Derimot: Noen kortnyheter siste uke: Sør-Afrika offentliggjør standardkontrakten med Pfizer, 7 millioner flyktninger i Kongo osv.

derimot.no:

Kortnytt veke 44, 2023

Volodymyr Zelensky fortrenger nederlaget 

Ifølge Time magazine, nektar president Volodymir Zelensky å innsjå at motoffensiven hans har slått feil. Kollaboratørane hans vågar ikkje lenger snakke med han om det.

[Magasinet skriv og at landet slit med kampmoralen til soldatane. Såra soldatar gjer mykje for å sleppe å bli sende ut til fronten att. Éin fortalde at han hadde betalt ein lege 1500 dollar for å skrive ut ei falsk sjukemelding til han, https://t.me/rtnews/48360]

Forsøk på anti-semittisk pogrom i Dagestan

Hundretals anti-Israel-demonstrantar storma flyplassen i Makhachkala (i Den føderale republikken Dagestan) medan dei ropte “Allahu Akbar!”. Dei leita etter passasjerar på Red Wings-flighten frå Tel Aviv til Moskva, som nett hadde hatt ei mellomlanding der. 

Rundt 20 personar vart skadde, inkludert ni politimenn. Det tok politiet tre timar å gjenopprette ro og orden. Omlag 60 opprørarar vart arresterte. Guvernør Sergei Melikov sa: «Dei som starta denne aksjonen er openlyst fiendane våre, dei som organiserte desse aksjonane frå ukrainsk territorium.» Lokale NGO’ar var informerte om landinga på førehand. 

I tillegg vart det tend fyr på eit jødisk senter under konstruksjon i Nalchik (Den føderale republikken KabardinoBalkaria). Telegram-kontoen som oppfordra til pogromen har tilknytning til Ukrainas etterretningstenester.

Nesten 7 millionar internt fordrivne i Kongo

Ifølge FNs migrasjonsbyrå er rekordhøge 6,9 millionar menneske i Den demokratiske republikken Kongo no flyktningar i eige land. Dette er difor ei av verdas største humanitære kriser. Konflikten som har rasa i landet i fleire tiår, er hovudårsaka til masseflukten.

Minst 80% av dei fordrivne budde i Kongos austre provinsar Nord-Kivu, Sør-Kivu, Ituri og Tanganyika, der fleire titals væpna grupper har herja under jakta på gull og andre ressursar. Som regionen er rik på.

Sør-Afrika publiserer Pfizer-kontraktar 

Regjeringa i Sør-Afrika har offentleggjort kontrakten dei gjorde med Pfizer. Der står det at kjøparen er innforstått med at vaksinen (mot Covid), inkludert alle komponentar og ingrediensar, blir hasteutvikla på grunn av COVID-19 pandemien. «Kjøparen er også innforstått med at vaksinens langsiktige effektar og verknadsgrad på dette tidspunkt ikkje er kjend, og at det kan vere biverknadar av vaksinen som ein på noverande tidspunkt ikkje veit om.» (“The purchaser acknowledges that the vaccine and the materials associated with the vaccine, as well as their components and ingredients, are rapidly being developed due to the fate of the COVID-19 pandemic and will be subject to further investigation after the vaccine has been delivered to the purchaser under this agreement. The purchaser also acknowledges that the long-term effects and efficacy of the vaccine are not known at this time and that there may be side effects of the vaccine that are not known at this time. In addition, where applicable, the purchaser acknowledges that the product may not be reproduced.”)

Dette er sannsynlegvis ein standard kontrakt, så kontraktane som andre regjeringar har signert med Pfizer har truleg liknande klausular.

(Meir eller mindre vilkårleg) utdrag frå Voltaire, International Newsletter – N°59 – 3 November 2023 

Omsett av Monica Sortland

Forsidebile: Valdhy Mbemba

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...