Derimot: Latvia:En liten republikk uten militære muskler, men med en storkjeftet leder? – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Ein geopolitisk chihuahua

Av Hans Olav Brendberg

Latvia ligg midt i eitt av desse vegkryssa der geopolitikken kjem køyrande med tungtrafikk – av og til eine vegen, av og til andre vegen. Landet vart første gongen sjølvstendig etter første verdskrig. Før USA anerkjente Sovjetunionen og oppretta ambassade i Moskva, var ambassaden i Riga lenge lyttepost for amerikansk utanriksteneste. Dei som tok styringa over amerikansk utanrikspolitikk etter andre verdskrig tilhøyrde alle «Riga-skulen» i det amerikanske utanriksdepartementet.

Latvisk sjølvstende var samstundes eit nederlag for den sterke sosialistrørsla i landet. Då Lenin flytta frå Petrograd til Kreml, var det eit latvisk riflekompani som skulle syta for tryggleiken i Kreml. Dei latviska sosialistane var dei mest lojale, mest pålitelege.

Ein kjenning frå Baltikum fortalde meg at dette kanskje var det mest typiske ved latvisk politikk: Latvisk politikk var ein smal veg med store grøfter på venstre og høgre side. Det var i grøftene ting skjedde: Latviarar var anten kommunistar eller fascistar – ikkje liberale eller sosialdemokratar.

Vel – tungtrafikken snudde. Sommaren 1944 var den tyske armegruppe Nord omringa i Kurland i Latvia, og der var dei også då andre verdskrig tok slutt eit år seinare. Latvia forsvann som sjølvstendig nasjon, og vart innlemma i Sovjetunionen.

Førti år seinare byrja Sovjetunionen å knaka i samanføyingane. Baltarane protesterte mot den påtvungne fellesskapen, og eit av ofra for protestane var den planlagte t-banen i Riga. RIga ligg ved utløpet av elva Daugava, og det er vanskeleg å byggja t-bane i lausmassane rundt elva. Men Sovjetunionen hadde skaffa seg ein god del røynsle med slike prosjekt, ikkje minst i Leningrad, og på åttitalet var prosjektet i ferd med å bli realisert. Før det vart stoppa av latviske protestar, og etter kvart av oppløysinga av Sovjetunionen.

Latvia har berre eitt viktig naboland. For tida driv den latviske presidenten agitasjon for at ein må fjerna alle restriksjonar på bruken av våpen levert til Ukraina. Tidlegare har han tatt til orde for å stenga Austersjøen for russisk skipstrafikk om det skulle syne seg at Russland hadde noko med lekkasjane på gassrøyrleidninga mellom Finland og Estland å gjera. Han sa ingenting om kva konsekvensar øydeleggjinga av Nord Stream bør få for skipstrafikken i innhavet.

For å riktig visa fram kor viljesterke desse nye NATO-landa er, avslutta president Edgar Rinkevics ei x-melding tidlegare i vår i Cato den eldre-stil: «Russia delenda est» – «Russland bør øydeleggjast».

Personleg finn eg ingenting sjarmerande med denne gneldrande chihuahuaen i NATO-fanget. Som Walter Lippmann påpeikte, er ein allianse aldri sterkare enn den veikaste lekken. Eg reknar det som sannsynleg at NATOs veikaste lekk, der ubalansen mellom ressursar og forpliktingar er størst, er nettopp i Baltikum. Og skulle den pågåande krisa utvikla seg raskt i feil retning, trur eg ikkje Latvias hær på kring 17 000 mann ville greia halda det gåande spesielt lenge. Det blir som med Danmark i 1940, det er knapt verdt å prøva.

Latvia er eit lite land, men har sjølvsagt rett til trygge grenser og sjølvstyre. Og det er sjølvsagt også heilt i sin orden at landet har orientert seg vestover. Og sjølv om EU ikkje kjem til å byggja den t-banen som Sovjetunionen ikkje rakk å fullføra, har unionen gjeve støtte til utbyggjing av trikkenettet i Riga. Og t-bane blir det også: Truleg vil ein av dei nye t-banestasjonane i Brussel få namnet «Riga».

Men skal dette bli noko varig, bør tøvet med «Russia delenda est» skrotast så snart som mogleg. Svært lite tyder på at køyreretninga på tungtrafikken er fastlagt ein gong for alle.

Forsidebilde: thanh hien

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar