Derimot: Dekkhistorie?Kamufleres vaksinedødsfall hos spedbarn som krybbedød? – Derimot
derimot.no:
Krybbedød er ei dekkhistorie for vaksinedødsfall blant spedbarn
Ethan Huff i Natural News melder den 6. juni 2024:
Ein kanadisk etterforskar vart suspendert og gjort om til skurk etter at det kom ut at ho personleg etterforska saker med plutseleg spedbarnsdødsfall [engelsk sudden infant death syndrome, SIDS] i relasjon til barnevaksinar.
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Helen Grus tok på seg å sjå nærare på saka etter at ni babyar døydde i Ottawa etter at mødrene deira vart «vaksinerte» mot Wuhan-koronaviruset (covid-19). Grus ønskte å avgjere om sprøytene hadde noko å gjere med dødsfalla til babyane eller ikkje.
Enkelte av familiane følte at privatlivet vart krenkt av undersøkingane til Grus, noko som fekk Ottawa-politiet (OPS) til å inngå forlik med minst éin av dei. Grus vart deretter suspendert og fekk livet sitt snudd på hovudet, alt dette fordi ho prøvde å kome til botns i kva som hadde drepe babyane.
Ifølgje rapportar kontakta Grus visstnok faren til ein avdød baby der familien var del av eit forlik 30.januar 2022. Ho spurde om covid-«vaksinasjons»-statusen, står det å lese i politidokument.
Familien leverte deretter formell klage på Krus på OPS, som resulterte at Grus vart suspendert med lønn 4.februar 2022.
Advokaten til familien, Lawrence Greenspan, sa at saka endeleg vart løyst sist veke for ein konfidensiell pengesum.
«Foreldre blir ikkje sett i verda for å gravleggje sine eigne barn,» sa Greenspan til CTV News Ottawa. «Når ein tragedie skjer må ein respektere privatlivet til familien.»
(Relatert: I fjor haust stod ein tidlegare etterforskar fram og avslørte at halvparten av alle SIDS-tilfelle finn stad innan 48 timar etter at babyar blir vaksinerte.)
Der er ei massiv «sprøyte-tilsløring», seier Grus
Sidan forliket har Grus gått ut med si side av historia. Ho seier at der finn stad ei massiv «sprøyte-tilsløring» som fortener mykje meir etterforsking enn til og med ho var i stand til å utføre før ho vart stoppa.
«Kvifor i alle dagar ville vi ikkje ha ønskt å avsløre potensiell skade forårsaka av denne vaksinen?» spurde redaktør(ane) i Revolver.news. «Når vart folk so tankelause, ryggradslause maneter at dei tek orda til regjeringa for god fisk?»
«Det er alarmerande å vere vitne til denne forvandlinga, spesielt i ei tid der regjeringa og våre sokalla ‘ekspertar’ blir so mislika og har so liten tillit.»
SIDS-vaksine-sambandet er ikkje akkurat noko nytt. Amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC) erkjenner det i relasjon til barnevaksinasjon, og det gjer òg Vaccine Adverse Event Reporting Database (VAERS) som CDC vedlikeheld.
SIDS er den tredje vanlegaste dødsårsaka hjå spedbarn i USA, eit land som forresten har ein av dei høgaste spedbarnsdødsratane i den industrialiserte verda.
Trass den tilsynelatande endelause forfølginga ho opplever, held Grus fram med si oppgåve å eksponere dei sanne årsakene til SIDS, der ei av dei mest openberre, men ignorerte årsakene er barnevaksinar.
«Det ser ut som at det einaste covid-‘vaksinen’ ikkje drep, er covid-viruset,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet om galskapen bak det heile.
«Den farlegaste tingen for tyranni er sanninga, og dei som søkjer den,» skreiv ein annan.
Hald vaksinar vekke frå kroppane til barna dykkar, og dei vil bli mykje friskare.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.