Derimot: Moon of Alabama. Sprengningshistorien av North Stream holder vann med noen få justeringer.

Derimot.no

derimot.no:

Moon of Alabama.

Nokre små korreksjonar til Seymour Hershs nye Nord Stream-avsløringar

Seymour Hersh er ein legendarisk undersøkande journalist som har avslørt fleire dusin brotsverk som USAs styresmakter har utført heime og i utanlandet. 

Innlegget er hentet fra Moon of Alabama

I det siste stykket sitt skildrar han øydelegginga av North Stream-røyrleidningane i Austersjøen av styrkar under U.S. government. Øydelegginga sleppte laus ei enorm mengd metan, ein global-oppvarmingsgass. Den øydela Tysklands gass-livlinje med Russland, og gjorde med det tung skade på Tysklands industri. Det var økologisk og økonomisk terrorisme av USAs regjering, retta mot ein «alliert».

Historia som kjelda til Hersh fortel, er stort sett den same som eg hadde sett ihop utifrå opne kjelder den 28. september, dagen etter at røyrleidninga vart sprengd.

Whodunnit? – Facts Related to The Sabotage Attack On The Nord Stream Pipelines

Historia til Hersh er sann. Det at offisielle talsmenn i USA fornektar den, betyr ingenting. Tidlegare avsløringar som Hersh har gjort om CIA som spionerer på eigne innbyggarar, om My Lai-massakren, om torturen i Abu Ghraib, vart også nekta for, men til sist bevist å stemme.

Historia om røyrleidningane er heilt logisk. Diverre har den nokre detaljar som Hersh, i mangel på den rette informasjonen, får feil.

Han skriv:

Sist juni planta nokre marinedykkarar, som opererte under dekke av ei breitt dekka NATO-øving kjend som BALTOPS 22, dei fjernutløyste eksplosiva som tre månadar seinare øydela tre av dei fire Nord Stream-røyrleidningane, ifølge ei kjelde med direkte kjennskap til den taktiske planlegginga.

Det er usannsynleg at eksplosiva vart plasserte ut medan den årvisse BALTOPS-øvinga pågjekk. Wikipedia har dette å seie om det:

Totalt 14 NATO-land, inkludert NATO-partnarnasjonane Finland og Sverige, deltok i den 51. BALTOPS-øvinga mellom 5. og 17. juni 2022. Den vanlege minejaktsøvinga var i år endra til ei eksperimentell minejakt, med ubemannaundervassfartøy og innsamling av miljødata til rekognosjonsalgoritmar i samarbeid med Naval Undersea Warfare Center og Naval Information Warfare Center Pacific.

BALTOPS 2022 vart skygga av to russiske korvettar av Karakurt-klassen.

Heile øvinga tok berre 12 dagar. Mange nasjonar deltok. Det var involvert ubåtar. Russarane låg i nærleiken og heldt auge med det som føregjekk (dei hadde også ubåtar i det breiare området).

Det er ikkje gode forhold for å drive hemmeleg undersjøisk arbeid. Det var mykje lettare å gjere det seinare, når alle hadde returnert til sine hamner. Men USA sine skip segla ikkje heim. Dei heldt seg i området, gjorde nokre hamnebesøk og slo seg til slutt ned nær øya Bornholm, nokre få kilometer unna røyrleidningane, der dei starta på arbeidet sitt.

Her er kor røyrleidningane vart råka:

Dei fire Nord Stream-røyrleidningane, to av Nord Stream 1 og to av Nord Stream 2, er sterke:

Stålrøyret sjølv har ein vegg på 4,1 centimeter (1,6 tommar), og er dekka med eit anna 6-11 cm lag av stålforsterka betong. Kvar seksjon av røyret veg 11 tonn, 24 – 25 tonn etter at betongen er lagt på.

Røyrleidningane er også grave ned i den sandfulle sjøbotnen, ikkje djupt, men djupt nok til å hindre skade frå fiskeutstyr eller anker. 

Å sprenge slike røyrleidningar krev mykje meir å berre legge nokre pund C4-eksplosiv på toppen av dei. Røyrleidningane måtte først gravast ut, sannsynlegvis med høgtrykksvatn. Deretter må eksplosiva festast rundt heile røyra. Så måtte det plasserast og festast til dei ein utløysarmekanisme. Til sist måtte ein grave alt ned att for å hindre at det skulle bli oppdaga eller vikla inn i eitt eller anna eksternt element. Alt dette måtte gjerat minst fire gongar [sic?]. Viss det var eg som hadde planlagt operasjonen, ville eg nok ha gått for totalt åtte pakkar med eksplosiv.

Heile denne prosessen tar tid. Ubemanna ubåtliknande fartøy måtte til for å frakte dei hundretals kiloa med eksplosiv og utstyr. Dykketida på den djubda er ikkje uavgrensa og det må ha skjedd fleire mannskapsskift. Det tok sannsynlegvis tre til fire veker å fikse heile greia.

Då eg skreiv om hendinga, omsette eg ein tysk reportasje som Hersh truleg ikkje hadde funne.

