Derimot: Nytt geopolitisk brennpunkt.Kampen om innflytelsen i Sahelbeltet i Afrika. – Derimot
derimot.no:
Imperialistiske våpen og skiftande alliansar i Sahel
Rapportar om nedskalering av Pentagon-troppar i Tsjad kjem inn medan USA stadig trenerer sin sorti frå Niger.
Global Research, 2. mai, 2024
$95 milliardar ekstra til forsvarsbudsjettet, meint å fremje interessene til USA i ymse geopolitiske regionar av verda, vart nyleg vedtatt av regjeringas lovgivande greiner.
Dette seier mykje om prioriteringane til Kongressen og administrasjonen til president Joe Biden.
Under den første Biden-administrasjonen vedtok Kongressen ikkje lover som var lova innført under presidentvalkampen i 2020, til dømes George Floyd Justice in Policing Act eller John Lewis Voting Rights Act, blant mange andre. Inflasjon er framleis eit alvorleg problem for arbeidande og undertrykte folk, sjølv om Det kvite hus hyllar den økonomiske agendaen som har ført til at titals millionar er fanga i fattigdom og utestengde frå det sosiale livet.
Men utanrikspolitikken til administrasjonen har har eit klart fokus på å halde fram med krigane i Ukraina mot Russland; hjelpe fram den israelske staten mot palestinarane og andre folk i regionen; auke provokasjonane mot Folkerepublikken Kina, osb., der billionar har blitt tatt frå skattebetalarane og deira lokalsamfunn i USA. Okkupasjons- og aggresjonskrigane dei siste tre tiåra har kosta arbeidarklassen og alle undertrykte dyrt.
Dei siste månadane har Republikken Niger i Sahel kravd tilbaketrekking av alle militærstyrkane til USA frå sitt territorium, og erklært opphøyr av dei tidlegare militæravtalane. Sidan 26. juli, 2023 har Nasjonalrådet for trygging av heimlandet (CNSP) (regjeringa) endra si utanrikspolitiske orientering for militæret frå Paris og Washington til Moskva.
No kjem det rapportar frå Tsjad, der både Frankrike og USA har vore militært til stades i fleire tiår, om ei delvis tilbaketrekking av troppar. Tsjads tidlegare leiar, Idriss Deby Itno, som skal ha blitt drepen for tre år sidan under samanstøytar med opprørsstyrkar, var ein nær alliert av Paris og Washington.
No har Idriss Mahamat Deby Itno, sonen til den tidlegare leiaren som i strid med grunnlova tok makta i 2021, sett spørsmålsteikn ved sikkerheitssamarbeidet med Frankrike og USA. Fleire statar i Sahel-regionen i vest-Afrika, spesielt Burkina Faso, Mali og Niger, har brote med Det økonomiske fellesskapet mellom vest-afrikanske statar (ECOWAS) og etabliert sin eigen Allianse av Sahel-statar.
Alle desse statane har vore plaga av rebellar som hevdar dei er «islamistar» med tilknytning til Al-Qaida og IS. Historisk har desse grupperingane sitt opphav innanfor US-amerikanske etterretningsoperasjonar utforma for oppretthald av overherredømmet i Asia og Afrika.
AFRICOM og utryggleik
USAs Africa Command (AFRICOM), som vart oppretta og utplassert tidleg i 2008, har dei siste 16 åra sagt at dei er til stades på kontinentet for å stagge «terrorismen» og for å auke individuelle statar sin sikkerheitskapasitet. Men sidan opprettinga av AFRICOM har sikkerheitssituasjonen i Afrika forverra seg vesentleg.
I vest-afrikanske statar som Mali, Guinea, Niger og Guinea-Conakry vart dei militære offiserane som er assosierte med nylege kupp opptrente på militærakademi i USA. Mange har deltatt i treningsoperasjonar som «Operation Flint Lock» saman med Pentagon-soldatar og deira leiarar.
Trass i milliardane av dollar brukt på AFRICOM det siste halvanna tiåret, har mange av desse av imperialismen opplærte afrikanske militæroffiserane vendt seg imot Frankrike og USA. Den anti-Vestlege politiske stemninga i mange afrikanske statar pågår midt oppe i andre geopolitiske kriser. Russlands spesielle militæroperasjon i Ukraina har ført til overflata utanrikspolitiske skilnadar mellom Washington og NATO på den eine sida og medlemsstatane av Den afrikanske unionen på den andre.
Vidare har folkemordskrigen til staten Israel mot palestinarane i Gaza og andre område av dei okkuperte territoria, blitt fordømd av dei fleste regjeringane på det afrikanske kontinentet. Republikken Sør-Afrika har gått til rettssak mot den sionistiske staten, med skuldingar om folkemord.
