Derimot: Når kunnskapsgrunnlaget svikter blir det tatt feil beslutninger. CIA gir USAs president helt feilaktig informasjon. – Derimot
derimot.no:
Russiske tapstal og den russiske økonomien – eit memo for president Donald Trump
Av Larry Johnson

Herr President, eg trur CIA forsyner deg med unøyaktig, usann etterretning om Russlands tapstal og tilstanden til økonomien deira. Viss du håpar om å realisere målet ditt om å opne forhandlingar med president Vladimir Putin for å få slutt på krigen i Ukraina, så må du vere utstyrt med det beste av tilgjengeleg informasjon.
Du har i debrifingar blitt fortald at Russland har lide katastrofale tap – så mange som 800 000 falne – og at Russlands økonomi er svak og skjør. Data frå opne kjelder målar opp eit diametralt motsett bilde.
Ei av dei beste kjeldene for informasjon om russiske tapstal er Mediazona:
Mediazona
Russisk: (Медиазона) er ein russiske uavhengig mediekanal fokusert på
anti-Putinistisk opposisjon som vart grunnlagd av
Nadezhda Tolokonnikova, som også var med på grunnlegginga av protest-gruppa og bandet
Pussy Riot. Kanalens sjefsredaktør er den russiske politiske journalisten
Mediazona er ein uavhengig organisasjon som står i ideologisk opposisjon til Vladimir Putin. Den er antitesen til ein russisk propaganda-kanal. Mediazona brukar ein multifasettert metodologi til å spore opp russiske tap i Ukraina-krigen, som inkluderer:
- Innsamling av open-kjelde-etterretning: Dei monitorerer offentleg tilgjengeleg informasjon frå pressebyrå, sosiale medium-plattformar, offisielle militærrapportar og grupper blant lokalbefolkninga.
- Kollaborasjon: Mediazona arbeider tett saman med BBC Russian Service til å spore og verifisere tapsrapportar.
- Omfattande database: Dei driftar ei tapsliste som blir regelbunde oppdatert og no inneheld over 44 600 namn på russiske soldatar drepne i kamp.
- Testamentregisteranalyse: Mediazona kombinerer sine tapslister med data frå det russiske Testamentstadfestingsregisteret sin database til å estimere dei sanne dødstala blant russiske menn.
- Statistisk modellering: Dei brukar ein metode som tar omsyn til all overdødelegheit for menn opp til 50 års alder, med omsyn til faktorar som t.d. sosial samansetning og forseinkingar i konsultasjonar med notarar og i dødsregistrering.
- Kryss-referansar: Teamet verifiserer informasjon ved å kryss-sjekke fleire kjelder og databasar.
- Frivillig nettverk: Eit team av frivillige assisterer i datainnsamling og verifisering.
- Kontinuerlege oppdateringar: Databasen blir regelmessig oppdatert for å reflektere den ferskaste informasjonen som er tilgjengeleg.

Ifølge Mediazonas siste data, er det no 88 726 stadfesta russiske døde i kamp sidan februar 2022. Mediazonaestimerer, utifrå testament-data, at talet kan vere så høgt som 120 000. Dette er langt unna tala som ukrainsk etterretning hevdar gjeld, og det er desse tala som dannar grunnlaget for CIA sine estimat.
Det er vesentleg at de forstår at Russland ser på denne krigen som livsviktig for sjølve eksistensen sin. Russland kjempar ikkje for å gjenopprette det sovjetiske imperiet. Dei ser på Ukraina som ein proksy som Vesten brukar til å angripe Russland med våpen og etterretning som USA og NATO har forsynt dei med, med det ultimate målet å øydelegge den noverande regjeringa. Dermed er det einaste tilfredsstillande utfallet for Russland å gjere slutt på denne trusselen. President Putin er villig til å akseptere eit framforhandla forlik på det vilkår at Ukraina blir fråtatt kapasiteten sin til å starte framtidige angrep på Russland, og at NATO sluttar å vurdere å gjere Ukraina til NATO-medlem.
Ifølge dei siste prognosane til Det internasjonale pengefondet (IMF), er Russlands økonomi venta å stige med 1,4% i 2025, ein liten auke i forhold til den førre prognosen på 1,3%. Dette representerer ei nedsakking i forhold til den estimerte veksten på 3,8% i 2024. IMF attribuerer denne nedsakkinga til fleire faktorar:
- Overgang frå ein «krigsøkonomi». Russland sin økonomi har blitt oppheta av at det offentlege har brukt mykje pengar på krigsinnsatsen.
- Høg inflasjon: IMF rapporterer om ein inflasjon i Russland på 8,3% i 2024, med ein endå høgare sekvensiell («seriekopla») inflasjon på over 9%.
- Monetær innstramming: Som respons på høg inflasjon, har Russlands sentralbank heva renta til 21%, som dei ventar vil dempe den økonomiske aktiviteten.
IMF sine prognosar for Russland i 2025 er lågare enn grunnlinjeprognosen til Russlands departement for økonomisk utvikling på 2,5% vekst. Men den fell innanfor prognosen til Russlands sentralbank, som no ligg på mellom 0,5 og 1,5%.
Ein kan godt merke seg at einskilde russiske offisielle tenestemenn, inkludert ministeren for økonomisk utvikling, Maxim Reshetnikov, har kritisert IMF sine prognosar som overlag pessimistiske, og meiner dei ikkje tar omsyn til tiltak frå dei russiske styresmaktene for å styrke økonomien.

Her er det kritiske punktet: Trass i den føresedde nedsakkinga, tyder prognosane til IMF på at Russland sin økonomi framleis viser seg motstandsdyktig i møte med sanksjonar frå Vesten, mykje på grunn av faktorar som t.d. robust olje- og vareeksport til land som India og Kina, og at landets militærindustrielle kompleks har ekspandert.
Den russiske regjeringa sitt syn på økonomien sin er framleis optimistisk. Tenestemenn framhevar sterke veksttal og motstandskraft mot Vestlege sanksjonar. Den russiske regjeringa peikar på fleire nøkkelindikatorar som støttar dette optimistiske synet:
- BNP-vekst: Økonomien vaks med 3,6% i 2023 og er venta å vekse med rundt 4% i 2024, noko som gjer Russland til ein av dei raskast veksande av dei store økonomiane.
- Låg arbeidsløyse: Arbeidsløysa fall til 2,6% i 2024, eit historisk lågt nivå.
- Stigande global øconomisk status: Ifølge Verdsbanken har Russland gått forbi Tyskland og Japan, og er dermed blitt verdas fjerde største økonomi målt i kjøpekraftsparitet.
- Auke i investeringar: Investeringane i fast kapital vaks med 9,8% i 2023 og 14,5% i første kvartal av 2024.
- Handelsoverskot: Russland hadde eit overskot på 50,2 milliardar dollar i handelsbalanen i 2023 og 40,6 milliardar dollar i første halvdel av 2024.
President Vladimir Putin bruker desse økonomiske indikatorane til å argumentere for at Vestens sanksjonar ikkje har verka, og til å vise fram Russlands økonomiske modell til partnarar i Asia og Afrika. Bodskapet hans resonnerer med leiarane av landa i sør («the Global South»).
Viss ein tar omsyn til Russlands perspektiv på krigen når det gjeld tap og økonomien, er ikkje Vladimir Putin under press for å oppnå eit framforhandla forlik som ikkje tar omsyn til Russlands strategiske interesse av å ikkje lenger måtte takle ein militær trussel frå NATO. Viss ein ikkje forstår dette og justerer strategien sin for å gjere ein avtale, vil forsøka på å forhandle fram ein slutt på krigen i Ukraina ikkje lykkast.
Omsett av Monica Sortland
https://sonar21.com/russian-casualties-and-the-russian-economy-a-memo-for-president-donald-trump/
Forsidebildet er KI-generert