Derimot: Krigen på Gaza er et stjerneeksempel. Vesten svekker seg selv overalt i verden med erklæringer uten handling.
derimot.no:
Diplomatiske luftpengar
Innlegget er hentet fra facebook
Av Hans Olav Brendberg
Då ungane var små, hende det seg at dei fekk ros i form av «poeng» for eitt eller anna dei gjorde. Dei var sjølvsagt ikkje med i noko konkurranse, og «poenga» var ikkje noko anna enn ord. Men det kan av og til vera stas at det du presterer er verdt femti eller hundre poeng. Etter kvart som dei vart større, vart desse «poenga» erstatta med den opplagt ironiske storleiken «luftpengar». Dei var på sitt vis ærlegare, og greie nok til sitt bruk.
Ser ein konflikten i Palestina over tid, er det ein ting som er lett synleg. Det politiske spelet har heile tida vore grunnleggjande uærleg, avdi viktige delar av maktspelet har handla om ting som ikkje tolte offentleg debatt. Det galdt frå første stund av. Britane lova meir til sionistane enn dei ville vedkjenna seg offentleg, og dei gjorde det av grunnar dei ikkje ville ha fram i offentleg lys.
For å pynta på dette spelet, har ein frå første stund operert med verdilause forsikringar. I Balfourerklæringa står det at byggjinga av ein «jødisk nasjonalheim» ikkje skal gå ut over dei sivile og religiøse rettane til dei eksisterande ikkje-jødiske samfunna i Palestina. Dei som skreiv dette, visste at prosjektet sjølvsagt ville truga desse rettane. Det heile var eit lag med glasur, for å passivisera ofra for denne politikken. Og slik har ein ved kvar krossveg pynta det internasjonale diplomatiet med forsikringar som kun har vore kamuflasje – verdipapir som aldri kan innøysast i røynleg handling. Etter den etniske reinsinga i 1948 vedtok ein resolusjonar som anerkjente Israel – og pynta på med luftpengar om at flyktningane hadde rett til å venda heim. Og slik har ein halde fram: Røynleg utteljing for Israel, luftpengar til dei palestinske ofra.
Dei siste tre tiåra har det vore internasjonal konsensus om at Palestina skal delast i to statar: Ein jødisk stat – og ein stat for palestinarane på Vestbreidda og på Gaza-stripa. Denne konsensusen kring tostatsløysinga har ingen ting med realitetar å gjera – det er luftpengar som skal dekka over skamma til eit diplomatkorps som er fullstendig klar over kva urett som er gjort mot palestinarane, men som ikkje har tenkt å gjera noko med det. Hadde det internasjonale samfunnet meint at det i røynda fanst noko slikt som «palestinske menneskerettar», ville dei lagt sterkt press på Israel for å hindra vidare utbyggjing av busetjingar på den okkuperte Vestbreidda. Det har sjølvsagt ikkje skjedd – talet på busetjarar er godt over dobla under den falske, internasjonale konsensusen om ei «tostatsløysing». Tostatsløysinga er noko som aldri kjem til å skje.
Lover finst av tre slag: Daude, sovande og levande. Daue lover er lover som har passert datoen der dei kan tenkjast brukt. Det fanst mykjer rart i lovbøkene i Sørstatane etter at borgarrettsrørsla hadde vunne fram – ein god del lover som var daude. Om nokon hadde freista brukt dei, ville saka til slutt vorte avgjort av amerikansk høgsterett, og alle visste kva utfallet ville bli. Lovene vart ståande i lovbøkene som historiske suvernirar, ikkje som levande lov.
Då eg var ung, var blasfemiparagrafen ei sovande lov som var i ferd med å døy. Hedningesamfunnet gjorde nokre fantasirike forsøk på å bli tiltalt for blasfemi – utan at dei greidde å få den rettssaka dei ønskte seg.
Sovande lover er som dei daude – men dei kan tenkast vekt til live i spesielle situasjonar.
Levande lover er lover som blir handheva.
Det hundre års folkerettsutvikling har gjeve palestinarane er ein verdilaus stabel med daud og sovande lov. Ingen palestinske rettar blir handheva. Ideen om at palestinarar på nokon måte har «ukrenkelege menneskerettar» meiner eg er ei heilt teoretisk øving, utan band til nokon form for politisk og sosial realitet. Og etter tretti år med «freds»-svindel byrjar dette å bli veldig synleg.
Problemet til dei vestlege landa er: Vi har investert truverdet vårt, og truverdet til den rettsorden vi ønskjer – med humanitærrett, Genevekonvensjonar og anna – i denne suppa. Og vi risikerer at alt dette blir redusert til luftpengar. Om vi ikkje gjer noko for å krevja respekt for lova, blir lova svekka. Og «respekt» for lova tyder å freista innløysa nokre av luftpengane palestinarane har fått opp gjennom tida, og visa at dette ikkje er verdilaust. Det tyder å leggja press på Israel – og er det motsette av det som skjer no.
Konflikten i Palestina skjer midt i hjarta av geografien til dei tre vestlege religionane. Om vi ikkje insisterer på at gjeldande internasjonal rett blir følgt, står det nokre alternative klare til å overta for den rettsordenen som søkk ned i ryggeslause og apati, døyande lover og verdilause luftpengar.
Mange gjev for tida retorisk støtte til palestinarane – inkludert Jordan, Tyrkia og ei rad andre statar. Men førebels er dette retorikk. Svært få løftar ein finger for palestinarane. Russland distanserer seg frå det israelske barbariet på Gazastripa, men får all den diplomatiske vinsten dei treng i denne situasjonen utan å løfta ein finger. Og difor kjem dei ikkje til å løfta ein finger. Ingen er viljug til å ta nokon kostnad for å hjelpa palestinarane – med eitt unntak.
Den einaste staten i verda som er viljug til å ofra noko for å setja makt bak kravet om grunnleggjande rettar for palestinarane er Iran. Iran kan bruka språket til vestleg folkeretts- og menneskerettstenkjing. Men alle forstår at det ikkje er dette som bind Iran til palestinarane. Det som bind Iran til palestinarane er islamsk solidaritet. Og islamsk solidaritet – og islamske doktrinar om krig, internasjonal rettferd og liknande – vil raskt kunne fylla eit tomrom etter vestleg «menneskerettar» som er reine luftpengar.
Heilt ærleg: Om du stod naken og våpenlaus andsynes folk som freista driva deg og dine bort frå heimstad og heimland: Kven trur du kunne sett hardt mot hardt? Kva ville gjeve deg middel til å møta overmakta: Vestleg garanterte menneskerettar – eller islamsk solidaritet? Eg trur – diverre – at det siste i mindre grad er luftpengar enn dei menneskerettane vestlege land hevdar å arbeida for. Og om vi ikkje gjer noko med dette problemet, vil større og større delar av verda orientera seg i retning ei islamsk rettferd som har store manglar – men som i det minste er meir enn tom retorikk. Det er ikkje ei utvikling vi bør vera glade for, men det er ei utvikling vi vil få om vi ikkje byrjar stilla større krav til oss sjølve.
Men det finst også andre som legg merke til at den vestlege retorikken om «menneskerettar», «krigsbrotsverk» og liknande er ein ganske uthola og vindskeiv konstruksjon. Og i Israel byrjar den jødiske lova – halacha – å fylla ut tomrommet som oppstår etter kvart som vestleg ryggesløyse blir eit etablert faktum. Og den heilage lova, slik ho blir lagt ut i Talmud, i Maimonides si bok om kongar og krigar og i andre viktige kjelder til heilag lov er saka ganske klar: I krig finst ikkje noko slikt som «sivile». Fiendens barn veks opp til å bli fiendar – og det er difor like greitt å drepa dei no som å venta til dei har vorte farlege.
Om vi ønskjer at heilag lov av islamsk og jødisk type skal fylla tomromma vestleg hykleri etterlet seg i internasjonal rett, gjer vestlege regjeringar kloke val akkurat no.
Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst
Forsidebilde. Wikimedia Commons