Derimot: Nyttårshilsen: Vesten, slik vi kjenner den, er ferdig! – Derimot
derimot.no:
Framover! Årsoppsummering og eit blikk framover til 2025
Av Simplicus, 1. januar, 2024
Eit år er over, og eg vil ønske alle eit godt nytt år: skål for 2025! B sa det best: at 2025 såg ein utruleg og stupbratt nedgang for Vesten, ned i tyranni og illiberalisme. Maska er av. «Vesten», slik vi kjende den, er ferdig.
Med den påfallande koordinerte naturen til korleis alle dei Vestlege nasjonane spegla kvarandres angrep på fundamentale fridommar som ytringsfridom, den totale delegetimeringa av demokrati og val, den absolutte forakten og avskyen som våre herskande elitar har vist andsynes mannen i gata, bonden, blåsnippsarbeidaren, lønsslaven – med alle desse tinga, og kor utruleg koordinerte regjeringane i Vesten var, har 2024 lært oss at heile den Vestlege ordenen nødvendigvis må ta ordrar frå ei sentralisert makteining ein eller annan stad. Denne staden kan vere i balromma til Verdsøkonomisk forum (WEF) eller Bilderberg eller kva det måtte vere, men styret frå ovan er no klarare enn nokon gong.
B siterer Mearsheimer: “Men det mest skremmande er samanbrotet til humanitære konsept som «Vesten» ein gong hevda dei akta høgt.Mearsheimer seier det best når han klagar over at Vesten er moralsk bankerott”:
Sidan Vesten liksom er så engasjert i menneskerettar og særleg hindring av folkemord, burde ein ha kunna forvente at land som USA, Storbritannia og Tyskland prompte ville ha stoppa det israelske folkemordet før det fekk utfalde seg.
I staden har styresmaktene i desse tre landa, spesielt USA, støtta Israels ufattelege åtferd i Gaza heile tida. Desse tre landa medverkar de facto til dette folkemordet.
Dessutan har nesten alle menneskerettsforkjemparane i desse tre landa, og i Vesten generelt, vore tause medan Israel utførte sitt folkemord. Hovudstraumsmedia har knapt gjort noko forsøk på å eksponere og utfordre det Israel gjer mot palestinarane. Faktisk har visse hovudmedium standhaftig støtta gjerningane til Israel.
Det stemmer – 2024 var året for usminka folkemord, og dette vart totalt kvitvaska av dei korrumperte, korporative media.
Framfor alt erklærer eg 2024 som det året hovudstraumsmedia døydde. Aldri før har partiskheita, kriminaliteten og den totale fiendskapen deira mot sanninga vore meir openlys, meir flagrant synt fram. Den eine skandalen etter den andre skjemma dei siste få gjenverande restane av truverd – frå å dekke over Bidens tydelege demens, presidensielle inkompetanse og kriminalitet i familien, til å dekke over for Israels folkemord heile året, med «kreative» formaterings- og syntaksknep, samt manglande upartiskheit eller evne til å stille spørsmål ved Statens narrativ. Dei har avslørt seg som ingenting anna enn ein antikvert såpekasse av medvitne løgner og narrativ kontroll. Dette året døydde mainstream-media som institusjon, veldig fortent og på overtid.
Nesten alt av betydning – nyheitsverdige avsløringar eller eksposé – vart først publisert på enten Twitter, Substack eller andre tilfluktsstadar for «medborgar-journalistar». Generelt skrur folk stadig oftare av korporasjonane sine program, enten det gjeld mainstream-media eller Hollywood, eller til og med store sportsprogram – nylege overskrifter fortalde til dømes om at sjåartala til NBA hadde sokke med 50%.
For eit par artiklar sidan la eg fram den idéen at verda no går inn i ein periode med den lovlause sterke mann på grunn av den systematiske nedbrytinga av tidlegare internasjonale institusjonar og fenderverk som har halde ein slags «orden»i verda. No byrjar det bli nesten passé å snakke om illegale beslag av landområde, okkupasjonar osv. to speak of, and actually carry out, illegal seizures of land, occupations, etc. Frå Israels démarche om syrisk territorium, til Tyrkias frekke krav om revansjisme, til Trumps plutselege, og uforklarlege, krav om annektering av Grønland og Canada – det heile blir nesten surrealistisk.
Megaselskap fusjonerer for å bli dominante monopol, berre for å ha ein sjanse mot andre allmektige konsortium. Ti-på-topp-aksjane kontrollerer no nesten 40% av aksjemarknaden:
Makt konsoliderer seg på stadig færre hender, medan verda vaklar på kanten til kaos.
Taibbi kallar det America’s hittil galnaste år, etter Washington Post si årsoppsummering:
WaPo gjenspeglar opninga mi:
Millionar av amerikanarar har slutta å følge med på nyheitene, mange fordi dei er så sikre på at det vil vere dårleg nytt at dei skrur av. Dei går glipp av noko. Det er lett å miste av syne det faktum at det aldri har funnest ei betre tid å leve i. Dei fattigaste amerikanarane har tilgang til betre helsestell enn dei rikaste kongelege hadde for eit hundreår sidan…
Nei, dei går ikkje glipp av noko – og nei, dei skrur ikkje av på grunn av ei absurd frykt for «dårleg nytt» – dei har skrudd dykk av fordi de er kriminelle, skruppellause svindlarar.
Merkeleg nok inkluderer WaPo denne uvanlege innrømminga av Russlands uskuld:
Det er også viktig å innrømme at ein har tatt feil og ta lærdom av det. Redaksjonen antok feilaktig at Russland saboterte gassrøyrleidninga Nord Stream. Det viste seg, slik The Post har skrive om, at det mest sannsynlege scenariet er at ukrainarar, i håp om å gjere Europa mindre avhengig av russisk gass, stod bak angrepet. Det betyr ikkje at Washington bør avspise Kyiv [Kiev], men det er viktig å utfordre allierte så vel som motstandarar når dei tar feil.
Jøss!
Sanninga er: gamle knarkar vil hugse at hendingane no på mange måtar er ein reprise av det turbulente 1970-talet. Sjølv den institusjonelle marsjen framimot anti-demokratiske normer starta med Den trilaterale kommisjonens banebrytande rapporten The Crisis of Democracy i 1975, der den sentrale tesa var:
Rapporten observerte den politiske tilstanden i USA, Europa og Japan, og seier at i USA stammar styringsproblema frå eit «overskot av demokrati» og krev såleis tiltak som kan «gjenopprette prestisjen og autoriteten til sentrale myndigheitsinstitusjonar».
Les det ein gong til: problema i samfunnet vårt stammar frå eit «overskot av demokrati», ifølge elitane som styrer verda vår. Hugs at Trilateral Commission vart grunnlagt av Rockefeller og Zbigniew Brzezinski. Sistnemnde er verd å hugse spesielt på ein dag med global sorg over Jimmy Carters død – Brzezinski var nemleg Carters rådgivar for den nasjonale sikkerheita.
Så vi kan sjå dagens hendingar som informerte av det uvisse 70-talet, med stagflasjonen til 80-talet som sannsynlegvis blir vår eigen direkte parallell – med mindre Trump, mirakuløst, ruskar opp i tinga. Og nett slik globalisme, utskiping og dotcom-bobler midlertidig demma opp for ting for 90-talet, er våre tekno-elitar no på jakt etter ein slags KI-boom som kan gjenopplive liket av økonomiane våre.
Men det er god grunn til å glede seg til framtida i 2025: enden er nær for mange tyranniske, anti-demokratiske atlantistiske regime. Enten det gjeld leiarane sjølve eller dei lovgivande kammersa, er både Canada, Frankrike, Tyskland, Storbritannia og fleire i opprør – og det kan berre vere ein god ting, ettersom bølga av folkerørsler igjen kan gjere rekordstore framsteg. 2025 blir truleg året då opposisjonspartia ikkje lenger berre kan ignorerast eller bli feia under teppet, for AfD, FPO, PVV, NR, Reform UK m.fl. held fram si framrykking trass i alle ulovlege hinder og sabotasje. Vi byrjar allereie sjå domino-brikkene falle i periferien – Georgia, Romania, Sør-Korea, nesten Moldova, etc. Dei standhaftige er dei neste, med Trumps nedmontering av Det demokratiske partiet som første isbrytar.
Hugs at heile systemet heng i ein tynn, oppflisa tråd, og alt som trengst er er eit lite dytt frå Trump til å avvikle den siste leivning av europeisk «integritet» og samtidig oppelde opposisjonen fram mot eit endeleg gjennombrot. Med den europeiske energi-krisa som har nådd eit kritisk punkt no med Ukrainas gass-kanselleringar, Ficos gjengjeld, Trumps truslar om at Europa må kjøpe amerikansk energi, ligg forholda no til rette for å koke over i 2025.
Viktigast av alt vil 2025 bringe oss den mest avgjerande og betydningsfulle kulminasjonen i sagaen om Ukraina-krigen. På den eine eller andre måten vil hendingane dette året avgjere lagnaden til ikkje berre Ukraina, men heile Europa og menneskeslekta som heilskap. Grunnen er at den ukrainske krigen som kjent er ingenting anna enn ein proksy-konflikt for ein større, global metafysisk samanstøyt mellom motstridande trussystem og ideologiske strukturar: sigerherren vil avgjere retninga for heile menneskeslekta for neste hundreår. Men som for så mange storkonfliktar, finst det ein minimal sjanse for at det ikkje vil oppstå nokon «tydeleg» siger av denne konflikten, men i staden noko meir forvirra, ufullstendig og utilfredsstillande, som vil bli dissekert og analysert i fleire tiår framover.
Til sist vil eg dele to nyttårstalar som framhevar splittinga. Først er det Zelensky, som via den siste halvdelen av sitt lange innlegg til å kle det vidkjende sovjetiske fedrelandsmonumentet i flagga til atlantisistiske land.
Ein versjon som er dubba av KI:
Og særs viktig var og ei rekke standardtalar frå alle topp-figurane – Putin, Medvedev, Belousov, m.fl. Men berre éin tale fanga dei reelle spenningane og frykta i denne tida, nemleg den til eks-statsministeren for DPR, Alexander Borodai.
Eg forlet dykk med denne meir balanserte refleksjonen over tingas tilstand. Sjølv om det kan høyrest alvorleg ut, eller til og med truande, er det den einaste vurderinga som tar omsyn til alvoret i farane som ligg framfor oss, og dei lagnadstunge endringane som enno skal kome. Om du berre skal høyre éin tale i dag, la det vere denne:
Med dét sagt, Godt Nytt År til alle. Skål for 2025!
Omsett av Monica Sortland
https://simplicius76.substack.com/p/onward-ho-end-of-year-wrap-up-and
Forsidebilde: iStock