Derimot: Larry Johnson: Når etterretningsbyråene bare sier det regjeringene ønsker å høre, da må det gå galt.

derimot.no:

Larry Johnson:

Når det gjeld Ukraina og Russland, forvekslar etterretningssamfunnet i USA Pyritt (narregull) med gull.

Av Larry Johnson

 Pyrritt er det samme som svovelkis (red).

Larry Johnson er x-CIA-analytiker

Eg følger opp mine tidlegare postar om korleis USAs etterretningssamfunn, og særleg CIA, har feila i oppgåva å forsyne ei presis, objektiv vurdering av krigen i Ukraina og kva som skjer i Russland. Eg har ikkje lenger klarering, så eg har ikkje hatt tilgang til dei hemmelegstempla etterretningsvurderingane. Men eg har høyrt at etterretningsrapportane som politikkmakarane i USA blir forsynte med, framleis erklærer at Russland heng i taua, og at økonomien deira smuldrar opp. Og analytikarane insisterer på at ukrainarane slår russarane.  

Korleis kan det skje? Forklaringa er like enkel som sjokkerande — analytikarane ignorerer rapportar frå gyldige, opne kjelder, og dei stolar på liaison-rapportar, dvs. etterretning levert av «venlege utlandske» etterretningsbyrå, utan å søke stadfesting. Særleg verkar det som om USAs etterretningsanalytikarar aksepterer informasjon frå Ukraina og Storbritannia som «reint gull» utan å skjøne at det er narregull.

«Narregull» er eit vanleg tilnamn på pyritt. Pyritt fekk det tilnamnet fordi det er nesten verdilaust, men har ein utsjånad som «narrar» folk til å tru det er gull. Med litt øving, finst det mange enkle testar som kven som helst kan bruke til å raskt skille mellom pyritt og gull.

La oss sjå på kva nokre opne kjelder rapporterer om.  Ifølge Det internasjonale pengefondet (IMF):

Den russiske økonomien vil, ifølge prediksjonane, vekse med 0,3% i 2023, trass tilbakeslag frå rekordmengder sanksjonar for den ukrainske invasjonen, ifølge data som IMF sleppte på måndag.

Russlands antatte økonomiske vekst står i skarp kontrast til dei 2,3% som IMF spådde i oktober, men markerer ein framgang i forhold til nedgangen på 2,2% som vart registrert for den sanksjonsråka økonomien i 2022. 

Viss spådommen slår til, vil det plassere Russland framfor Tyskland og Storbritannia, som har prediksjonar på høvesvis 0,1% vekst og 0,6% nedgang. 

IMF er ingen forbundsfelle av Russland. Dei er framleis ein del av den USA-kontrollerte økonomiske verdsordenen. Likevel har dei konkludert med at den russiske økonomien vil vekse, heller enn krympe. Det passar dårleg ihop med dei dystre spådommane til USAs etterretningsanalytikarar, om ein oppsmuldrande russisk økonomi som sjuknar bort på grunn av internasjonale sanksjonar. Korfor ignorerer analytikarane dette?

Det er sant at eksil-russarar som er i opposisjon til Putin enno insisterer på at sanksjonane vil fungere, at vi berre må gi dei litt tid før russarane skrik. Vladimir Milov, ein tidlegare russisk vise-energiminister og forfattaren av ein Martens Centre-rapport om sanksjonane, insisterer på at:

det kan vere meir lærerikt å spore omlag eit dusin «mjuke indikatorar» som til dømes alkohol-sal, skilsmisseratar, butikktjuveri, kor mykje pengar folk bruker på mat, meiningsmålingar, kva bank-kundane meiner, eller skatteinntekter.

«Ikkje sjå på klokka kvart femte minutt for å sjå om sanksjonane verkar. Utøv strategisk tolmod sa Milov, som også er ein alliert av den fengsla russiske opposisjonsleiaren Aleksei Navalny

Vel, her er ein av desse «utpinte» russiske medborgarane som gjer ein utmerkt jobb innan trolling:

Sanninga er enkel — Russland står på toppen av verda med det at dei er hovudleverandør av kritisk viktige ressursar innan jordbruk, energi og mineralar som landa i Vesten og den såkalla tredje verda treng. Den einaste måten Vesten skulle kunne påføre den russiske økonomien alvorleg skade, ville kreve at dei øydela seg sjølve økonomisk. Ser ut som Tyskland oppdagar dette faktum meir for kvar månad som går.

Så er det mima om korleis Russland får grisebank i Ukraina. Sjølv om både ukrainske og britiske tenestemenn insisterer på at Russland går tom for våpen og ammunisjon, har krigen i Ukraina avslørt at USA og Europa, ikkje Russland, ikkje lenger greier å produsere artillerigranatar, rakettar og missil i ein skala som lar dei forsyne Ukraina samstudes som dei kan halde robuste lager heime:

«Det først på lista var, overalt, ammunisjonen,» sa Estlands statsminister Kaja Kallas.

«Om du har utstyret, men manglar ammunisjonen, så er det ubrukeleg,» fortalde den estiske leiaren til reporterar på fredag.

Og medan Ukraina sårt treng enorme mengder ammo til å halde kampen gåande, så minkar det på dei Vestlege landa sine eigne lager. 

