Derimot: Naturligvis forteller de det ikke.mRNA-vaksiner snikes nå inn i maten.

Derimot.no

derimot.no:

Dr. Mercola åtvarar: Enkelte amerikanske kjøtprodukt har blitt forgifta med mRNA-vaksinar i ÅREVIS!

Av Arsenio Toledo, Natural News. Omsett av og henta frå saksyndig.

Nye reportasjar viser at visse kjøtprodukt har blitt forgifta med mRNA-vaksinar i årevis, og der er planar om å utvide kva slags kjøtprodukt som blir injiserte med mRNA-vaksinar.

Forsking av dr. Joseph Mercola viser at amerikanske svinekjøtprodukt har brukt tilpassingsmoglege mRNA-baserte vaksinar på flokkane sine sidan 2018. (Relatert: Staten og Big Pharma planlegg å forgifte matforsyninga ved å injisere dyr med mRNA-vaksinar.)

«[Svinekjøt] er ein av dei mest populære kjøttypane i verda utanfor Midtausten og liknande stader… og dei tilset allereie [mRNA] i matforsyninga,» åtvara Josh Sigurdson i World Alternative Media.

«Der er evidens for at der allereie er mRNA-teknologi i kjøt i matvarebutikkane,» la han til. «Big Ag [Stor-landbruket] har allereie kickstarta planen ved å injisere grisar… med mRNA-genterapi.»

Det Mercola sin reportasje tydar er at amerikanarar sannsynlegvis har ete svinekjøtprodukt behandla med genterapi-mRNA-vaksinar i nesten fem år allereie.

Reportasjen la til at det er umogleg å avgjere kor mange svinekjøt-produsentar som har injisert flokkane sine med mRNA-vaksinar. Vidare kan ein òg trygt anta at sokalla organiske svinekjøtprodukt òg kan vere forgifta, sidan organiske standardar ikkje har nokon reglar rundt bruken av vaksinar, langt mindre mRNA-baserte vaksinar.

«Det verkar rimeleg å anta at nesten alle storskala-svinekjøtprodusentar har utført denne overgangen,» skreiv Mercola. Han åtvara vidare at fleire og fleire kjøtprodukt i USA sannsynlegvis kjem til å bli behandla med mRNA-vaksinar.

Vil vi få denne formen for vaksinering i kylling i tiden som kommer?

mRNA-vaksinar kan snart forgifte forsyningar av storfekjøt og fjørkre

Åtvaringa til Mercola har blitt bekrefta av fleire kjelder, inkludert den Ohio-baserte advokaten Thomas Renz, som åtvara at Big Pharma-selskap slik som Merck og Moderna planlegg å utvide tilgangen til desse uregulerte, eksperimentelle teknologiane til heile matforsyninga for å massevaksinere den amerikanske befolkninga.

«Vi veit at [Big Pharma] faktisk kan lage det som blir kalla ‘overførbart mRNA’. Og det tydar at dei kan setje dette stoffet inn i eit dyr slik at det overfører det til alle som et kva enn dei et, og dei blir vaksinerte,» sa Renz. «So dei kan gjere slik at dette hamnar i planter, i dyr, i ymse ting.»

National Cattlemen’s Beef Association [«kjøtforeininga for nasjonale storfebønder»] nekta for at dei har tillate mRNA-vaksinering for storfekjøt i USA.

«Der er på noverande tidspunkt ingen mRNA-vaksinar som er lisensierte for bruk hjå storfe i USA,» sa foreininga i ei melding. Derimot sa ein lobbyist for foreininga at spesifikke flokkar allereie har blitt «dobbeltvaksinert» med mRNA-vaksinar mot luftvegssjukdom hjå kyr.

Vidare utvikla selskapet Harrisvaccines – seinare kjøpt opp av Merck-dotterselskapet Merck Animal Health – allereie ein mRNA-vaksine for fugleinfluensa i 2015, lisensiert same året for bruk på fjørkre. Nyare mRNA-lipid-nanopartikkel-sprøyter for fugleinfluensa er òg i ferd med å bli laga.

Renz åtvara i eit intervju at visse Big Pharma-selskap, i samarbeid med National Institutes of Health (NIH), kan ha hatt som mål å infisere matforsyninga med mRNA-vaksinar i over 20 år.

«Eg har dokument frå NIH – frå 2002 – som snakkar om å integrere vaksinar inn i matvarer,» sa Renz. «Dei har jobba med å integrere desse inn i matforsyninga vår. Dei har jobba med det i minst to tiår.»

Renz sa at ein måte forbrukarar kan unngå å ved eit uhell ete mRNA-produkt, vil vere gjennom krav om at matprodukt blir merkte. Ein delstat – Missouri – har no eit lovforslag som er til behandling i det delstatlege lovverket der ein krev slik opplysning.

«Dersom vi ikkje får opplysning [om mRNA-innhald], dersom vi ikkje vedtek nokon lover om informert samtykke, er det som skjer er at alle de som stod sterke og sa nei til desse mRNA-vaksinane, de vil få dei likevel gjennom maten dykkar,» sa Renz.

denne episoden frå World Alternative Media diskuterer programleiar Josh Sigurdson evidensen som beviser at kjøtforsyninga allereie har blitt forgifta med mRNA.

Forsidebilde: Christopher Carson

Les artikkelen direkte på derimot.no