Derimot: Med andre briller enn Nato-mediene sine.Kortnyheter fra hele verden.

Derimot.no

derimot.no:

Disse nyhetene er hentet fra Voltairenet.org sitt nyhetsbrev International Newsletter – N°41 – 19. mai, 2023 og fra Telegram.

Granskinga av FBI si rolle i «Russiagate» ferdig

Special Counsel John Durham har sleppt ein 320-siders rapport etter fire års gransking av korleis FBI tedde seg under etterforskinga deira av den påståtte russiske innblandinga i valkampen til Donald Trump. Rapporten viser at FBI har mislykkast, men ikkje brote lova.

FBIs «Russiagate» førte til at president Trump – på falskt grunnlag, har det vist seg – vart stilt for riksrett.

Europarådet etablerer register over skadar som Russland har forårsaka i Ukraina

Europarådet har sett opp eit Haag/Kiev-basert «Register over skadar forårsaka av Den russiske føderasjonens aggresjon mot Ukraina». 40 medlemsstatar og 4 med observatørstatus (Canada, USA, Japan og Mexico) pluss EU har samtykka til registeret. Den 14. november 2022 vedtok FNs generalforsamling resolusjon A/ES-11/L.6, som rekommanderte etableringa av eit slikt register, men det vart ikkje gjort noko med. Etter deira meining skulle ikkje registeret ha domsmakt.

Russland trekk seg frå CFE-avtalen

Det russiske Underhuset har røysta for å trekke seg frå Avtalen om konvensjonelle styrkar i Europa (CFE, 1990), som avgrensa mengda av våpen autorisert i visse Warzsawa-paktsland og NATO-land. Russland suspenderte avtalen i 2007, etter at NATO nekta å ratifisere ein oppdatert versjon i 1999, og at Vesten kravde tilbaketrekking av russiske troppar frå Transnistria, Abkhasia og Sør-Ossetia.

Dei to partane i Sudan einast om å beskytte sivile

Både Khartoum-styrkane til general Abdel Fattah Abdelrahman alBurhan og Darfur-styrkane til «General» Mohamed Hamdan Dogolo (alias «Hemedti») signerte i Riyadh ein Deklarasjon om forplikting til å beskytte sudanske sivile. 

UK og Nederland mobiliserer for å levere F-16 til Ukraina

Nato-land bryter ennå en rød linje gjennom løfte om F-16 til Ukraina.

Storbritannias statsminister Rishi Sunak og Nederlands statsminister Mark Rutte, som var på Europarådets møte i Reykjavik, kunngjorde opprettinga av ein internasjonal koalisjon for forsyning av F-16-fly til Ukraina. Frankrike, som nektar å levere luftfartøy som kan nå mål i Russland, kunngjorde at dei ville trene F-16-pilotar. 

Ukraina har per i dag berre Mig-29-fly, leverte av Polen og Slovakia. Folkeretten seier at statar som leverer luftfartøy til nokon som brukar dei til å angripe andre statar med, skal sjåast på som medverkande, og derfor også ein krigførande part. Dette prinsippet gjeld ikkje opptrening av pilotar.

Tysklands ambassadør til Tsjad førebudde ein fargerevolusjon på USAs vegner

Grunnen til at den tyske ambassadøren, Jan-Christian Gordon Kricke, vart utvist frå Tsjad i april, var at han samarbeidde med USAs National Endowment for Democracy (NED) om å styrte regjeringa i Tsjad. Det skulle skje med eit falskt kupp som skulle skuldast på den russiske PMC Wagner-gruppa.

Eks-president Sarkozy dømd til fengsel

Ankedomstolen i Paris har dømd Frankrikes tidlegare president Nicolas Sarkozy til 3 år i fengsel for korrupsjon, basert på telefonavlytta samtalar. Sarkozy har anka dommen.

Volodymyr Zelensky vinn Charlemagne-prisen for 2023

Årets Charlemagne-pris vart gitt til Ukrainas president Volodymyr Zelensky. Prisen blir tildelt personar som har gjort ein utmerkt innsats for europeisk sameining. Juryen er ein organisasjon frå Aachen, som består av borgarmeisteren, den romersk-katolske biskopen og universitetsrektoren. Vanlegvis går prisen til europeiske statsleiarar, men også US-amerikanarane Henry Kissinger (1987) og president Bill Clinton (2000) har fått den.

EU-Indo-Pacific Forum gjekk ikkje etter planen

Det av EU organierte såkalla EU-Indo-Pacific Forum i Stockholm skulle, trass namnet, handle om å bygge ein koalisjon mot Russland … og Kina. 13 av 27 europeiske statar avstod frå å sende sine utanriksministrar. Dei ministrane som var der, framstod som splitta. Verken Russland eller Kina var inviterte, men Ukrainas Dmytro Kuleba var til stades. Delegatane frå Pakistan, India, Indonesia, Komorane og Singapore var ikkje interesserte i noka eskalering av konfliktane med Kina og/eller Russland.

Eurovision avviste Volodymyr Zelenskys forslag om video-samtale

Den europeiske kringkastingsunionen (European Broadcasting Union) med ansvar for Melodi Grand Prix nekta å gå med på Ukrainas president Volodymyr Zelensky sitt forslag om at han skulle tale til publikum via videolink etter annonseringa av resultata. Rasande fordømde han då valet av Liverpool som vertsby for konkurransen, og sa det var altfor langt unna for ukrainarar.

Melodi Grand Prix skal liksom vere ein apolitisk konkurranse. Men Ukraina vann «tilfeldigvis» i 2004 (Oransjerevolusjonen), 2016 (då Krim slutta seg til Russland) og 2022 (Russlands spesialoperasjon, skildra som «invasjon»).

Avgraderte dokument, daterte 30. november, 1955 og 17. februar, 1956, beviser at TV-show også kan vere propaganda-operasjonar. Festivalen Nuit de l’armee francaise, som vart kringkasta i Eurovision-området på 1950-talet, vart ikkje skapt av fjernsynet, men av NATO.

Ukraina kan kome til å angripe russisk/ungarsk røyrleidning

Ifølge eit oppslag i Washington Post den 14. mai skal Ukraina, ifølge hemmelegstempla dokument frå midten av februar, ha føreslått for USA å bruke Vestlege våpen til å gjenerobre russiskokkuperte landsbyar, og å på pre-2014 russisk territorium sabotere røyrleidninga som går mellom Russland og Ungarn (som er EU-medlem), og å peike langdistansemissil mot Russland. President Volodymyr Zelensky nektar for at det stemmer. Ukraina har lova sine sponsorar i Vesten å berre bruke dei donerte våpena til å forsvare seg med og aldri angripe Russland.

Vesten leverer framleis våpen til Ukraina

Er det mere våpen Ukraina trenger, eller er det fredsforhandlinger?

Ukrainas president Volodymyr Zelensky besøkte på rad og rekke Italia, Tyskland, Frankrike og Storbritannia. På kvar av plassane kunngjorde han at han førebudde ein motoffensiv og trengde fleire våpen, noko dei alle gjekk med på. For første gong har det vore snakk om å trene jagarflypilotar, sjølv om leveransar av fly ikkje enno er på agendaen.

Fire russiske luftfartøy øydelagde av Ukraina i Russland

Den 12. mai vart fire russiske, militære luftfartøy (eitt Su34, eitt Su35 og to Mi-8-helikopter) øydelagde av Ukraina i Bryansk-regionen (i Russland). Dei vart truleg skotne ned av fransk/britiske SCALP-EG-missil, gitt av Storbritannia og offisielt leverte den 10. mai. Russisk luftrom på den ukrainske grensa er ikkje lenger trygt.

Sør-Afrikog Russland i militært samarbeid

Sjefen for dei russiske bakkestyrkane, general Oleg Salyukov, møtte sjefen for den sør-afrikanske arméen, general Lawrence Mbatha, i hovudkvarteret for den russiske general-kommandoen i Moskva. Møtet resulterte i ein samarbeidsavtale mellom bakkestyrkane til dei to suverene nasjonane.

Syria offisielt reintegrert i Den arabiske ligaen

Eit førebuande møte før toppmøtet til Den arabiske ligaen vart halde i Jeddah, og kringkasta live av ElEkbariya TV. Saudi-Arabias finansminister Mohamed Al-Jaddan ønska den syriske delegasjonen varmt velkomen.

Anerkjenninga av Den syriske arabiske republikken sin siger over dei Vesten-støtta jihadistane, og reintegreringa i Ligaen av arabiske statar, markerer slutten på utlandsk dominans over regionen.

US-amerikanske lovgivarar motset seg normaliseringa av relasjonane med Syria

I respons på reintegreringa av Syria i Ligaen av arabiske statar, vedtok USAs Representanthus’ Foreign Affairs Committee den 16. mai lovforslaget Assad Regime Anti-Normalization Act of 2023 (H.R.3202) som skal stemmast over i dei to Kongress-forsamlingane.

På slutten av krigen mot Syria, i 2016, nekta USA å innrømme nederlag. Dei hindra gjenoppbygginga av landet, og prøvde å svelte ihjel folket der ved å brenne opp avlingar. • I 2017 forbaud dei FN-organ å delta i noka form for gjenoppbygging av Syria. • I 2019 vedtok dei lova Caesar Syria Civilian Protection Act, som innførte drastiske sanksjonar mot heile den syriske økonomien.

Imran Khan framleis trua av den pakistanske regjeringa

Imran Khan

Arrestasjonen av tidlegare statsminister Imran Khan av hundretals politifolk i rettssalen under ei rettssak vart dømd illegal av landets høgsterett. To dagar etter at han sleppte ut, skulda innanriksministeren han for å huse individ som hadde angripe politiet i familiepalasset hans. Politiet omringa eigedommen og gav hr. Khan 24 timar til å utlevere førti av aktivistane.

USA/Kina-møte

Leiaren for utanrikssaker i Kinas kommunistparti, Wang Yi, hadde møte med USAs nasjonal sikkerheitsrådgivar, Jake Sullivan, i Wien i meir enn 10 timar. Samtalane fokuserte på bilaterale relasjonar, Taiwan-spørsmålet, situasjonen i Asia/Stillehavet og den ukrainske krisa. USA-sida står fast ved at Eitt-Kina-politikken ikkje har endra seg, og dei støttar ikkje uavhengigheit for Taiwan.

Etterspel etter covid-tiltak i Australia

Regjeringa i den australske delstaten Victoria tilbaud $5 millionar til 3000 Melbourne-innbyggarar dersom dei trekte klagane sine. Under Covid-19-epidemien plasserte styresmaktene i Victoria innbyggarane sine under husarrest. I juli 2020, etter at det var oppdaga 23 tilfelle av Covid19 i nokre sosialbustadar, fekk dei ni bygg omringa av politi som hindra folka der å forlate heimen i fem dagar; i heile to veker for ei av blokkene.

Utdrag frå Voltaire, International Newsletter – N°41 – 19. mai, 2023

Telegram:

🤡Det har ingenting føre seg å snakke om at Ukraina skal med i NATO før dei har slått Russland, sa NATO-generalsekretær Jens Stoltenberg.

«Alle medlemsstatar kan sjølvsagt seie at den viktigaste tingen no er å sikre at Ukraina vinn. Viss Ukraina vinn som ein suveren, uavhengig stat i Europa, så kan ein diskutere når og korleis Ukraina kan bli ein medlem av Alliansen,» sa han. (https://t.me/ukraine_watch/2769)

Ukrainske troppar har trappa opp langs heile frontlinja, sa i dag Denis Pushilin, fungerande leiar av Folkerepublikken Donetsk.

Denis Pushilin

“Dette er enno ikkje den motoffensiven som det har vore mykje snakk om. Vi ser at fienden prøvar å teste stillingane våre, prøver å drive rekognosering via eld i nokre område,” slo han fast.

Ifølge Pushilin er styresmaktene i DPR klare for ei slik utvikling. Situasjonen har blitt vanskelegare i nokre område, men stort sett er det under kontroll. (https://t.me/ukraine_watch/2745)

I dag (15. mai) bomba den urainske arméen 3 bustadsområde i Russlands Kursk-region, informerte guvernøren der.

Ifølge Roman Starovoyt vart landsbyane Krasnooktyabrsky, Lokot’ og Krasny Pakhar bomba.. 

Bombinga forårsaka ubetydeleg materiell skade, og ingen menneske vart skadde.

Russlands regionar Belgorod, Kursk og Bryansk blir systematisk bomba av regimestyrkane til Zelensky, som vanlegvis siktar mot bustadsområde og andre sivile mål. (https://t.me/ukraine_watch/2744)

Russiske tanks i Folkerepublikken Donetsk har for første gong støytt ihop med ein tysk-produsert Leopard-tank, som trekte seg tilbake etter at første skot var fyrt av i deira retning, rapporterte TASS. (https://t.me/ukraine_watch/2792)

Den første slovenske M-55S-stridsvogna øydelagd

Offisielt har Slovenia forsynt Ukraina med 28 av desse tanksene, som er oppgraderte T-55-tanks.

Den vart råka i retning Svatovsk. Ein vart skadd. (https://t.me/ukraine_watch/2775)

Minst fire skadde etter eksplosjon i frisørsalong i Lugansk

RIA Novosti, rapporterer at ein av dei skadde etter eksplosjonen i sentrum av Lugansk, var Folkerepublikken Lugansks innanriksminister Igor Kornet.

Jerevan fryktar sanksjonar frå Vesten for samarbeid med Russland, seier Armenias statsminister Nikol Pashinyan.

«Vi er glade for å kome Russlands etterspørsle i møte, der det er mogleg. Sanksjonar er den raude linja for oss. Og vi seier dette veldig tydeleg til Russland: vi har ikkje noko ønske om å skade dykk, men vi har ikkje råd til å bli offer for sanksjonar,» sa Pashinyan. (https://t.me/ukraine_watch/2774)

⚡️ Ungarn har blokkert ein ny pakke på €500 millionar til Ukraina frå European Peace Facility, rapporterte presebyrået ANSA. (https://t.me/ukraine_watch/2773)

Vasily Nebenzya

Den eksterne gjelda til Ukraina i 2022 steig til rekordhøge $132 milliardar, 89% av BNP. Prognosane seier den vil nå 100% på slutten av året. Utruleg store fond allokerte til Ukraina via IMF, EU og Washington driv landet ned i eit gjeldshol, seier Vasily Nebenzya, permanent representant for Russland i FN. (https://t.me/ukraine_watch/2764)

🇭🇺 Ungarn støttar Kinas fredsplan for Ukraina og trur at den kan bli grunnlaget for vidare diskusjonar om forlik i den væpna konflikten i landet, sa Ungarns utanriksminister Peter Szijjártó i dag i Beijing. (https://t.me/ukraine_watch/2746)

YouTube fjerna kanalen til Komsomolskaya Pravda (KP, ein populær russisk avis- og radiostasjon med 510 000 abonnentar). 

KPs radio-vert samtalar med Nikolai Starikov [som også hadde over ein halv million følgarar på sin YouTube-kanal, og også vart utesperra utan grunngiving. Advokatane hans har no forebudd rettssak mot YouTube/Google, og håpar å få gjenoppretta kanalen sin.]: https://t.me/infodefENGLAND/7573

Bakmut frigjort!

Den 20. mai, etter 224 dagars kamp, erklærer Wagner-gruppa at Bakhmut (Artemovsk) er heilt frigjort. (https://t.me/militarywave/4116)

Forsidebilde: Christian Lue

Les artikkelen direkte på derimot.no