Derimot: Ligger det an til en neddemping av konfliktforholdet til Russland og Kina? Men hva med Israel og Iran? – Derimot
derimot.no:
Vi vil unngå krig med Russland og Kina, men Iran ligg framleis på bordet.
Av Larry C. Johnson
Vel, det er godt nytt og dårleg nytt. Den gode nyheita? Trump verkar seriøs når han seier han vil unngå eskalering med Russland og Kina. Den dårlege nyheita? Trump fyller sin nye administrasjon med pro-sionistar som truleg vil presse på for konflikt med Iran. Eg refererer spesifikt til Elise Steffanik, Marco Rubio og Michael Waltz.
Å sette inn Waltz som nasjonal sikkerheitsrådgivar er eit mistak som eg trur Trump vil kome til å angre på, for Waltz er ein ideologiskhardliner. Tilsynelatande null rom for nyansar. (Eg håpar eg tar feil). Ideelt sett skal den nasjonale sikkerheitsrådgivaren vere som dirigenten for eit orkester, berre at dette bandet består av byråkratiet innan militær, etterretning og diplomati. Dersom Trump utnemner sterke personlegdommar til desse stillingane, kan vi kome til å få sjå nokre sterke kampar innan forsvars- og utanriksdepartementet og CIA.


Waltz gjorde teneste som offiser i US Army som Green Beret, og han var med på kampar. Diverre heldt han fram med å forsvare at USA skulle ha blitt i Afghanistan. Han har inga kultivert forståing av islam. Han var og ei tid hos forsvarsdepartementet under militærtenesta og lærde vonleg nokre av nyansane til krigføringa mellom dei ulike byråa. Vil han halde sine eigen meiningar i sjakk og følge sjefskommandantens ordre, eller vil han følge sin eigen agenda? Eg hadde følt meg betre viss Doug MacGregor hadde blitt utnemnd.
Kva med Rubio? Han er ein klatrar. Han manglar den intellektuelle breidda til å bli nokon innflytelsesrik utanriksminister. Han vil ta ordre frå Det kvite hus og har, fordi han tidleg gjekk ut med støtte til Trump, bevist sin lojalitet. Sameleis som med Waltz, er også han ein ihuga sionist og ikkje disponert for å vere venleg mot Russland og Kina. Men han kjem sannsynlegvis ikkje til å følge sin eigen agenda. Han vil gjerne sitte i den store stolen ein dag.
Til sist har vi Stefanik. Eg forstår ikkje denne utnemninga. Å vere FN-ambassadør er ingen maktposisjon. Du tar ordrar frå Washington og du utfører dei. Medan ho arbeider direkte for presidenten, er ho i teorisen underordna utanriksministeren. Om det er eit stort møte i FNs Sikkerheitsråd, vil det vere Rubio som sit ved bordet, ikkje ho. Ho vil sitte på bakbenken. Eg tippar Trump ville få vist ho fram på den internasjonale scena – kanskje for å sette ho i posisjon til å overta Senat-setet til Chuck Schumer. Det er rett og slett ein CV-byggar.
La meg til slutt presentere eit rykte som sirkulerer. Vi veit no at før Bidens debatt med Trump, hadde teamet hans interne meiningsmålingar som viste at han ville tape med stor margin. Kva skulle dei gjere? For fire veker sidan fekk eg vite av ein god ven med nære band til Republikanske sirklar at Biden og Trump hadde kommunisert ein gong etter debatten. Biden lova å sabotere val-ranet (han visste korleis han rigga systemet for å få 16 millionar mysterierøyster i 2020) i byte mot at Trump garanterte at han og familien hans ikkje ville bli rettsforfølgde. Skjedde det? Sjekk ut denne KI-genererte videoen.
Var Bidens avgjerd om å ha på seg Trump-hatten berre ein spøk? Var Bidens avgjerd om å kalle Trump-velgarar søppel samtidig som Kamala heldt sluttalen sin berre tilfeldig? Kven veit?
Eg diskuterte Ukraina med Judge Napolitano og Israel/Palestina-krigen med Nima i dag.
Omsett av Monica Sortland
https://sonar21.com/we-will-avoid-war-with-russia-and-china-but-iran-is-still-on-the-table/
Forsidebilde: Lexica.art