje har dekka over ukrainsk involvering, har ho kravd ei offentleg gransking. Ho sa: «dersom tyske styresmakter på førehand visset om angrepsplanen mot Nord Stream 1 og 2, så har vi hundreårets skandale i tysk politikk.»

Det er viktig å merke seg at Wagenknecht ser på opposisjonen mot proksykrigen mot Russland som ein del av ei mykje djupare revurdering av Tysklands geopolitiske strategi. Målet er, som Wolfgang Streeck har skrive, å «frigjere landet frå det geostrategiske grepet til USA, styrt av tyske nasjonale overlevnadsinteresser i staden for Nibelungentreue, eller lojaltet, til Amerikas hevd på global politisk dominans». Dette vil nødvendigvis medføre å re-etablere langsiktige politiske og økonomiske relasjonar med Russland, noko som potensielt kan legge grunnlaget for ein ny eurasisk sikkerheitsarkitektur, og til og med eit eurasisk samfunn av statar og økonomiar.

Veldig grønt, men tillitsvekkende?

Elles har Wagenknecht også kritisert regjeringas «grøne» og kjønnsbekreftande politikk. Ho argumenterer med at «Tysklands energiforsyning kan i dag ikkje sikrast med fornybar energi aleine,» og ho røysta imot ei lov som det tyske parlamentet godkjende tidlegare i år, om å gjere det enklare å endre sitt juridiske kjønn. «Lova dykkar gjer foreldre og barn om til forsøkskaniner for ein ideologi som ikkje gagnar andre enn den farmasøytiske lobbyen,» sa ho.

Om det verkar krasst, er det fordi det er det. Men alt saman – Wagenknechts venstre-økonomi av den gamle skulen, pro-fred og anti-Nato-utanrikspolitikk og konservative kulturelle utsyn – resonnerer med velgarane. Og som resultat er ho no i krysselden mellom etablissementet og dei populistiske rivalane. Spesielt frå høgresida har ho fått mykje kritikk for å ha trekt velgarar frå AfD og dermed svekt og splitta Tysklands populistiske front.

Likevel er bevisa for dette heller vaklande. Meiningsmålingar viser at oppkomsten til BSW ikkje ser ut til å ha hatt nokon særskilt stor effekt på AfD, som framleis held på rundt 30% i fleire aust-tyske delstatar og 20% nasjonalt. Faktisk drar BSW, ifølge ein studie av Hans Böckler Foundation, velgarane sine mest frå sentrum og venstre – Die Linke og SPD – meir enn AfD. Den standhaftig venstrevridde økonomiske agendaen til BSW, som skapar usemje med den neoliberale økonomiske politikken til AfD, ser ut til å vere nøkkelen her: studien viser at BSW trekk støtte hovudsakleg frå sosialt marginaliserte og låginntektsgrupper – tradisjonelt dei klassisk målgruppene til sosialdemokratiske parti. Det forklarer også korfor ho får så mykje sterkare støtte i austre Tyskland, som har betydeleg lågare BNP per capita og løner, og høgare arbeidsløyse og fattigdomsratar enn vestre Tyskland.

Dette tyder på at Wagenknecht sin venstre-konservative agenda fyller eit politisk rom som tidlegare var tomt, og sopar opp tyske velgarar som er desillusjonerte over mainstream-politikken og til og med veldig kritiske mot innvandring, men likevel kjenner seg ukomfortable med å røyste på eit parti som unekteleg har trekk av framandfrykt og rasisme. BSW, derimot, representerer eit mykje meir akseptabelt «ikkje-ekstremistisk» alternativ for desse semi-populistiske velgarane. Dette blir også underbygd av det faktum at BSW, trass i sitt tøffe standpunkt på innvandring, ser ut til å få eit over gjennomsnittet stort tal røyster frå folk med innvandrarbakgrunn, ei demografisk gruppe som tradisjonelt har røysta på sentrum-venstre-parti. Kort sagt ser det ut som at Wagenknecht faktisk utvidar den populistiske fronten, heller enn å hole den ut.

Det er dette, saman med den kjensgjerninga at Wagenknecht er blant dei tre mest populære politikarane i Tyskland, som forklarer korfor etablissementet har bestemt seg for å gå til angrep. Dei siste vekene har media der lansert ein nådelaus kampanje mot Wagenknecht og BSW, føreseieleg fokusert på påstandar om at ho er ein «russisk propagandist» – eller «Vladimir Putinova»”, som éin artikkel kalla ho. Og på endå meir desperat måte har nokon prøvd å måle eit bilde av Wagenknecht, som er kommunist, som ein «ytre-høgre-ekstremist». Så seint som denne veka stilte Politico, som er eigd av den tyske mediemogulen Axel Springer, uironisk spørsmålet: «Er Tysklands oppstigande superstjerne så langt til venstre at ho er ytre-høgre?»

Svaret er sjølvsagt eit kjedeleg «nein». Og eit langt meir interessant spørsmål vil utan tvil bli kasta fram av denne helgas resultat: med valet til neste år, har Tyskland endeleg funne ein politikar som er i stand til å bryte gjennom den ideologiske muren?

Thomas Fazi er fast skribent for UnHerd og omsettar. Hans siste bok heiter The Covid Consensus, skriven saman med Toby Green.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

https://unherd.com/2024/08/whos-afraid-of-sahra-wagenknecht

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...