Sidan starten av Al-Aqsa Storm den 7. oktober har USA konsekvent stadfesta si støtte til det busettar-kolonialistiske regimet i Palestina. Biden-administrasjonen la ned veto mot talrike reolusjonar frå FNs Sikkerheitsråd som kravde våpenkvile og uhindra naudhjelp til folket i Gaza.
AFRICOM har vist seg å vere ein rein katastrofe for folket i Afrika. I olje-rike Libya, der det første «flygeferdige» AFRICOM-prosjektet vart gjennomført i 2011, vart dette som ein gong var kontinentets mest velståande stat, leia av den pan-afrikanistiske revolusjonære statsmannen oberst Muammar Gaddafi, redusert til eit land med massefattigdom og balkanisering. Mange FN-utsendingar til Libya har mislykkast i forsøk på å halde fleirpartival for å danne ei sameint regjering i Tripoli.
Så dei militære og sivile administrasjonane i Afrika ville tent godt på å bryte dei militære banda til AFRICOM og den franske Framandlegionen. Via AU, som har ei pakt som tillet oppretting av ein kontinenetal fredsbevarande styrke, ville afrikanske statar vere mykje tryggare med å bruke sine eigne mekanismar til å løyse interne og eksterne truslar mot sikkerheita.
Viktige Tsjad
Sidan tidleg på 1980-talet har USA og Frankrike brukt enorme ressursar på sikre seg Tsjad som imperialistisk interessesone. Tsjad og Niger var sett på som nøkkelstøttespelarar i dei såkalte «anti-terrorismekampanjane» i vest-Afrika.
Map of Chad
Tsjad og Niger har begge rikhaldige uran-ressursar. Tsjad har i tillegg oljeressursar. Desse landa er difor økonomisk og strategisk viktige.
Over dei siste to tiåra har handel- og sikkerheitsrelasjonane vakse mellom AU-medlemsstatane, Folkerepublikken Kina og Den russiske føderasjonen. No utløyser metodane til Washington og Paris berre større harme og framandgjering frå breie sektorar av folkesetnadane i Tsjad og andre Sahel-statar.
Spesifikt refererande til Tsjad, seier Pentagon at dei vart fullstendig sjokkerte over eit brev som regjeringa i N’djamena sende til USA. Slik dei har gjort i Niger, leitar Washington etter måtar å reforhandle militæravtalar som vil tillate AFRICOM-troppane å bli i dei afrikanske statane.
Ifølge ein artikkel publisert av Associated Press den 25. april:
«USA vil omplassere dei fleste av dei ca. 100 styrkane dei no har utplasserte i Tsjad, sa Pentagons pressesekretær generalmajor Pat Ryder under ei pressebriefing på torsdag. ‘Medan forhandlingane held fram med tsjadske tenestemenn, planlegg U.S. AFRICOM no å flytte nokre av militærstyrkane våre frå Tsjad, nokre delar av dei som allereie, etter planen, skulle ut av landet. Dette er eit temporært steg som del av ettersynet vi no har med sikkerheitssamarbeidet vårt, som vil halde fram igjen etter Tsjads presidentval den 6. mai,’ sa Ryder.
I ein annan reportasje, publisert i New York Times same dag, blir det påpeika at:
«Den føreståande uttrekkinga av US-amerikanske militærrådgivarar frå Tsjad, ein ørkennasjon som breier seg ut midt på kontinentet, vart skunda på av eit brev frå regjeringa i Tsjad denne månaden, som USA oppfatta som truslar om å ende ein viktig sikkerheitsavtale med Washington. Brevet vart sendt til den amerikanske forsvars-attachéen og gav ikkje USAs militær nokon direkte ordre om å forlate Tsjad, men utpeika ein spesialoperasjonsstyrke som opererer utifrå ein tsjadsk militærbase i hovudstaden og tener som eit viktig knutepunkt for koordinasjon av USAs militæres trenings- og rådgivingsoppdrag i regionen.»
Som i dei geopolitiske regionane i aust-Europa, vest-Asia og Asia-Stillehavet, prøver USA og deira allierte å kontre påverknaden som Iran, Kina og Russland utøver på det afrikanske kontinentet. Sikkerheitsrådgivarar frå Russland opererer allereie i Mali, Den sentralafrikanske republikken, Niger og andre statar. Økonomiske og politiske band mellom afrikanske statar og Kina har auka i fleire tiår.
AU-medlemsstatane er suverene einingar og har difor retten til å bestemme sine eigne lagnadar. Desse statane må søke å etablere ein eigen, uavhengig utanrikspolitikk for å takle dei imperialistiske sentra for militær og økonomisk makt.
*
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: iStock
Abayomi Azikiwe er redaktør i Pan-African News Wire. Han bidrar regelmessig til Global Research.
Copyright © Abayomi Azikiwe, Global Research, 2024