Derimot.no

Derimot: Tapstallene er forferdelige. Kampmoralen faller nå på ukrainsk side.

derimot.no:

 Den ukrainske moralen på slagmarka – eit situasjonsbilde

Pepe Escobar

19. september, 2023

Det er no slått grundig fast at motoffensiven til Ukraina viste seg å bli foraren til ei blodig kjøtkvern av forbløffande proporsjonar.

Av kvar 100 personar som slutta seg til ukrainske kampavdelingar sist haust, nokre månadar før motoffensiven, er det berre mellom 10 og 20 att. Resten er døde, skadde eller blitt uføre. Desse tala er stadfesta av nettpublikasjonen Poltavashchyna.

Det er ganske opplysande å sjå på det følgande augeblikksbiletet av dei ukrainske frontllinjene for berre fem månadar sidan, om våren, rett før starten av motoffensiven. Informasjonen er lekka av ukrainarar. Det er fullt stadfesta at den er autentisk.

Dette er ein rapport som er sett ihop av den temporære fungerande kommandanten for 2. mekaniserte bataljon av militæravdeling A4007, kaptein Dmytro Bilyi. Han rapporterer direkte til kommandanten for den militære avdelinga.

Bilyi seier at mellom 19. og 20. april, 2023, konkluderte han og andre offiserar med at 2. bataljon hadde nådd eit kritisk lågt nivå av moral og psykologisk tilstand.

Bataljonen hadde også lide talrike sanitære og uopprettelege tap. Dei fleste soldatane nekta å utføre kampoppdrag. Nivået på moralen i ulike kompani, vart vurdert til å ligge mellom 20% og 42%.

Dette er ei liste over soldatar frå militæravdelinga A7097, som frivillig har forlate ei stilling kalla «Sadik». Omsett: ukrainarane mista kontrollen over dette styrkepunktet, Sadik, på grunn av desse fyrane. Blant dei er ein kaptein, Mykhailo Shabunin.

Dette er ein annan rapport om ei gruppe soldatar som «frivillig» har forlate slagmarka.

Dette er ein rapport om kor kritisk lite kampklare 5. kompani av 2. bataljon er. Bemanninga av kompaniet har falle til 60% – og avdelinga lyt trekke ut frå frontlinja.

Dette er personlege data for 10 militærtenestemenn som drog. Så slektningar og vener kan faktisk få litt informasjon om soldatar.

Dette er ein rapport av major Dmytro Hnatyuk, kommandant for 2. bataljon, om massiv «frivillig» tilbaketrekking frå skytterstillingane Yaremche, Dakh, Derevo, Polohy, Halych.

Hnatyuk greidde å få rundt 10 soldatar til å returnere til stillingane sine. Resten gjorde det ikkje.

Kva no?

Dokuumenta over målar eit tydeleg bilde av kva som gjekk føre seg på frontlinjene tilbake i april. Situasjonen no er kanskje endå dystrare. Ukrainarane starta motoffensiven med svært låg moral, allereie då. Ikkje til å undrast over at resultata då vart katastrofale.

Likevel bør ikkje noko av dette utløyse sjølvtilfredsheit. Det rår ei kjensle av at alt er stille på Donbas-fronten. Ikkje eigentleg. Ukrainarane held fram med sine manisk iherdige angrep på russiske stillingar. Dei har trass alt uendelege mengder infanteri – lojale mot Kievs «logikk» om å kjempe til den siste ukrainar.

Kiev-maskina får no nye verkty, og nye avdelingar blir førebudde. Russarane øydela ei forbløffande mengd Vestlege våpen, men styrkane til Kiev er ikkje utarma – enno.

Det har vore høge forventningar om at Kiev ville forhandle etter den mislykka motoffensiven. Det vil ikkje skje. Overherren vil ikkje tillate det. Så «motoffensiven», 2.0 eller kva den no heiter, vil halde fram. Kiev sine styrkar gjer seg klare for nye kampar før sommaren 2024. Så Russland bør helst få igang sin eigen øydeleggande offensiv – di før dess betre.

Gløym aldri: Overherrens Plan A er endå ein Evig krig. Det finst ingen Plan B.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Tegan Mierle

Les artikkelen direkte på derimot.no