Derimot: Ny USA-undersøkelse. Konsentrasjonssvikten i befolkningen øker dramatisk. – Derimot
derimot.no:
Ny undersøking vekkjer uro: Amerikanarar kan berre halde merksemda i 47 sekund
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Det gjennomsnittlege tidsrommet amerikanarar kan halde på merksemda under datarelaterte oppgåver, har falle frå to og eit halvt minutt til berre 47 sekund i løpet av dei siste tjue åra. Dette er ein nedgang på 69%. Samstundes rapporterer tre av fire vaksne om konsentrasjonsvanskar på grunn av tress, dårleg søvn og digitale distraksjonar. Her speler sokalla «multitasking», ADHD og dårleg ernæring ei rolle. Det som med største iver blir diagnostisert som ei merksemdsforstyrring, kan i røynda berre vere mental fatigue som eit resultat av kronisk stress, angst og informasjonsoverbelasting. Vi er ikkje bygt for å leve livet framfor smarttelefonen, og dette får no uhyggjelege effektar på våre kognitive evner.
Laura Harris i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Det moderne merksemdstidsrommet går i stykke, og det fort. Ei ny nasjonal spørjeundersøking utført av Ohio State University Wexner Medical Center avslører at det gjennomsnittlege tidsrommet amerikanarar kan halde seg fokuserte på ei dataoppgåve har falle frå to og eit halvt minutt for to tiår sidan, til sjokkerande 47 sekund i dag – ein nedgang på 67%.
Undersøkinga av 1000 vaksne, utført i mai 2025, fann ut at tre av fire amerikanarar innrømmer at dei slit med å konsentrere seg på grunn av stress (43%), dårleg søvn (39%) og konstante digitale distraksjonar (35%). […]
Dr. Evita Singh, ein psykiater ved Ohio State, sa at dette dramatiske skiftet endrar korleis amerikanarar tenkjer, arbeider og knyter band. Singh forklarer at det som mange oppfattar som kliniske konsentrasjonsvanskar, faktisk kan vere eit resultat av rein og skjer utmatting.
‘Stresset og spekuleringa og tankekøyret om ting om og om igjen i hovudet kan visseleg påverke merksemd og evna til å fokusere,’ sa Singh. ‘Ofte når pasientar kjem for å møte meg, uroar dei seg over evna si til å fokusere, og der er ein høg risiko for at det endar opp med å vere fordi dei er so stressa eller engstelege. So vi jobbar med å behandle det.’
Medan digitale varsel er ein velkjent distraksjon, oppdaga spørjeundersøkinga òg at amerikanarar peiker ut multitasking, keisemd, dårleg ernæring, mangel på fysisk aktivitet og underliggjande tilstandar slik som ADHD. Singh hevda til og med at multitasking spesifikt kan gjere meir vondt enn godt.
‘Når folk driv og multitaskar, når dei har so mykje i hovuda sine som dei tenkjer på, kan dei bli utmatta,’ sa Singh. ‘Og då er det verkeleg vanskeleg å nyte ting, som i sin tur kan føre til depresjon eller angst.’
Forsking avslører at skjulte stressutløysarar skader fokuset ditt
Professor Gloria Mark ved Universitetet i California, Irvine, bekreftar det som Singh ser hjå pasientar med harde data.
Mark, som brukte over 20 år på å spore nøyaktig korleis og kvifor folk misser fokus, utførde forskinga si basert på berbare sensorar og digitale aktivitetsloggar frå kontorsettingar i den ekte verda. ‘Vi har oppdaga ein sterk samanheng mellom korte merksemdstidsrom og høge stressnivå,’ sa Mark.
I boka si Attention Span: A Groundbreaking Way to Restore Balance, Happiness and Productivity, forklarer Mark korleis mental støy, kjent som ‘indre skravling’, hindrar folk i å forankre seg i notida. Forskinga hennar viser òg at individ med høge nivå av nevrotisisme, eit trekk knytt til kronisk bekymring, har tendens til å ha dei kortaste merksemdstidsromma. Desse folka har større risiko for å vere mentalt uroa, noko som gjer det vanskelegare for dei å konsentrere seg, sjølv i stille miljø.
Ein av nøkkelsyndebukkane bak øydelagt merksemd er oppgåveskift, som Mark hevda får som resultat ‘merksemdsrestar’, tankar som ligg igjen frå ei tidlegare oppgåve som forstyrrar den neste oppgåva. Sosiale media får ofte skulda for moderne distraksjon, men forskinga til Mark peiker ut ein meir kvardagsleg trugsel: e-post.
‘Vi har loggført kvar form for datamaskinbruk, og den mest konsekvente stressutløysaren vi har funne er e-post,’ sa Mark. ‘So fort folk opnar innboksen sin, aukar hjarterytmen [som er eit teikn på aukande stressnivå]. Når dei lukkar den, byrjar stressnivåa å kome seg.’ E-postar representerer ein konstant straum av ufullførde oppgåver, avgjerder og avbrot.»
Forsidebilde iStock