Derimot: Pleiesenter i Danmark: Svært mange dødsfall etter vaksineringen. – Derimot
derimot.no:
Det kan være greit å minne om noe av det som skjedde som følge av vaksineringene. Det var ikke slik at det var covid som tok livet av alle de gamle, men også vaksinene. Det er det denne historien forteller om. Og når helsemyndighetene ikke vil undersøke om overdødeligheten i etterkant av vaksineringen også henger sammen med vaksinene (og de andre covid-tiltakene) da er det på sin plass å minne om noe av det som foregikk.
Knut Lindtner
Redaktør
Varslar: Unormalt mange dødsfall på pleiesenter
På eit dansk pleiesenter har dei i år blitt råka av mange gongar fleire dødsfall enn det som tidlegare har vore normalt. Det fortel den danske pleiearbeidaren Charlotte Andersen i eit intervju på Update i den danske nett-tv-kanalen dkdox.tv.
Pleiesenteret, som har 29 rom for eldre pleietrengande og 6 for avlasting eller rehabilitering etter sjukehusopphald, har normalt hatt 6-7 dødsfall per år. Men berre dei 3 første kvartala av 2021 har allereie 17-18 døydd. Og dessutan har dødsfalla vore av ein annan karakter enn dei før har opplevd, mellom anna med gulfarging av hud og auge, som tyder på leverskade, og pasientar som har døydd svært brått utan varselsteikn. I tillegg vart ein 30 år gamal kollega innlagt på sjukehus med blodpropp i hjernen. Ho fekk ikkje lov å rapportere det inn som vaksineskade.
Alle unntatt ein eller to var fullvaksinerte. Vaksineringa starta seint i desember i fjor. I midten av januar i år testa 15 positivt for koronavirus, utan dødsfall. Då dei vart testa igjen i februar, var det 0 positive. Seinare har det altså døydd 17-18 stykk, tre gongar fleire enn for heile fjoråret.
Andersen trur ikkje dei har blitt registrerte som vaksinedødsfall.
Vi har tidligere publisert en tilsvarende melding fra Tyskland.
Videoen vart publisert på dkdox.tv den 31. august, 2021:
Sammendraget er utført av Monica Sortland.
Forsidebilde: Alex Boyd
Tidligere publisert på derimot.no