Derimot: Japansk kreftekspert legger ikke fingrene imellom: Det går mot alvorlig krise innen legevitenskapen. – Derimot
derimot.no:
Japanesisk toppekspert på kreft: COVID-sprøytene er «eigentleg mord»
Dr. Masanori Fukushima har bede om at Verdshelseorganisasjonen (WHO) skal sette i verk ei gransking av dei skadelege resultata av COVID-skota.
av Emily Mangiaracina
Japans mest erfarne onkolog kalla nyleg mRNA-skota mot COVID-19 for «vondskapens verk» som i alt vesentleg er «mord».
I eit intervju publisert den 19. april ramsa Dr. Masanori Fukushima, som leia den første kreftpoliklinikken ved Universitetet i Kyoto og lanserte det første kurset i farmakoepidemiologi der, opp ei rekke problem med COVID mRNA-stikka, bevis for det han kalla eit vondsinna «misbruk av vitskapen».
Click here to watch the video (klikk her for å se videoen)
Han peika på at «turbo-kreft», ein type «legane aldri før har sett» som utviklar seg ekstremt raskt og typisk allereie har nådd stadium fire når diagnosen blir stilt, byrja å dukke opp etter at denne sprøyta vart rulla ut. Denne «turbo-kreften» veks fram side om side med overdød (excess mortality) cå grunn av kreft generelt, noko Fukushima meiner ikkje kan forklarast berre med forringa screening-tilbod eller behandling under COVID-utbrotet.
Som eit tragisk døme på livsfaren med COVID-skota, delte onkologen historia til ein 28 år gammal mann som vart funnen død i senga då kona skulle vekke han på morgonen, fem dagar etter at han hadde fått si andre Pfizer-sprøyte.
«Doktoren som gjorde obduksjonen sa at då han prøvde å fjerne hjartet, var det heilt mjukt og hadde gått i oppløysing,» sa Fukushima. «Og eitt tilfelle som dette rekk for å vise kor farleg denne vaksinen kan vere.»
Han påpeikar at alvorleg skade og død har råka folk som har hatt god helse heile livet.
«Det er alvorleg. I alt vesentleg er det – etter mi meining – mord,» sa doktoren.
Han klaga på at media, også avisene, stort sett ikkje har rapportert om desse skadane, og at dei som har stilt spørsmål ved kor trygge COVID-skota er – akkurat som med influensa-skota – har blitt karakterisert som «kjettarar» som er imot vitskapen. Han skildra dei som stenger ute og slår ned desse røystene som langt ifrå vitskapelege, at haldningane og framferda deira liknar meir på «tru, hysteri eller til og med kult-åtferd».
«Eg er no djupt bekymra for ei alvorleg krise i legevitskapen, og dessutan i vitskap generelt og sjølve demokratiet,» sa Fukushima.
Han understreka den kjensgjerninga at land som mest aggressivt pressa fram COVID-skotet, til dømes Israel, fekk dei høgaste ratane for død og infeksjon. Det er vist i studiar som samanlikna land i Midtausten, inkludert Jordan, Syria og Egypt. Israels statsminister Benjamin Netanyahu arrangerte ein spesiell avtale Pfizer om å bruke israelarar som laboratorierotter i eit nasjonalt injeksjonsprogram med Covid-«vaksinen» til Pfizer.dei hadde også dei høgaste døds- og infeksjonsratane. Mindre aggressivt vaksinerte område har sett mindre skade,» sa Fukushima og la til at «Israel var raskt ute med å sette vaksinen på vent».
Det var vidare problem med sjølve teknologien som vart brukt til å levere [piggproteinets] mRNA – dei lipide nanopartiklane som genmaterialet var pakka inn i – som ifølge doktoren resulterte i «effektar utanfor målområdet» («off-target effects») på ulike organ, inkludert eggstokkar, hjernen, lever og beinmarg.
Og det som endå verre er: piggproteina (S-proteina) som mRNA’et produserer har blitt oppdaga i menneskekroppen over eit år etter at COVIDsprøyta vart gitt, fortalde onkologen, noko som indikerer «eit alvorleg problem».
Doktoren kritiserte Verdshelseorganisasjonen (WHO) for at dei forhasta pressa på for COVID-skota utan først å ha gjort skikkelege undersøkingar, og for forsøket deira på å tvinge fram ei ein-storleik-passar-alle-tilnærming i land med svært forskjellige «medisinske tilhøve, vanar og system». Han kalla det absurd.
Han hevda at det er tvingande nødvendig at WHO tar ansvar for skadane etter COVID-skota, som han kallar «eit misbruk, ein feil bruk av vitskapen og ein vondsinna vitskapspraksis, for å vere ærleg og oppriktig».
Fukushima påpeika at WHO er «klar over» skadane frå dei såkalte vaksinane fordi dei i einskilde land kompenserer for skadane, men likevel adresserer dei ikkje dei COVID-skot-induserte dødsfalla og skadane, verken med gransking eller rapportar.
«Førestill deg å finne ektefellen død på morgonen. Det er ingen spøk. Ein vaksine som forårsakar slike utfall, om det så berre var eitt dødsfall, er uakseptabel,» sa Fukushima og la til at i Japan aleine har styresmaktene dokumentert 2134 dødsfall med Covid-skotet som innrapportert årsak, og det er truleg eit lågt estimat.
«Det er titusentals folk som må gå til legen på grunn av vaksine-relaterte problem,» heldt han fram, og ein stor del av dei – 30 prosent – «lir av ME (myalgisk encefalomyelitt) eller kronisk utmattingssyndrom.»
Dette er berre starten, ifølge Fukushima, for ratane av allslags sjukdommar har skote til vers sidan utrullinga av COVID-skota, inkludert «autoimmun-sjukdommardisease, nevrodegenerative sjukdommar, kreft og infeksjonar.»
«Det er som om vi har opna Pandoras boks… Vi blir nøydde til å ta desse skadane på alvor. Alle forsøk på å feie desse skadane bort som om dei ikkje har skjedd, er ærleg talt vondskaps verk. Det er eit døme på kvintessensen av vondsinna vitskapspraksis,» sa Fukushima.
Han oppmoda vitskapelege og helse-institusjonar, leidde av WHO, til å direkte konfrontere desse resultata via forskningsinnsats for å «kaste lys over vitskapen» bak skota.
«Vi bør aldri igjen bruke slike vaksinar,» sa han. Dette er ein skam for menneskeslekta. Det er skandaløst at vi har gjort dette.»
https://www.globalresearch.ca/japan-most-senior-cancer-doctor-covid-shots-murder/5858153
Omsett av Monica Sortland
[Her slår han i bordet med kraftsalvar til representantar frå det japanske helsedepartementet:https://x.com/i/status/1598117989563650050]Les artikkelen direkte på derimot.no