Derimot: Thierry Meyssan: Forbereder Trump seg på kontrollert økonomisk nedriving? – Derimot

derimot.no:

Som vanlig snur Thierry Meyssan opp ned å de vanlige forestillingene om det maktpolitiske spillet som nå foregår globalt. Han viser ofte til begivenheter som ikke alltid er fremtredende i mediene og tillegger disse betydning. Dermed blir konklusjonene hans ofte helt forskjellige av de vi omgir oss med.

Knut Lindtner
Redaktør

Driv Donald Trump skadekontroll i møte med “Det amerikanske imperiet” sitt moglege samanbrot?

Av Thierry Meyssan

I ein månad har opphopinga av kritiske hendingar rundt USA, Ukraina og Den europeiske unionen (EU) vore vanskeleg å tolke, fordi kvar av dei involverte maktene prøver å skjule korta sine. Dei europeiske stats- og regjeringssjefane set opp eit dumt ansikt når dei forsikrar om at dei framleis vil støtte dei integrale nasjonalistane i Ukraina, sjølv om Washington og Moskva allereie har blitt samde om at ein fredsavtale må til. Men det er mogleg at dei diplomatiske møta på svært høgt nivå tener til å skjule ei anna sak: å hindre ei betydeleg økonomisk krise i Vesten. I så fall må Washington terrorisere sine allierte for å tvinge dei til å bere vekta av den amerikanske gjelda.

Den kitschy innreiinga av bustaden hans i Mar-a-Lago tente som bakteppe då Donald Trump skulle overbevise sentralbanksjefane og finansministrane i Washingtons allierte land om at dei må betale USA si gjeld.

Dedollarisering, altså det å ignorere dollaren i internasjonal handel og avgrense bruken av den utelukkande til den amerikanske heimemarknaden, har lenge vore finansverdas Loch Ness-monster. Men etter dei unilaterale tvangstiltaka som USA og deira allierte først påla Iran og deretter Russland (tiltak som av atlantisist-propagandaen blir kalla «sanksjonar»), oppretta Russland eit nytt system for overføring av finansielle meldingar (SPFS), Kina laga Interbank Payment System (CIPS) og EU laga European Instrument in Support of Trade Exchanges (INSTEX). Som eit resultat har bruken av dollaren i internasjonal handel gått ned med omtrent ein fjerdedel.

USAs statsgjeld har i mellomtida nådd den astronomiske summen på 34 000 milliardar dollar. Ifølge Forbes er berre ein tredjedel av denne kolossale summen i hendene på utlandske investorar [1]. Dersom visse av USAs kreditorar, hovudsakleg Kina og Saudi-Arabia, skulle kreve utbetaling av det dei har til gode, ville det utløyse ei gigantisk økonomisk krise av same proporsjonar som den i 1929.

Mange økonomar åtvarer regelbunde om at dette kan skje. Men ifølge Jon Hartley ved Hoover Institution, har sentralbankane likevel ikkje redusert andelen dollar i sine valutareservar sidan starten på krigen i Ukraina. Den 20. februar blæs ein videokonferanse av analytikaren Jim Bianco, plukka opp av medieselskapet Bloomberg [2], nytt liv i uroa. Ifølge denne analytikaren følger Trump-administrasjonen ein plan, den såkalte «Mar-a-Lago Agreement». Den har til hensikt å radikalt omstrukturere USAs gjeldsbyrde ved å omorganisere verdshandelen gjennom toll, devaluere dollaren og til sist redusere lånekostnadane, med det overordna målet å stille USAs industri likt med konkurrentane i resten av verda.

Idéen bak “Mar-a-Lago Accord” har samband med ein artikkel av Stephen Miran ved Manhattan Institute [3]; Miran vart utnemnd av president Trump til å leie Det kvite hus sitt Council of Economic Advisers (CEA), og Donald Trump sjølv gav ein tale under Verdsøkonomisk forum i Davos den 22. januar som verka gå i denne retninga.

Uttrykket “Mar-a-Lago Accord” refererer til “Plaza Accord” frå 1985, der USA vedtok ein politikk som skulle redusere verdien på dollaren slik at eksporten skulle ta seg opp. I praksis førte den mislykka handteringa av dei finansielle mekanismane til ein alvorleg resesjon i Japan.

Den 21. og 22. januar samla Donald Trump sentralbanksjefane og finansministrane frå G7-landa i bustaden sin i Mar-a-Lago. Han skal ha helsa dei velkomen på denne måten: «Ingen forlet denne staden før vi har kome fram til semje om dollaren.» [4]. Denne avtalen er derfor, i så fall, godkjend av dei allierte.

Hovudidéen er at USAs finansdepartement skal skrive ut føderale statsobligasjonar som ikkje gir renter (såkalte «nullkupongar») og som kan vekslast inn i kontantar først etter 100 år. Washington bør tvinge sine allierte til å konvertere sine uteståande fordringar til «nullkupongar».

Om vi skal tru på denne analysen, må vi tolke om att ulike andre ting som president Trump har gjort, enten det gjeld tollsatsar eller opprettinga av eit suverent statleg investeringsfond. Dei verkar då ikkje lenger så vinglete som den internasjonale pressa skildrar dei, men tvert imot heilt logiske.

Dette tyder på at Donald Trump prøver å avgrense skadane i møte med eit potensielt økonomiske samanbrot for Joe Bidens «American empire», slik Juri Andropov, Konstantin Tsjernenko og Mikhail Gorbatsjov prøvde å takle den føreståande kollapsen til Leonid Bresjnevs «sovjetiske imperium».