Her er den opprinnelege omsettinga mi:

Stor flåtegruppe frå U.S. Navy Passerer [den tyske øypassasjen] Fehmanbelt

På onsdag morgon var amfibiekrigsskipet USS Kearsarge, eskortert av landingsskipa USS Arlington og USS Gunston Hall, i rute vestover. Skipa hadde tatt del i NATO-manøvrar og observerte i fleire hamner i Tyskland, Skandinavia og Dei baltiske statane.

«USS Kearsarge», flaggskip og det største krigsskipet til US Navy, har vore i teneste i Austersjøen dei siste 30 åra. Det har 40 helikopter og kampfly pluss over 2000 soldatar om bord, eskorteskipa rundt 1000. Dei rundt 4000 soldatane er på veg heim til austkysten av USA etter å ha vore utplasserte i seks månadar.

USS Kearsarge var mykje lenger i Austersjøen enn Hersh antar. Eksplosiva vart plasserte ein gong mellom slutten av BALTOPS den 17. juni og den 22. september, datoeen då USS Kearsarge passerte Fehmarn på veg uta av Austersjøen.

Det var difor Hersh gjorde ein feil då han seinare skreiv:

Og så ombestemde Washington seg. Bombene skulle framleis plantast under BALTOPS, men Det kvite hus vart bekymra for om eit to-dagars-vindauge for sprenginga ville bli for nært opptil enden på øvinga, og at det då ville vere openlyst at USA hadde vore involvert.

I staden kom Det kvite hus med eit nytt krav: «Kan karane i felten finne på ein måte å sprenge røyrleidningane på kommando på eit seinare tidspunkt?» 

Det vindauget var ikkje utvida med månadar mellom slutten av BALTOPS og eksplosjonane, men berre med nokre dagar – mellom den 20. september, då Kearsarge starta heimreisa og 27. september, då røyrleidningane eksploderte.

Digresjon:

Sidan eg omsette det tyske stykket, har noko av innhaldet blitt endra for å få sett tinga i samanheng med den russiske invasjonen. Det er no datert 21. oktober 2022, heil ulogisk (den einaste archive.org-kopien av stykket er den endra, lagra i desember 2022).

Stykket startar no med dette (mi omsetting):

Stor flåtegruppe frå U.S. Navy passerer [den tyske øypassasjen] Fehmarnbelt

Eg kan ikkje hugse at der var ein undertittel, eller noko om krigen i Ukraina, men stykket har no fått det:

Torsdag morgon, den 22. september, passerte ei flåtegruppe frå U.S. Navy Fehmarn. «USS Kearsarge», som flaggskip, var det største av krigsskipa.

  • Russiske atomubåtar og NATO-einingar i Fehmarn-sundet
  • Skip seglar igjen vestover
  • 40 helikopters og krigsfly om bord

Fehmarn – Med den russiske aggresjonskrigen mot Ukraina, som starta i februar, og med endringa av sikkerheitspolitikken det medførte, med Finlands og Sveriges søknadar om NATO-medlemskap, har Dei baltiske statane blitt eit konsentrasjonsområde for marinestyrkar frå Russland og NATO. Det ser ein på det aukande talet på krigsskip som har passert Fehmarn-sundet under dei siste månadane. Det gjeld både russiske atomubåtar og NATO-einingar. Torsdags morgon, den 22. september, passerte ei flåtegruppe frå den US-amerikanske marinen Fehmarn.

Så følger, uendra, ser det ut for, dei to avsnitta eg før hadde omsett.

Det er merkeleg redaksjonsarbeide å legge til dei no første delane til eit gamalt lite stykke av ei lokalavis nesten to månadar etter at den vart publisert første gong. På kven sitt initiativ?

Den nye delen gir inga meining. BALTOPS er ei årviss øving, BALTOPS 22 den 51. i rekka. At øvinga vart gjennomført, hadde ingenting med krigen i Ukraina å gjere.

Så vidt eg veit var der ingen russiske atomubåtar frå Russland stasjonerte i den altfor grunne Austersjøen. Heimehamnene til den russiske flåten er Murmansk i den nordre Kola-bukta for Nordflåten og Atlanterhavsflåten, og Rybachiy Kjernefysisk ubåtsbase på Kamtsjatka-halvøya for Stillehavsflåten.

Når ein russisk atomubåt passerer Fehmarn, er det mest sannsynleg snakk om ein frå Murmansk som tar del i den russiske flåteparaden i St. Petersburg. Den skjer, på same måte som BALTOPS, kvart år. Å bruke dét til krigshissig er berre dumt.

Digresjon slutt.

Det som var interessant i stykket eg hadde omsett, var ikkje berre tidspunktet dei US-amerikanske skipa drog sin veg, men også kommentaren om at Kearsarge var det «største krigsskipet i US Navy» som har vore i aksjon i Austersjøen dei siste 30 åra.

Kearsarge vart truleg utvald med hensikt. Skipet har …

… eit godt dekk, som opnar mot havet gjennom svære portar i skipets akterende. Der blir kargo, troppar og fartøy lasta inn i landingsfartøyet for transitt til stranda. Luftputelandingsfartøyet kan «flyge» ut frå tørt dekk-brønn, eller dekk-brønnen kan oversvømmast slik at konvensjonelle landingsfartøy kan flyte ut på vegen sin til stranda.

Vanlegvis ville Kearsarge vere eit altfor stort missilmål for å vere i Austersjøen. Men dekk-brønnen viser seg nyttig når ein vil  teste nytt undervassutstyr eller legge eksplosiv rundt røyrleidningar:

I støtte til BALTOPS gjekk U.S. Navy 6th Fleet i partnarskap med U.S. Navy research and warfare centers for å bringe dei siste framstega innan teknologien for ubemanna undersjøiske minejaktsfartøy til Austersjøen, for å demonstrere fartøyets effektivitet i operasjonelle scenario.

Eksperimenta vart gjennomførte utanfor kysten av Bornholm, Danmark, med deltakarar frå Naval Information Warfare Center Pacific, Naval Undersea Warfare Center Newport, og Mine Warfare Readiness and Effectiveness Measuring, alle under kommandoen til U.S. 6th Fleet Task Force 68.

Bornholm er sjølvsagt der røyrleidningane vart sprengde.

For min del var den nye og overraskande biten i Hersh-stykket at norske styrkar var involverte i utløysinga av eksplosjonane med sonare bøye-signal frå eit P8 marineovervakingsfly. Eg ville ha vedda på svensk, britisk eller polsk involvering. Men Noreg er endå meir logisk, for dei vil profittere på øydelegginga av Nord Stream.

Larry Johnson, ein gamal ven av Sy Hersh, har funne ein video av ein som hadde spora eit norsk P-8 som flaug i røyrleidningsområdet kort tid før eksplosjonen.

Men uheldigvis for Noreg, er også landets eigne, no auka, gasseksport avhengig av røyrleidningar. Same dag som eksplosjonane skjedde,  inaugurerte Danmark og Polen ei ny røyrleidning som fraktar norsk gass til Polen. Russland har sjølvsagt midla til å gjere mot norske røyrleidningar det USA og Noreg gjorde mot Nord Stream.

Noko anna småplukk med Hersh-stykket:

Sverige har søkt om medlemskap i NATO, og har demonstrert sine gode evner til å styre sitt undersjøiske sensorsystem for lyd og magnetisme, som greidde å spore russiske ubåtar som no og då ville dukke opp ved svenske øygrupper i fjerne farvatn og bli tvinga opp til overflata.asionally show up in remote waters of the Swedish archipelago and be forced to the surface.

Dei fleste av dei russiske ubåtane som svenskane detekterte, var aldri der. Over halvparten av dei mange episodane var «usannsynlege overtramp», det vil seie dei skjedde aldri. Den store svenske evna er å skremme folket sitt med falske alarmar omt påståtte russiske ubåtar nær svenskekysten:

I 1982 forfølgde mange av Sveriges ubåtar, båtar og helikopter ein av desse uidentifiserte kjeldene i ein heil månad, berre for å kome tilbake tomhendte.

Dette heldt fram i over eit tiår. Kvar gong dei plukka opp eit akkustisk signal, leita dei utan å finne noko anna enn nokre bobler på havoeverflata. Sverige var sjølvsagt uroa over inntrengingane, og kunne ikkje forstå korfor Russland, no når den kalde krigen var over, ville halde fram med å provosere dei på denne måten.

Men det var promp.

«Det viser seg at sild har svømmeblære … og denne svømmeblæra er knytt til analkanalen til fisken,» sa Wahlberg. «Det er eit veldig unikt samband, som berre er funne i sild. Så ei sild kan skvise svømmeblæra si og på den måten sleppe ut nokre få bobler gjennom analopninga.»

På lekmannsspråk sleppte dei ein fjert. Sild svømmer i gigantiske stimar som kan strekke seg utover fleire kvadratkilometer og opp til 20 meters djup (65 fot). Når dei blir skremde av noko i nærleiken – til dømes ein svolten makrellstim eller ein ubåt på utkik etter russiske spionar – kan dei generere mykje gass.

For å teste denne teorien, kjøpte Wahlberg ei sild frå ein butikk og la press på den, og sanneleg lagde den lyd. Han spelte det inn og viste det fram til marinepersonell. Det var ein perfekt match med lyden dei hadde plukka opp.

Den gode nyheita var at Sverige ikkje var under trussel frå Russland, den dårlege var at dei hadde brukt 10 år på å utplassere militærstyrkane sine i jakt på fiskefis. Sidan dei fann ut skilnaden på fiskefis og andre ting, har det kome null rapportar om fiendtlege inntrengarar i svenske farvatn.

Gode svenske evner. Verkeleg.

Posta av b den 9. februar, 2023 

Forsidebilde: Lexica

40 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 40 ganger.

Post Views: 58

Les artikkelen direkte på derimot.no