«Det er ei svært reell bekymring,» sa Ben Hodges, ein tidlegare kommandant for U.S. Army Europe. «Ingen av oss, inkludert USA, produserer nok ammunisjon akkurat no,» sa han i eit telefonintervju på sundag.

Eg vil gjenta eit poeng eg har skrive om i tidlegare artiklar: Russland er ikkje avhengig av Vestlege ressursar for å produsere sine våpen, og Russland har ein robust, intakt forsvarsindustri som arbeider 24-7 med å produsere ammunisjon, granatar, rakettar, tanks, køyretøy for sine militære styrkar.

Her er litt informasjon, ikkje spesielt militært av natur, som understrekar det faktum at Russland kan gå og tygge tyggis på same tid:

Romfartøyet Soyuz MS-23, som er tenkt å returnere kosmonautane Sergei Prokopiev og Dmitry Petelin og astronauten Frank Rubio til Jorda i staden for den skadde Soyuz MS-22, har lagt til dokk ved det vesle russiske forskningsmodulsegmentet av ISS, Poisk, opplyser korrespondenten vår frå flygekontrollsenteret.

Dokkinga skjedde automatisk. Den var kontrollert frå Jorda av spesialistar frå Moskva-regionens oppdragskontrollsenter og av kosmonautar på ISS.

Sjølv om Russland er i krig med USA og NATO, har dei likevel kapasitet til å sende – på naudbasis og kort varsel – eit ubemanna romfartøy til Den internasjonale romstasjonen (ISS) for å redde to russiske kosmonautar og ein amerikansk astronaut. USA kosar seg framleis med fantasien om at dei er den teknologiske verdsleiaren, men dei evnar ikkje å gjere det som russarane utførte denne veka. Eg berre nemner det.. 

Det er to hovudfaktorar som forklarer korfor analytikarane frå U.S. intelligence er så verkelegheitsfjerne. For det første greier ikkje CIA lenger å rekruttere russarar som har genuin tilgang til Russlands avgjerdtakarar i Putins regjering og i militæret. Kva slags høgare russisk militæroffiser av den minste verdi skulle ville gjere landsforræderi for å tene eit land som USA? Eit land med eit militær som er fokusert på å levere kjønnsbekreftande politikk, å femne om løgna om at menn kan føde barn og som reduserer rekrutteringsstandardane til å godkjenne folk som knapt kan lese? Jada, la oss gi desse kategori 4, ikkje-kvalifiserte svømmarane og skyttarane nøklane til eit Patriot-batteri eller ei M1 Ambrams stridsvogn.

I staden for å snappe opp spionar med reell tilgang, er USAs etterretningsoffiserar nøgde med å rekruttere russiske misnøgde som bur utanfor Russland, i håp om at dei kan servere drit om Putin og hans påstått inkompetente militær. Ein gong i tida fungerte kulturen og rettssystemet til USA som eit incentiv for russarar under Sovjetsystemet, godt nok til å ta risikoen. Men dei dagane er det slutt på. USA fengslar sine politiske opponentar, knuser uavhengige medium og angrip konservative religiøse organisasjonar på måtar som liknar stygt på den tidlegare Sovjetunionens. Eg trur russarane no er i ein sterkare posisjon til å rekruttere spionar frå USAs militær- og etterretningssamfunn på grunn av den sprø «woke-politikken» som rår i USA. Vi har skapt eit kontraetterretningsmareritt for republikken vår, eller det som er att av den.

For det andre er etterretningsanalytikarane no fangar av CIA-operasjonssida av huset. Analytikarar er no plasserte i «Senter» som set dei side om side med operasjonspersonell. Fordi CIA-teama for hemmelege operasjonar er tungt innsette i Ukraina (og deira framtidige forfremjingar heng på suksess i Ukraina) vil ikkje CIAs seniorpersonell, som driv desse sentera, tolerere at ein eller annan ANALytikar (med trykk på ANAL) tilbyr analysar, basert på genuin etterretning, som eksponerer keisaren utan klede. Joe Biden og hans korrupte National Security-team har ikkje lyst til å høyre noko om den ustyrlege korrupsjonen til Volodymry Zelensky og kumpanane hans, eller om utbreiinga til fanatiske nynazistar i Ukraina.

For å seie det enkelt, så er etterretningssamfunnet i USA manisk opptatte av pyritt, og dei insisterer på at det er genuint gull. Eg trur det berre er eit tidsspørsmål før dette korthuset krasjar til marka og jakta på ein syndebukk tek til for å bestemme «kven tapte Ukraina». Éin ting kan du ver viss på: ingen senior-embetsmann vil bli halden til ansvar for dette nederlaget. Nokre karrierejegerar på mellomnivå vil få røff behandling, eller kanskje vil dei skulde det på Donald Trump. Historia har lært oss ein viktig lærdom — ei regjering bygd på eit grunnlag av løgner, vil aldri vare. Sovjetarane og det russiske folket lærte dette på den tunge måten i 1991 [sic]. Eg trur ein liknande dag for å gjere opp rekneskapen vil kome for USA og Europa.

Fritt omsett: Monica Sortland

37 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 37 ganger.

Post Views: 73

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...