Derimot.no

Derimot: Rage against War Machine. Nå vokser motstanden mot krigen i USA.

derimot.no:

Rage against War Machine.

Protest i Washington mot krigen i Ukraina

Den første protesten av betydning mot krigen i Ukraina – arrangementet ’Rage against the War Machine’ – gjekk av stabelen denne veka i Washington. Mange organisasjonar frå heile det politiske spekteret tok del i protestane, og gjennom det fem timar lange evenementet vart det halde svært mange gode talar om problema som hopar seg opp i dag. Fattigdom, inflasjon, krig, eit dysfunkjonelt rettsvesen, Big Pharma og det militærindustrielle komplekset som tener seg søkkrike på bekostning av skattebetalarane, fengsling av folk som eksponerer galskapen..

Tulsi Gabbard

Blant talarane var slike prominente karakterar som tidlegare Hawaii Rep. Tulsi Gabbard, tidlegare Democratic Representative Dennis Kucinich (Ohio), og tidlegare Republican Representative Ron Paul (Ohio). Men ein av dei som hausta mest applaus, var den populære talkshow-verten Jimmy Dore. Han snakka om alle dei 100 milliardane dollar som mafiastaten USA sender til nazistane i Kiev, støtta av begge dei to store partia, og ting ein heller kunne ha brukt desse pengane på. Dei kunne til dømes ha forsynt ei rekke land med gratis helsetenester, alle USAs heimlause kunne fått tak over hovudet – to gongar, ein kunne kjøpt heile Russlands krig i Ukraina og likevel ha nok til overs til å gi Hunter Biden hans månadsløn for resten av livet. «Amerika er så korrupt at til og med Nobels fredsprisvinnarane våre er krigsforbrytarar!» Etter talen messa publikum «Jimmy for president!»

Hovudemne som gjekk att i fleire av talane var å stoppe pengestøtta til Ukraina, kutte i Pentagons budsjett, løyse opp NATO, avskaffe CIA, sleppe fri Julian Assange. Gode saker, fremja av kloke folk, som hadde fortent eit betre oppmøte enn dei kanskje eit par tusen som hadde tatt turen dit i det fine veret. Men stemninga var upåklageleg, og med gjentaking har Rage against the War Machine potensiale til å vekse seg stort.

Innlegget er hentet fra Voltairenet sitt nyhetsbrev nr. 29, 24.02.2023. Redaksjonen har lagt til video.

Forsidebilde: Multi Awesome Studio

14 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 14 ganger.

Post Views: 38

Les artikkelen direkte på derimot.no