Grunnen til at eg rettar merksemda mot denne hypotesen, er at kuppet den 11. september 2001, etter mi meining, ikkje hadde noko anna føremål enn å utsette den føreseielege kollapsen til “Det amerikanske imperiet”. Dei to siste tiåra har berre vore ei utsetting som slett ikkje har løyst problemet, berre gjort det endå meir komplekst.

La oss hugse tilbake: i 1989 tok den russiske generalsekretæren for Sovjetunionens Kommunistparti, Mikhail Gorbatsjov, ei avgjerd om å redusere statens utgifter. Han kutta brått støtta til Sovjetunionens allierte og gav alle fridommen. Samtidig reiv aust-tyskarane Berlin-muren og polakkane valde medlemmar av Solidarinosj inn i senat og underhus. Dette var slutten på imperialismen til ukrainaren Leonid Bresjnev, som sidan 1968 hadde pålagt alle sine allierte å ta til seg, forsvare og bevare Moskva sin økonomiske modell.

Det vi ser i dag er truleg ein liknande prosess: Donald Trump, president for USA, løyser opp det amerikanske imperiet slik han prøvde å demontere det i 2017 [5]. Den 28. juli, 2017, hadde han omorganisert National Security Council ved å likvidere dei permanente seta til CIA-direktøren og leiaren for Joint Chiefs of Staff. Dette vart følgd av tre veker med intern strid i Washington og, til sist, at den nasjonale sikkerheitsrådgivaren, general Michael T. Flynn, vart tvinga til å gå av. Sistnemnde, som då forsvann frå radaren, er framleis aktiv og organiserer møter i Mar-a-Lago for opposisjonsgrupper i allierte land.

Denne gongen har president Trump lulla den amerikanske folkeopinionen i sømn ved å sette fokus på annekteringa av heile den nord-amerikanske kontinentalsokkelen, frå Grønland til Panama-kanalen, samtidig som han jobbar med å avslutte krigen i Ukraina og demontere EU.

Viss hypotesen min er korrekt, må vi ikkje tru eit ord av truslane om annektering av nye territorium, t.d. Canada, og ikkje innbille oss at USA trekk seg militært frå Europa for å konfrontere Kina, men i staden innrømme at Washington forlet sine europeiske allierte militært. Vi ser at dei overgir Tyskland og satsar på at Polen skal organisere sentral-Europa, sjølv om det skulle innebere at Warszawa annekterer aust-Galitsja (som no er ukrainsk). På same vis lyt vi førebu oss på å få sjå USA overgi sine allierte i Midtausten, med unntak av Israel. Faktisk har Washington nyleg gjenopptatt våpenleveransane sine til Tel Aviv og starta hemmelege forhandlingar med Iran via Moskva, og tillet Saudi-Arabia og Tyrkia dele den arabiske verda.

Konkurransen mellom Paris og London om å ta føringa i det europeiske forsvaret, bør ikkje sjåast på som motstand mot fred i Ukraina. Verken den franske eller den britiske hæren har kapasitet til å erstatte Washington si militære støtte. Det er heller eit spørsmål om å avgjere kva slags rolle dei to hovudstadane skal spele i Europa i framtida. Emmanuel Macron, den franske presidenten, håpar å utvikle sitt forsvarskonsept rundt Frankrikes Force de frappe [atomique], mens Keir Starmer, den britiske statsministeren, vil utnytte situasjonen til sin fordel. Førstnemnde er klar over at EU, rundt Tyskland, er i oppløysing, og at president Trump heller vil ha «Tre hav-initiativet», rundt Polen. Han kan difor gjenopplive Weimar-triangelet (Tyskland/Frankrike/Polen) for å gi seg sjølv litt spelerom. På den andre sida vil sistnemnde, basert på same analyse og med tanke på at NATO forsvinn, sørge for at Tyskland blir halde så langt unna Russland som mogleg, og dermed fortsette sitt lands utanrikspolitikk som har vore praktisert i halvtanna hundreår.

Medan dei europeiske allierte, kinesarane og saudiarabarane ville sjå på det å byte sine gjeldspapir med “nullkupongar” som svindel, bør Russland derimot støtte USA i denne manøvren. Då Sovjetunionen vart oppløyst gjennomgjekk Russland faktisk eit tiår med resesjon og alvorlige interne kriser under demonteringa av Sovjetunionen, men i dag treng dei USA for ikke å stå alene mot Kina.

Thierry Meyssan

Omsett av

Monica Sortland

[1] «Why Trump’s ‘Mar-A-Lago Accord’ Would Financially Matter To You», Erik Sherman, Forbes, February 23, 2025.

[2] ««Mar-a-Lago Accord» chatter is geting Wall Street attention» and «Jim Bianco on What a «Mar-a-Lago Accord» could mean for the economy», Tracy Alloway & Joe Wiesenthal,Bloomberg, February 20 and 25, 2025.

[3] «A User’s Guide to Restructuring the Global Trading System», Stephen Miran, Hudson Bay Capital, November 2025.

[4] «Et Donald Trump fit entrer Mar-a-Lago dans la légende du dollar», Nessim Aït-Kacimi, Les Échos, 25 février 2025.

[5] « Donald Trump dissout l’organisation de l’impérialisme états-unien », par Thierry Meyssan, Réseau Voltaire, 30 janvier 2017.

Forsidebildet er KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar