Derimot: Da får vi vite det de rikeste definerer som viktig: Når superrike kontrollere mediene.

Derimot.no

derimot.no:

Da får vi vite det de rikeste definerer som viktig:

Mannen i kulissane: Ny rapport viser korleis propaganda- maskina til George Soros har korrumpert media

Milliardæren har konstruert eit utruleg globalt påverknadsnettverk

George Soros (Foto: Wikipedia)

Ein ny rapport frå USA-baserte Newsbusters har eksponert eit gigantisk nettverk av medie- og aktivistorganisasjonar, sponsa av milliardæren George Soros med millionar av dollar årleg. Newsbusters kallar seg sjølv «eit online rask-respons-verktøy for dokumentering, eksponering og nøytralisering av liberal slagside i media.»

Den omfattande globale påverknadskrafta til den ungarske finansfyrsten er velkjend, og Soros sjølv har innrømt det ved mange høve – inkludert skryt om innsatsen sin i Ukraina.Soros fortalde ope om si rolle i promoteringa av det USA-organiserte Maidan-kuppet i Kiev i 2014: «Eg sette opp ei stifting i Ukraina før Ukraina vart uavhengig av Russland [sic]. Stiftinga har fungert sidan då. Og den spelte ei viktig rolle i hendingane no.»

I eit lengre intervju med New York Times i oktober 2019, forklarte Soros: «Historias boge følger ikkje sin eigen kurs [og] treng å bli bøygd.» Og han var «engasjert i å prøve å bøye den i rett retning.»

Newsbuster-rapporten identifiserer dei hundretals media, humanitære og sosial rettferdsorganisasjonar som Soros finansierer årleg, og han hevdar at donasjonane hans let han «utøve massiv makt over informasjonen i internasjonal politikk,» og «forme folkeopinionen på praktisk talt alle kontinent og på mange språk.»

Kven får pengane?

Newsbusters listefører Project Syndicate som ungarsk-amerikanarens største propaganda-plattform. Project Syndicate er, ifølge dei sjølve, «verdas opinionsside» og har eit «globalt publikum» som inkluderer «prominente politikarar, politikkmakararlærde, forretningsleiarar og borgaraktivistar frå seks kontinent» og «over 140 statssjefar». Frå 2016 til 2020, slusa han minst 1,5 millionar [sic?] dollar til dette avløpet. Dei promoterte aktivt abort, Israelskritikk og pressa på for globale klima-nedstengingar under denne perioden.

Poynter Institute ligg også i topp-skiktet av denne lista. Newsbusters fordømmer det såkalla instituttet som «eit Soros-støtta Sanningsministerium». Dei mottok $492 000 under same periode. Desse pengane vart brukte til å finansiere Poynters International Fact-Checking Network, som samlar 100 såkalla «fakta-sjekkarar». Nettverket inkluderer det kontroversielle PolitiFact, og arbeider aktivt saman med sentrale sosiale medium-plattformar om sensur av alternative røyster og meiningar.

Soros finansierer også såkalte faktasjekkere.

Newsbusters argumenterer for at desse initiativa eigentleg berre tener til å halde styr på meiningane om saker som abort, transkjønnisme og COVID-19. Rapporten påpeikar og at det finst viktig akademisk forskning som antyder at fakta-sjekking ikkje stoppar spreiinga av falsk informasjon på nettet. Det reiser spørsmål om korfor så mange organisasjonar og rike personar pumpar kolossale mengder pengar inn i slike einingar i første omgang.

Det Storbritannia-baserte open Democracy mottok $1 633 457 frå 2016 til 2020. Nettstaden drar 11 millionar besøk i året, publiserer på fleire språk, og innhaldet deira blir plukka opp av mange aviser og tidsskrift i mange land.

Men Soros finansierer ikkje berre innhaldsskaparar. Stiftinga hans støttar ei lang rekke aktivistar for sosial rettferd, som ofte blir influensarar i media og på internett. I juli 2021 lova han til dømes $100 millionar til å fremje saka radikal feminisme globalt over dei neste fem åra.

Pengestøtta som organisasjonane mottar sikrar dei svær nyheitsdekning av arrangement og aktivitetar dei organiserer med Soros-pengane, og med dét aukar påverknadskrafta deira. Soros har eksplisitt uttalt at målet hans er å sikre «fleire kvinner, transkjønna og ’ikkje-konform-kjønna’ folk i leiarskapsposisjonar innan politikk og styre».

Dei individuelle donasjonane frå finansfyrsten, stiftingane og nettverket hans, kan sjå små ut kvar for seg, men den totale mengda økonomisk støtte over heile nettverket av nesten 300 organisasjonar er svært betydeleg.

Korleis opererer dette propaganda-nettverket?

Rapporten til Newsbusters inneheld talrike døme på korleis desse påstått uavhengige informasjonskjeldene ikkje berre publiserer artiklar som gjenspeglar linja til USAs styresmakter, men også påverkar politikken og ytringane til Det kvite hus, og dei forsterkar ofte falsk informasjon.

Sommaren 2022 annonserte  Biden-administrasjonen at landet faktisk ikkje var i resesjon, trass i to etterfølgande kvartal med negativ vekst, den tekniske definisjonen på resesjon. Kunngjeringa kom rett etter ein Project Syndicate- artikkel av Harvard-økonomen Jeffrey Frankel, som argumenterte for at sjølv om offisielle estimat peika på to kvartal med negativ vekst, så «betyr det ikkje nødvendigvis at USA har gått inn i ein resesjon». Nokre dagar etter at Det kvite hus nekta for at USA var i resesjon, publiserte det Soros-tilknytte Politifact ein «fakta-sjekk» som argumenterte for at Biden-administrasjonen ikkje hadde endra definisjonen av ’resesjon’.

Forrapporten sin konsulterte Newsbusters Matt Palumbo, forfattaren av 2022-boka The Man Behind the Curtain: Inside the Secret Network of George Soros. Han slo fast at «ein av dei største konsekvensane» av Soros si finansiering og de facto kontroll over sentrale mediekanalar, er «opprettinga av eit filter for kva vi får sjå».

Å utestenge vesentlig informasjon er en form for sensur.

Det er ikkje berre individuelle nyheitskanalar, men og journalistar i Vestlege publikasjonar med svært stor påverknadskraft – inkludert New York Times, Washington Post, CBS, CNN og ABC – som blir påverka av pengane hans.

Soros-formuen som Newsbusters-rapporten identifiserer, dokumentert av Palumbo, hjelper til med å skjerme han frå nærare gransking, «ettersom reporterane ser på han som ein alliert, ikkje eit mål for undersøkingar.»

«Det påverkar dekninga di. Berre tast inn namnet til Soros i kven som helst av dei sentrale liberale publikasjonane han er knytt til, og sjå korleis dei dekkar han,» seier Palumbo.

Han trur denne gjennomslagskrafta betyr at Soros kan skape nett det inntrykket han vil om nett kva som helst – inkludert det falske narrativet om at all kritikk av hen er  anti-semittisk .

«Om dei nokon gong dekkar han på negativt vis, blir det forma slik at kritikarane hans framstår som ’the bad guys’ for å snakke om det».

Soros’ siste prosjekt

I 2020 publiserte Project Syndicate ein artikkel frå økonomen Marianna Mazzucato. Ho argumenterte for at dersom Jordas befolkning ikkje var førebudde på å godta ein «grøn økonomisk transformasjon» som verkeleg er revolusjonerande i omfang, med kolossale konsekvensar for menneskerettar og folks daglegliv, så burde verda prøve ut «klima-nedstengingar», eit fullstendig nytt og uprøvd konsept i vitskapen, for å kontre global oppvarming. Regjeringas respons på COVID-19-pandemien viste at det var mogleg å få til.

«Verda nærmar seg eit vippepunkt for klimaendring, då det å verne framtida til sivilisasjonen vil kreve dramatiske intervensjonstiltak. I nær framtid kan verda måtte ty til nedstengingar att – denne gongen for å takle klimakrisa,» insisterte Mazzucato, som hadde utført forskninga si med økonomiske midlar frå nettopp Soros.

Same år fortalde Soros den italienske avisa La Repubblica at COVID-19-pandemien var ein «revolusjonær augeblink når spennet av moglegheiter er mykje større enn under normale tider,» og «det som er utenkeleg under normale tider, blir ikkje berre mogleg, men skjer faktisk» fordi «folk er desorienterte og redde».

Ifølge Newscasters er det framleis uklart kva rørsle Soros vil finansiere neste gong, kva for ei katastrofe han vil utnytte eller skape for å fremje sine ideologiske og finansielle interesser.

av Felix Livshitz

Omsett og avkorta: Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

4 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 4 ganger.

Post Views: 23

Les artikkelen direkte på derimot.no